Sigmund skifta karriere og fann ny lidenskap: – Skikkeleg stas

Den norske spelbransjen har vakse med éin person denne veka; rogalendingen Sigmund Høien.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

For ei knapp veke sidan lanserte Sigmund Høien frå Klepp sitt første spel på Steam.

Notatblokka hans er allereie full med idear til kva neste prosjekt blir. Problemet hans er først og fremst å finne tid til å snike seg opp på den rotete loftstova, der han gøymer seg vekk frå omverda for å drive med spelutvikling.

Gamer.no får ikkje lov til å bli med opp dit for å fotografere. Høien spøker med at det neppe hadde falt i god jord hos hans betre halvdel.

– Det hadde ikkje blitt noko trampeklapp om eg viste fram kontoret for verda, det hadde det ikkje, seier han med ein latter.

Karriere-180

Høien har jobba med produktutvikling og testing hos Laerdal Medical i over 20 år, men sat seg ned på skulebenken igjen i 2020 for å bli realfagslærar.

Speling har alltid vore ein hobby for Høien, og han har leika med tanken om å lage eit eige spel sidan han var ungdom. Den nye karrieren bana veg for eit lite comeback på hobbybasis.

Det var då han tok studieemnet diskret matematikk at han fekk ideen om kva han skulle lage. Pugginga av logiske portar og sanningstabellar i faget var tungvint, og han meinte det måtte vere betre måtar å løyse oppgåvene på.

Høien har jobba hardt dei siste månadane for å gjere spelet klart til Steam Puzzle Fest. Det har blitt ein del lange kveldar. – Dei ville vel kalla det «crunch time» i spelbransjen, seier han.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det blei utgangspunktet for spelet Pure Logic.

Høien understrekar at han lagar spel for ein avgrensa nisje, og sjølv om spelartala ikkje er all verda, har Pure Logic hamna på fjerdeplass under «new and trending» i Steam Puzzle Fest.

– Det er skikkeleg stas, seier han.

– Veldig nerdete

I sine unge dagar dreiv Høien med programmering til Commodore 64.

Det siste tiåret har spelinteressa han kome tilbake for fullt, og under studia ramla han over eit programmeringsbibliotek som gjorde det enkelt å kome i gang med spelprogrammering på nytt.

– Eg har alltid tenkt at eg treng eigne folk for både lyd og grafikk, og store verktøy som Unreal og Unity verkar så veldig kompliserte. Raylib-biblioteket var noko heilt anna.

– Fortnite- og CS:GO-gjengen hiv seg nok ikkje over dette spelet, men eg trur dei i nisjen syns det er kult.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Høien har ingen mål om å tene store summar på spelutviklinga. Det er berre ein hobby. Nokre hundre timar har nok gått med, og fleire blir det, men først og fremst fordi det er kjekt.

– Denne typen spel er veldig nerdete, så eg har ingen intensjon om at dette skal bli nokon kommersiell suksess. Men det er veldig gøy å sjå at tilfeldige folk kjøper spelet og legg igjen positive omtalar på Steam.

Potensial i klasserommet

Målet er at Pure Logic skal vere tilgjengeleg for alle, og at spelaren skal lære litt av å bryne seg på oppgåvene.

Høien har ikkje tenkt til å ta det med inn i sitt eige klasserom, men det er mest for å ikkje blande det profesjonelle med privaten. Han ser gjerne at andre lærarar tar ein kikk.

– Spelet er først og fremst hjernetrim, men det har absolutt ein læreeffekt.

Lanseringa har altså gitt meirsmak for rogalendingen. Førebels har han eit par prototypar på nye spel han jobbar fram, og trur det blir ein god kombinasjon saman med at han nyleg fekk fast jobb på ein vidaregåande skule i Stavanger.

– Eg høyrer rykte om at lærarane har ganske lang ferie. Noko må ein jo fylle dei med.

– Det har vore eit sinnssjukt travelt år for meg, og eg har ikkje fått spele så mykje som vanleg. Prioriteten, med unntak av jobb, har vore å lage eit sjølv.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Den største barrieren har vore det å lage grafikk til spelet, bli god nok i programmering, kome seg gjennom lanseringsprosessen til Steam, ordne til trailerar, logoar og den typen ting, og det har han lært mykje av dei siste to åra.

Terskelen er difor lågare til neste runde.

– Eg kan kome betydeleg kjappare i gang med neste prosjekt. Så dette blir definitivt ikkje det siste spelet eg lagar, seier han.

Siste fra forsiden