Intervju

Nora Helen «Shyfoox» Engelsvold - Roblox

Naboane står og skrik i vindauget når Nora Helen (18) køyrer forbi

Møt 18-åringen som har gjort braksuksess som spelutviklar.

Mikkjell Lønning/Sandnesposten

Denne artikkelen blei først publisert på Sandnesposten.no.

«Wow»

«It's Shyfoox!»

«The owner!»

Chatten bryt ut i kaos i det Nora Helen «Shyfoox» Engelsvold (18) loggar på for å vise journalisten korleis eit av dei mange spela hennar fungerer. Engelsvold er dagleg leiar i spelutviklarselskapet Shyfoox Studios AS, og har drive med utvikling av spel sidan ho var tolv år gammal.

I fjor kjøpte 18-åringen eige hus og tente fleire millionar kroner. Det mest populært spelet hennar, Dragon's Life, har så langt hatt rundt 328 millionar besøk. På eitt tidspunkt var over 15 000 pålogga på same tid.

Tidleg start

Engelsvold lagar spela gjennom spelplattforma Roblox, og spela hennar er blitt enormt populære.

– Eg byrja vel då eg var rundt tolv år, og tente pengar frå eg var 13–14. Mor mi trudde ikkje så veldig på meg i byrjinga. Ho var typen som ikkje ville ha ungar som spelte, så eg fekk berre éin time til dagen. Men det hjelpte ikkje. Ho tok både datamaskinen og nettet frå meg, men då ho såg at eg var veldig kreativ og laga spel, då slutta ho, seier Engelsvold.

DYREELSKAR: Kjærleiken for dyr har vore ei inspirasjonskjelde for spela til Engelsvold. Katten Lukas og hundane Aslan og Oliver er fin vener å ha.
Mikkjell Lønning/Sandnesposten

Den unge utviklaren er generelt veldig glad i å spele, og har ein klar inspirasjon.

– Eg spelte vel Roblox for første gong då eg var elleve, men eg spelte ikkje mykje det første året. Datamaskinen fekk eg ikkje før året etter. Men eg hadde PlayStation 2 før det igjen, og eg elska Spyro.

Spelet om den lilla dragen Spyro blei ei inspirasjonskjelde for megahitten Dragons Life.

– Eg har òg alltid vore veldig glad i dyr. Då eg var rundt seks år tok eg med meg ein katt eg fann ved Rema 1000, og den blei venen min i ti år. Han døydde i 2019, men no har eg fire dyr. Endeleg! Det er vel difor eg lagar dyrespel, for eg elskar verkeleg dyr.

Kreativ oppvekst

18-åringen har funne seg til rette i einebustaden i Asperholen, der ho leiger ut rom til to kompisar. Ho har vakse opp i Sandnes, men har òg budd mange år på Ogna i Hå kommune. Mora hennar er kunstnar, og eigde i ei tid Hiorths pensjonat der ho dreiv eit atelier.

– Eg kjem frå ein veldig kreativ familie. Huset var så fullt av maling at eg knapt hadde plass til maten min på frukostbordet, seier Engelsvold, som er sikker på at det er der kreativiteten hennar stammar frå.

Ho gjer nemleg omtrent alt sjølv. Programmeringa, designet, modelleringa og animeringa skjer på det vesle kontoret hennar i toppetasjen av einebustaden. Førebels har ho berre henta inn litt frilanshjelp ved behov, men ho har tenkt tanken på å tilsetje eigne utviklarar for å utvide selskapet.

ROLLESPEL: Engelsvold demonstrerer eit av spela i Wolves' Life-serien.
Mikkjell Lønning/Sandnesposten

– Nokon eg kjenner driv eit veldig stort spel. Dei starta smått og har etter kvart utvida med veldig mange tilsette. Dei pumpar ut oppdateringar kvar einaste veke, så det er blitt eit ekstremt prosjekt.

Spelet ho viser til, AdoptMe!, sat i april rekord då nesten to millionar spelarar var pålogga på same tid.

– Eg vil kome til det punktet ein dag.

Det har etter kvart blitt eit omfattande utdanningstilbod for spelutviklarar i Noreg, men ho har ikkje tenkt på at det er aktuelt å hente nokon nyutdanna.

– Roblox har eit ganske annleis system, og det kan vere vanskeleg å lære seg. Det er nokon som driv med det i Noreg, men dei held på med sine eigne spel, seier ho.

Koplar folk

Engelsvold lagar spela sine på plattforma Roblox. I løpet av dei siste åra har det blitt eit betre og betre utviklarverktøy, meiner Engelsvold. Ho har vurdert om ho skal byrje å lage spel frå botnen av i andre verktøy, men har førebels lagt dei planane på hylla.

– Roblox har utvikla seg ekstremt dei siste åra. Det kjem nærmare og nærmare ein ekte spelmotor, og dei har gjort veldig mykje det siste året som gjer at eg vil vere på plattforma deira. Det ser ikkje ut som eg går vekk frå Roblox.

LANG CV: Sjølv om Engelsvold berre er 18 år, har ho allereie utvikla seks spel. Det sjuande kjem til vinteren.
Mikkjell Lønning/Sandnesposten

Alle spela som Engelsvold har utvikla er rollespel. Dei hiv deg inn i eit nytt univers der du lagar deg ein avatar, og essensen av spelet er interaksjonen med andre spelarar.

– Spela mine handlar om å lage ein figur og gå ut for å leike med andre. Kanskje får du deg ei lita hole i verda, adopterer ein drageunge eller berre dra ut for å leike som ein drage. Eg syns kanskje dei gamle spela mine er litt keisame, og i dei nye vil eg prøve å utvikle minispel så folk har meir å gjere på, seier ho.

Shyfoox Studios står bak Roblox-spela Wolves' Life, Wolves' Life 2, Wolves' Life 3, Crossed Paws, Dragon's Life, Cat's Life og Wolves' Life New Dawn. Sistnemnde er førebels ikkje ferdig, men har allereie runda 50 millionar besøk. Det nest mest populære etter Dragon's Life, Wolves' Life 3, har over 154 millionar besøk.

Ihuga fans

Interessa for å lage spel starta i nettopp Roblox.

– Det byrja med at eg fann eit spel som berre var eit lite kart. Spelet var nesten tomt, og det var knapt anna enn terreng. Men det hadde eit lite rom der du kunne velje eit lite dyr. Det var ingen animasjonar for det heller, du berre gjekk rundt. Men eg syns det var så kult. Det var dritkult, faktisk!

RØRANDE MØTE: Nora Helen Engelsvold (18) har fått mange fans, og det er det kjekkaste med jobben, syns ho.
Mikkjell Lønning/Sandnesposten

– Eg spurde han som hadde laga spelet om eg kunne bidra med å utvikle eit lite hus, og det blei vegen min inn. Etter kvart trefte eg nokon andre som ville jobbe med dette, medan eigaren forsvann og me tok over. Til slutt likte eg ikkje kva retning spelet tok, så eg starta for meg sjølv.

På vegen har den unge utviklaren fått ein skikkeleg fanskare. Det er det ho set mest pris på med utviklingsprosessen.

– I forgårs fekk eg to fans på døra. Naboane mine. Eg har eit personleg bilskilt som det står «Shyfoox» på, og mora deira seier at dei står og skrik kvar gong eg køyrer forbi. Slike ting er kjempekjekt.

– Eg hugsar òg godt ei jente i New York som verkeleg elskar spela mine. Ho sender meg video nesten kvart år der ho seier kor glad ho er i spela mine.

Engelsvold har kjærast i New York, og spurde mora til den vesle jenta om dei kunne overraske ho då Engelsvold var på besøk hos typen.

Ein koseleg video frå møtet kan du sjå her:

– Til jul fekk eg ein pakke der eg og ho er Photoshoppa inn i ei lita ramme. Det er ganske kult. Så fansa mine er nok det beste med å vere utviklar, seier ho.

Engelsvold har mange følgjarar på sosiale medium, med blant anna ein Discord-server med rundt 30 000 medlem. Ho har faktisk blitt så populær i Roblox-miljøet at utviklaren av Roblox har laga ein eigen miniatyrfigur av både ho og kjærasten. Han lagar òg spel.

– Eg er med i fleire Roblox-bøker, og har eigne leiker. Så var eg på butikken ein dag, og såg eit Roblox-blad. Og der, plutseleg, ser eg mitt eige spel eit par sider inn. På Rema, liksom, seier ho med eit breitt smil.

Gratis, men god butikk

Engelsvold er ikkje redd for å kome med sjølvkritikk, og meiner at fleire av dei eldre spela hennar er direkte dårlege per dagens standard.

– Eg kan omtrent ikkje samanlikne dei. I løpet av det siste året har eg blitt så mykje betre på modellering at spela nesten ikkje ser ut som dei er i Roblox lenger. No held eg på med å utvikle Wolves' Life New Dawn.

Alle spela til Engelsvold er gratis å spele – unntatt det siste. Der må ein førebels betale, men det er berre fordi spelet framleis er i ein testfase. Ho håpar på å lansere spelet til slutten av året.

Inntektene hennar kjem frå mikrotransaksjonar, men ho sel berre kosmetiske gjenstandar som endrar korleis figuren din ser ut.

– Eg vil at det skal vere gratis, både for å få tilgang til spela og for å bli betre, seier ho.

Ho ønskjer ikkje seie akkuratt kor mykje ho tente i fjor, men det skal vere snakk om eit stort beløp.

– Eg tener ganske godt, seier ho.

Norsk spillbransje Roblox

Les også

Siste fra forsiden