Anmeldelse

Enclave

Enclave var eit av dei spela til Xbox som det var høge forhåpningar til, men som ikkje heilt leverte det vi var lova. Grafikken var nydeleg, men vanskelegheitsgrada var i meste laget for mange.

Side 1
Side 2
Side 3

Mange våpen, men lite variasjon
Enclave inneheld godt over 20 hektiske brett å bryne seg på, i tillegg til desse kan du finne skjulte brett, som eigentleg berre er laga for moroskuld. Desse får du tak i ved å finne kart som kan ligge på dei forskjellige banene. Desse bonusbretta går i hovudsak ut på å drepe alt du ser, slik er spelet ellers og, men her får du poeng for alt du tek livet av, og belønninga er gull i store summar. Det mest underhaldane er kanskje likevel når ein stor ogre vil rasere ein by, og tar kun med seg ein medhjelpar, deg. I dette scenarioet blir du presentert for ein by, der du ved hjelp av ein ballista skal skyte ned alle som er så dumme at dei viser seg. For alle som har spelt lyspistolspel der du skal skyte folk som dukkar opp i vindauge og bak bygningar, så burde det vere enkelt å skjøne korleis dette fungerar.

Etter kvart som du kjem deg vidare i spelet får du tilgang til nye kampkjemper. Desse er alt frå standard krigarar med øks og sverd, til bogeskytarar og magikarar. Til saman kan du finne seks forskjellige karakterar til kvar side av lyset. Dessverre er forskjellane på dei lyse og dei mørke krigarane så og seie kun estetiske. I realiteten er det praktisk talt same karakterklasse med forskjellige modellar. Forskjellane på karakterklassane ellers er også ganske minimal. Når det er seks klassar på kvar side, hadde det vore fint om i alle fall ferre enn tre av dei hadde så og seie same oppgåve. Du vil nok uansett raskt finne dine favorittar, og sjansen er stor for at det blir ein bogeskytar og ein av nærkampskjempene. Magikarane er også nyttige på sine punkt, men dei er veldig svake inntil du har samla nok pengar til å kjøpe betre utstyr.

Om du vil kome nokon veg i det heile tatt må du ha utstyr, og for å få tak i utstyr må du ha ein god økonomi. Pengar er lett å få tak i, og det ligg ganske mange skjulte sekkar med gull og ventar på deg om du leitar godt nok. I tillegg blir du belønna med ein gitt sum etter kvart brett du klarerar. Utstyret du kjøper er det som gjer karakteren din betre, for det er ingen form for erfaringspoeng å få tak i. Lista over ting du kan kjøpe blir lengre etter kvart som historia utfaldar seg, og etter kvart vil du finne ganske mange tøffe våpen her. I hovudsak har du tre typar nærkampsvåpen; sverd, øks og klubbe. I tillegg til desse kan du kjøpe bogar og armbrøst, bogane er reservert for bogeskytarane, men armbrøsta kan alle utanom magikarane bruke. Ellers så har magikarane eit variert sortiment med stavar som alle har forskjellige eigenskapar, nokre skyt ildkuler, medan andre kan mane fram steinmonster til å kjempe for deg.

Flott grafikk
Grafikken i Enclave var imponerande då spelet landa på Xbox for eit år sidan, og den har ikkje mista noko av glansen i overføringa til PC. Faktisk ser det enda betre ut, teksturane er skarpare, og spelet flyt mykje betre. Starbreeze har også lagt inn bevegelse i vatnet, noko som ikkje eksisterte før. Sjølv om det såg flott ut før, var vatnet sterilt og kjedeleg, det kom ingen plask eller vannringar når du bevega deg i det. Dette er forandra på, men dessverre ser det ut som hastverksarbeid. Det ser meir truverdig ut, men dei såkalla bevegelsane ser påklistra og teikna ut. Det same kan eigentleg seiast om blodspruten som kjem no og då. Den same teikna stilen gjeld for dei, og øydelegg heileheita i eit ellers vakkert spel. Når vi først er inne på blod, Enclave er eit valdeleg spel, noko anna kan ein ikkje forvente når heile poenget er å hogge ned alt som bevegar seg, men alt som tyder på at nokon tek skade er tall som dukkar opp over dei, og denne stygge blodspruten som dukkar opp inni mellom. Det er også litt synd at lika du etterlater deg forsvinn etter ganske kort tid.

Når det er sagt så er det visuelle så og seie upåklageleg, kanskje med unntak av dei stygge fjella i horisonten. Dei er lyse i farge og kantane er firkanta og unaturlege. Noko som ikkje er unaturleg derimot, er designen. Det ser ut som om det er hit mesteparten av arbeidet har gått. Dei store borgene du besøker er varierte og nydeleg forma. Det blir aldri einsformig, sidan variasjonen i tema er stor, og det alltid er noko å feste blikket på. Om du ser etter vil du finne at ingenting er gløymt. Nokre av våpena har runer inngravert, og der er ingen store flater utan ein eller anna form for kreativitet putta inn. Det er tydeleg at dei som laga dette spelet hadde det svært moro med designprosessen. Auget for detaljar som Starbreeze har, blir ekstra tydeleg om du brukar sniper-bogen og studerar detaljane på nært hald. Ein morsom detalj som dukkar opp då, er at ein undertekst viser kva du vil treffe om du fyrer av ei pil. Den fortel deg om det er naken hud eller ikkje, og i så fall kva som dekker over, klede eller rustning. Fyrer du så av ein pil, vil du kunne sjå at denne står fast i offeret. Ein fin detalj, men like morosamt er det ikkje at koggeret ditt til ei kvar tid er tomt for piler, sjølv om du har kjøpt 400 piler før du sette i gang.

Fysikken er også på høgt nivå. Visse stadar på bretta får du vere vitne til eksplosjonar. I alt for mange spel tidlegare har tyngdelova vore sterkt undervurdert. Ting som burde vege fleire hundre kilo ser ut som om dei har vektnivå som ei fjær. Ikkje i Enclave, om noko er tungt, så er det tungt, og det at tunge steinar ligg i ro når dei treff bakken er flott, i motsetning til at dei trillar rundt som ein ball. Om du kjem i nærheita av steinar som flyg rundt deg bør du vere påpasseleg med å halde deg på trygg avstand, sidan desse kan vere veldig farlege. Eit problem som var ganske framtreiande i Xbox-versjonen var at om du så vidt kom borti ein stein før den låg heilt i ro, så døde du momentant. Denne feilen er heldigvis ordna opp i, men det betyr ikkje at det er smart å leike i eit steinras.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden