Redaksjonssjef for hardware ved Gamer.no, Mikkjell Lønning, meiner Noreg går glipp av mykje ved å ikkje satse meir på spel.
Kommentar
Redaksjonssjef for hardware ved Gamer.no, Mikkjell Lønning, meiner Noreg går glipp av mykje ved å ikkje satse meir på spel. (Foto: Privat, montasje Gamer.no)

Norsk spelbransje

Noreg har alt å tape på å ikkje ta denne moglegheita

Kvifor hoppar me ikkje på denne gullgruva?

Norsk dataspelpolitikk har i ei veldig lang tid vore ein ganske trist affære. Kulturminister Trond Giske avduka vår første stortingsmelding om dataspel med brask og bram i 2008, og heiv nokre øre etter bransjen. I praksis var det meir prat enn handling. Den årlege støtta til utvikling av dataspel gjekk frå sju til ti millionar kroner.

Same år gav kulturministeren i Sør-Korea nesten to milliardar kroner til sin bransje.

Så blei det stilt.

Tildelingane frå Norsk filminstitutt og regionale filmfond har sidan vore ryggrada i den norske spelpolitikken. Først i 2019 fekk me ei ny dataspelmelding, der kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande gjekk stort ut. Ho proklamerte at dette var «nerdanes hemn», og at no skulle det skje mykje, med ei dobling av pengestøtta til dataspel frå 2022 (frå 30 til 60 mill.). 

Det mangla ikkje på initiativ og idear, men regjeringa må losne langt meir på pengepungen for å få noko ut av dette. Den norske spelbransjen er framleis ubetydeleg i storleik på internasjonal skala, noko som er trist med tanke på kor mange potensielle verktøy den norske staten har til å løfte bransjen.

MYKJE PRAT: Dåverande kultur- og likestillingsminiter Trine Skei Grande la fram stortingsmeldinga om dataspel i 2019. Foto: Petter Lønningen / Gamer.no

Årets nytt for norske spel er at NFI får litt meir å gi til dataspel, og at Norsk nettverk for dataspillbedrifter får ein halv million ekstra over statsbudsjettet. Dette skildrar vel litt ambisjonsnivået her i Noreg.

Det er for lågt.

Kvar gong denne debatten blir tatt opp, viser me til suksesshistoriene i Sverige og Finland – og til dels Danmark. I Sverige var det per 2019 nesten 10 000 som jobba i spelbransjen. Dei kan vise til ei lang rekkje med hits, med spelgigantar som DICE, Mojang, King, Embracer Group, Paradox Interactive, Avalanche Studios, Starbreeze og så vidare. I år har til dømes det vesle indieselskapet Iron Gate AB gjort det skarpt med overlevingsspelet Valheim.

Poenget i å vise til slike døme er at nabolanda våre er naturlege samanlikningar. Me har nett dei same føresetnadane for å byggje liknande bransjeeventyr – faktisk betre. Store delar av norsk industri er bygd på statleg initiativ, med statlege støtteordningar. Det er for så vidt spelbransjen òg, men her har det mangla på ambisjonsnivået.

Me må opne lommeboka.

Private investorar i Noreg veit generelt lite om spelbransjen, og statleg støtte har blitt ei krykke for mange av dei mellomstore utviklarane her i landet. Problemet er at denne krykka er skjør. Litt av poenget med desse støtteordningane må vere at dei kan skape nok vekst til at utviklarane ikkje treng dei lenger, men no er ordningane for små til å lokke inn noko særleg meir interesse for spelutvikling, og rein pengestøtte er heller ikkje nok til å bygge ein bransje.

Det handlar heller ikkje berre om pengar.

Men tilbake til det litt seinare. Først er det nødvendig å forklare kvifor me må satse langt, langt meir på spelbransjen.

Finn synergiane

Eg har høyrt fleire i bransjen omtale spelindustrien som eit potensielt nytt oljeeventyr. Det er kanskje litt naivt og optimistisk, men det er ingen tvil om at det ligg uante moglegheiter i norsk spelutvikling. Det handlar heller ikkje berre om pengar.

For å skildre dette kan me sjå på ein bransje som tilsynelatande har absolutt ingenting med spel å gjere, men som likevel har ein del fellestrekk, nemleg landbruket.

Først må me difor ha litt historie.

Norsk landbruk fekk seg ein skikkeleg smell etter at styrken i det såkalla «jerntriangelet» mellom landbrukskomiteen på Stortinget, Landbruksdepartementet og interesseorganisasjonar som Bondelaget og Småbrukarlaget blei redusert. Desse aktørane hadde i praksis monopol på norsk landbrukspolitikk før 70- og 80-talet. Etter kvart blei denne kraftige segmenteringa av den norske staten svekt, og landbruket måtte finne nye måtar å styrke seg.

Ei løysing blei såkalla politisk allmenngjering. I staden for å berre tale eigen sak for sine eigne, blei landbruket kopla opp som ein viktig faktor i ei rekkje ulike samfunnsområde. Dei henta inn midlar ved å appellere til allmenne interesser. Representantar frå landbruket endra korleis dei argumenterte i landbruksoppgjera, og viste blant anna til at:

  • Landbruket held distrikts-Noreg i live
  • Landbruket bidrar til å halde kulturlandskap i hevd, og kan redusere klimautslepp ved rett bruk av jorda
  • Landbruket bidrar til mattryggleik
  • Landbruket bidrar med ei lang rekkje kulturelle verdiar, som igjen er viktig i reiselivet. Lokalmat og lokale mattradisjonar er gode døme.

Fleire andre sektorar i norsk politikk har gjennomgått liknande prosessar, og har nytta seg av det som statsvitar Hilmar Rommetvedt kallar «allmenngjeringsstrategiar». Nett slik som landbruket.

No er det på tide at spelindustrien styrkar eigen bruk av slike strategiar. Det er ingen tvil om at stortingsmeldinga «Spillerom» ber preg av dette, men ikkje på langt nær i stor nok skala.

DRAUGEN: 2019-spelet Draugen viste korleis norske utviklarar kan bruke skandinaviske forteljartradisjonar til å byggje interessante spelkonsept. Foto: Red Thread Games

Sikt høgare

Enkelt og greitt handlar dette om å sjå norske dataspel i ein større heilskap. Dataspel er nemleg veldig mange ting på ein gong, for det er kulturarv, arbeidsplassar, sport, kjelde til teknologisk nyvinning, fritidsaktivitetar, pedagogiske verktøy, viktig reklame for stadsbygging og turisme, sosiale møtestadar og mykje, mykje meir. Det er berre fantasien som set grenser for kva ein kan kople spel med, og det gjeld like mykje for alt av underkulturar som oppstår knytt til dataspel.

Dette er måten ein skapar politisk interesse på. Det vil igjen kunne starte offentlege diskusjonar og merksemd rundt spel blant private investorar.

STAVANGER: Noreg i Assassin's Creed Valhalla. Foto: Espen Jansen/Gamer.no

Arbeidsplassar og merkevarebygging er kanskje det som er aller mest viktig for spelbransjen – i alle fall viss me skal tenke strategisk. Det er ingen tvil om at Noreg har dei rette verktøya for å byggje ein industri som er nett like stor som den i Sverige. No handlar det berre om å bruke dei verktøya.

Når det kjem til merkevarebygging gjennom spel, så vil det vere veldig enkelt å profilere Noreg yttarleggare ved hjelp av spelbransjen.  – som til dømes God of War, Assassins Creed Valhalla og Skyrim har vist – og bidrar til kroner i kassa for det norske reiselivet. «Draugen» er nok det mest suksessrike norske forsøket på noko slikt så langt.

Potensialet er skyhøgt. Me treng ikkje sjå lenger enn til Polen for å sjå kor utruleg mykje merkevarebygging gjennom spel kan bety. The Witcher har blitt ein gigantisk eksportmerkevare for landet, og folk veit at det kjem frå Polen.

Dessverre er det ein del skjær i sjøen før ein kan snakke om slike effektar.

Høg terskel

Den norske spelbransjen er prega av lange arbeidsdagar og låg løn. Nokre private initiativ slik som Hamar Game Collective hjelper på, men det er ikkje til å kome unna at terskelen er skyhøg for å kome inn i norsk spelbransje.

Skal du utdanne deg som spelutviklar er du avhengig av ha ein brennande lidenskap for speling. I stillingsannonsane i selskap som Funcom heiter det ofte at utviklarar må ha fem til ti år med erfaring frå bransjen, og med tanke på kor få utviklarselskap det er her i landet, er ikkje det enkelt.

Konkurransen om arbeidsplassane er knallhard.

Sannsynlegvis må du starte for deg sjølv, men om du først finn deg jobb, så veit me at ein nyutdanna datateknologistudent enkelt kan få langt meir betalt i andre næringar.

Det hjelper heller ikkje at utdanningstilbodet i Noreg er så spinkelt. I dag er det veldig mange som går gjennom utdanningsløp innan spelutvikling, men utdanningane er først og fremst generelle. Spelselskapa treng meir spesialisert kunnskap enn det ein kan få i dag.

No er det behov for både meir praktisk retta utdanningar med gode løysingar for praksisplassar, saman med meir spesialisert utdanning på høgare nivå. Då kan me sikre meir ferskt blod til bransjen, samstundes som me gir nye utviklarar dei kontaktnetta dei treng for å finne jobb.

MERKEVAREBYGGING: Folk veit at The Witcher kjem frå Polen. Me treng å legge til rette for å byggje slike utviklarselskap sjølv, og slik bidra til merkevarebygging av landet vårt.  Foto: CD Project Red

Det største problemet er likevel betre tilgang på arbeidsplassar. No er det rundt 300 personar som jobbar med spel på fulltid i Noreg, og det talet kunne fint vore på linje med Sverige sitt med dei rette prioriteringane.

Dessverre endar det med at ein del av dei mest erfarne utviklarane finn vegen til andre bransjar etter kvart som dei blir lei, for dei veit at løna er mykje betre.

Dette er openbert ikkje noko ein kan fikse over natta. Men som nemnd har me ei omfattande verktøykasse for å byggje nye næringar her i Noreg, og då treng me politisk vilje til å bruke desse.

Tidkrevjande og dyrt

Det er ikkje enkelt å starte eit industrieventyr. Spel er først og fremst kultur, men det er ingen grunn til at me ikkje skal kunne tene langt meir pengar på det enn kva me gjer no.

Spelutvikling er ekstremt tidkrevjande og dyrt, og difor er det naturleg at ein liten bransje som den i Noreg produserer mest indiespel. Dei treng difor eit finansielt spark i baken for å sikte høgare. No er kanskje det beste me kan gjere å hjelpe dei mellomstore selskapa til å vekse – og då treng me betydeleg meir midlar enn det som blir gitt i dag.

ANERKJEND: I vår tok Hyper Games med seg prisen for årets beste spel i Norden for Mørkredd. Det viser at Noreg har kompetansen til å løfte spel, me treng berre litt politisk handlekraft.

Dagens støtteordningar er framleis altfor små til at bedrifter skal kunne konkurrere internasjonalt. Kvar krone me investerer no vil før eller seinare kome tilbake til det offentlege i skatteinntekter, og noko slikt som ei dobling av støtta kvart tredje år framover vil gi selskapa rom for å vekse, og igjen bidra til at fleire nye kjem til etter kvart.

Nokre måtar å sikre vekst på kan (saman med punkta over) vere:

  • Gi unntak frå meirverdiavgift for spelutviklarar i startfasen
  • Gi skattelette til ferske utviklarar
  • Skil ut eit eige dataspelorgan frå Norsk filminstitutt. Det er godt på overtid
  • Få private investorar med på spleiselag gjennom bruk av presåkornfond. Då kan ein organisasjon som Noneda vere eit aktuelt mellomledd
  • Auk støtta til bransjeordningane slik at dei kan jobbe vidare med å skape medvit om behova til norske spelutviklarar både blant investorar og politikarar
  • Opprett ei eiga støtteordning for marknadsføring av spel som har internasjonalt potensial
  • Finansier oppstart av fleire lokale spelkollektiv og auk støtta til bransjenettverk

Desse punkta handlar om å gi spelbransjen bein å stå på, og kan bli avvikla over tid. I det store treng dei ikkje koste veldig mange pengar for den norske staten, samstundes som det er politikk som er lett å svelge på tvers av høgre-venstre-aksen blant partia. 

Det overordna målet må vere å skape ein spelbransje som er attraktiv å investere i for både norske og utanlandske investorar, noko som vanskeleg kjem av seg sjølv.

Eg trur mange investorar framleis er skeptiske til dataspelselskap på grunn av Funcom sin noko turbulente historie. No er jo dei kjøpt opp og tatt av børsen, men fordomane sit gjerne litt i. Norske investorar veit altfor lite om spelbransjen generelt, og Funcom-situasjonen har neppe vore heldig for den utviklinga. 

Norrøn mytologi/folklore og norske landskap gjer seg særs godt som utgangspunktet for spel. Foto: Sony Interactive Entertainment

Konklusjon

Det skjer mykje spanande i norsk spelindustri for tida. Bransjen har mange interne aktørar som står på for å løfte norske spel, men den politiske interessa er framleis altfor låg. Politikken er prega av mange fine ord og løfter, og elles lite handling. 

Skal me få fleire til å sjå verdien av norske spel må me ta nokre lærdomar frå korleis landbruket løfta seg opp i si tid. Me treng allmenngjeringsstrategiane. Då handlar det om å vise fleire kor mange naturlege synergiar det finst mellom spel og andre næringar.

Til dømes syns eg det er heilt sprøtt at ikkje Næringsdepartementet har meir med spelutvikling å gjere, for det er ei potensiell gullgruve for norsk arbeidsliv.

Tankane eg legg fram i denne kommentaren er neppe framande for spelutviklarar. Den norske bransjen er flinke til å formidle kva dei syns. Men her er det politikarane som må gjere jobben. Utviklarane treng nokre fleire lagkameratar enn dei få som går ut med utsegn i media i ny og ne.

Noreg har ein mykje sterkare tradisjon for å løfte fram bransjar på offentlege pengar enn det naboane våre har. Fleire av dei store industrieventyra våre skjedde i stor grad på grunn av at private aktørar blei løfta fram av staten, og den politiske vilja er heilt sikkert der om me berre får starta diskusjonen.

Kunne det ikkje vore ein tanke å sparka i gang eit slikt eventyr til?

The Witcher 3: Wild Hunt - Game of the Year Edition

Windows
Slippdato: 30. august 2016
Sjanger: Rollespill
Utvikler: CD Projekt RED
Utgiver: CD Projekt RED

Kommentarer (18)

Forsiden akkurat nå

Til toppen