Jens Erik (35) tok sluttpakke: – Eit forferdeleg år for dei som jobbar i næringa

Bransjeveteran flyttar heim til Noreg etter fleire år i utlandet.

vaaler
Privat

Tusenvis har mista jobben i spelbransjen det siste året. Både store og små utviklarselskap har kjend på tøffe tider.

Unity, 343 Studios, Epic Games, Amazon, CD Projekt RED, Bungie og fleire andre store namn har blitt råka.

Jens Erik Vaaler (35), som har jobba i spelbransjen i nærmare eit tiår, tok nyleg sluttpakke frå eit stort utviklarselskap i England.

Selskapet hans har annonsert kutt i 2023.

Vaaler kan ikkje gå inn på detaljar av omsyn til kontrakten sin, men skal flytte til Noreg saman med kjærasten i januar.

– Det var ein veldig kjekk jobb. Eg likte godt gjengen eg jobba med, og hadde håpa å få vere der lenger enn eg blei, seier han.

– Sjokkerande

Vaaler har jobba som ein såkalla «community manager». Han har hatt oppgåver innan sosiale medium, annonsering av ulike spel og utvidingar, strøyming og å halde dialogen med spelarar.

Han kjenner til fleire som har mista jobben sin i bransjen det siste året.

– 2023 har vore eit fantastisk år for bransjen når det gjeld kvaliteten på spela, men det har vore eit forferdeleg år for dei som jobbar i næringa, seier han.

– Eg trur det var då Epic Games kutta 900 stillingar, ei gruppe menneske på storleik med heile firmaet vårt, at det gjekk inn på oss kor gale det eigentleg er. Det var sjokkerande og fælt å sjå, seier Vaaler.

Det har vore mange teoriar rundt kva som ligg bak dei mange kutta i bransjen i år. Vaaler trur det heng saman med ein altfor stor optimisme i kjølvatnet av pandemien.

Det var enorm interesse for spel då alle sat på heimekontor. Næringa har trudd på ein liknande vekst i tida framover, men veksten kom aldri trass store investeringar.

Konsekvensane er tydelege.

– Ein hadde tru på at oppgangstidene skulle fortsette. Slik blei det ikkje. Måla har vore for høge, og inntektene kom ikkje som dei skulle, seier Vaaler.

– Blitt meir radikal

Han syns det er leit å vere vitne til korleis bransjen har takla krisen.

– Eg har nok blitt meir radikal av å oppleve dette frå innsida. Dei på toppen, som sit med millionløn og behandlar folk som tal, held fram nett som før. Det har vore det kjipaste oppi dette for min del, å sjå korleis det fungerer, meiner han.

Lidenskapen for spel har likevel ikkje tatt skade. Det er i spelbransjen han kjenner seg heime, og det er der han har funne menneska som deler verdiane hans.

– Eg er heldig i at eg har hatt ein jobb med ferdigheiter eg kan overføre til andre bransjar, så eg søker både i spelbransjen og andre felt.

Vaaler har òg hatt nokolunde same rolle hos Funcom i fleire år. Planen er å sjå etter jobbar både i Noreg og nedover Europa.

Han opplever samtidig at det har blitt vanskelegare å jobbe på heimekontor enn under pandemien.

– Det verkar som ein del firma har endra haldning rundt det å jobbe heimanfrå. Dei vil helst ha folk på kontoret, og det reduserer moglegheitene for kven ein kan tilsette. Det er ikkje alle som kan dra opp røtene sine og flytte, seier han.

Mistar kompetanse

Vaaler trur spelbransjen har tapt mykje det siste året.

Færre jobbar betyr fleire om beinet, og Vaaler har inntrykk av at mange har gjort nedbemanning blant dei med lengst erfaring.

– Det er seniorutviklarane som er den største utgiftsposten. Mange selskap har mista talent og institusjonell kunnskap i 2023, meiner han.

Sosiale medium flyt over av diskusjonar rundt situasjonen i spelindustrien. Nyleg delte ei rekkje utviklarar sine erfaringar om å miste jobben på Reddit, der fleire fortel at dei vurderer å finne jobb i andre bransjar.

– Dei på toppen skal spå retningen for marknaden, men dei las teblada feil. Dei som jobbar under må ta straffen. Det er synd at spelbransjen mistar så mykje verdifull kunnskap, avsluttar han.

For ordens skuld: Vaaler frilansa for Gamer.no fram til 2016.

Siste fra forsiden