Anmeldelse

Enclave

Enclave var eit av dei spela til Xbox som det var høge forhåpningar til, men som ikkje heilt leverte det vi var lova. Grafikken var nydeleg, men vanskelegheitsgrada var i meste laget for mange.

Side 1
Side 2
Side 3

Pompøs musikk og festlege detaljar
Skodespelarane er riktignok ikkje av ypperste klasse, men alt dette blir godteke så snart du får høyre ein goblin snakke på morsmålet sitt, svensk. Sidan Starbreeze er frå Sverige, er det ekstra moro at dei har lagt til litt krydder for oss som forstår dette språket. Å høyre på ein goblin som prøvar å bestikke deg for å kome ut av eit bur er ei latterkule som dei fleste burde få med seg. Snakkinga ellers består for det meste av orcar som gryntar, og soldatar som fortel deg at det er på tide å dø. Ikkje så veldig avansert at det gjer noko, men så er det vel ikkje så mange som spelar dette spelet for å høyre ein soldats meiningar om liv og død. Unntaket er sjølvsagt ein liten goblin frå sverige.

Over alt dette blir eit pompøst og heftig orkester sluppe laust. Musikken er uforskamma uoriginal, og lånar kanskje litt for mykje frå lydsporet til The Rock, men det er vanskeleg å bry seg når det klinger så bra som dette. Det er den type musikk som set deg i rett humør umiddelbart, og det burde ikkje overraske deg om den set seg fast i hovudet ditt på dei merkelegaste tidspunkt. Musikken er intens, og pompøse melodiar øsar over deg i like høgt tempo som du svingar våpenet ditt. Musikken kunne med fordel ha vore meir variert, sidan det er ganske få musikalske nummer spelet har å by på.

Konklusjon
Enclave er kanskje ikkje eit originalt spel, men når det er så gjennomført som dette, så er slike detaljar uviktige. Hovudpoenget er at det skal underhalde, og det ser unekteleg veldig bra ut. Eit par stygge element, som blod og plask i vatnet trekk ned, men desse er ikkje så dominerande i det heilheitlege biletet at det blir eit problem. Det som først og fremst tar frå Enclave ein plass på spel-trona er variasjonen. Alle brett du kjem til går ut på det same, drepe fiendar frå start til slutt. Om vi hadde fått litt fleire strategiske element å bryne oss på, så hadde nok den generelle levetida vore utvida. Når det er sagt så gjer Enclave jobben sin veldig bra. Det byr på action i pose og sekk, og dei tre vanskelegheitsgradene er med på å forlenge levetida. Eit mål for å ta opp spelet igjen kan og vere å få tak i alt gullet, slik at du får råd til å kjøpe alt utstyret du skulle ha behov for.

Mange spel baserar seg på avanserte kampsystem som skal gi deg eit stort utval av moglegheiter, fella dei går i er at det kanskje blir litt for avansert, og spelegleda forsvinn. For mange er dette som å kome til himmelen, men for folk som vil kunne spele litt no og då, utan å måtte setje seg inn i uttalige detaljar, så blir det kanskje litt i meste laget. Det er då spel som Enclave blir det perfekte alternativet, det er så enkelt å handetere at alt du tidlegare har prøvd verkar innvikla. Er du på jakt etter litt moro, og kanskje litt gladvald, så kan du ikkje finne eit betre alternativ akkurat no. No ventar vi berre i spaning på Enclave II.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden