FreeSync kjem til Nvidia-skjermkort

Endeleg får dei med Nvidia-skjermkort lov til å bruke FreeSync

Nvidia går vekk frå kritikkverdig forretningspraksis.

AMD

Nvidia har lenge fått kritikk for å ty til ufine taktikkar ovanfor konkurrentane. Selskapets skjermkort har berre vore kompatible med Nvidias eigne G-Sync-teknologi, som synkroniserer oppdateringsfarten på skjermen med biletefrekvensen din i spel. Dette gir eit jamnare bilete og hindrar «tearing» på skjermen.

Dette kan hjelpe både dei med svake og kraftige datamaskinar, då det skalerer frå lågt til høgt når det kjem til biletefrekvens. Problemet med G-Sync er at det berre kjem på visse skjermar, og desse gjerne er langt dyrare enn andre med liknande teknologi – som til dømes skjermar med AMDs FreeSync.

FreeSync har fram til no ikkje fungert med skjermkort frå Nvidia. Dette har ført til ein enorm etterspurnad blant forbrukarane om å fjerne denne avgrensinga, og no har endeleg Nvidia gjort nettopp dette.

Tolv skjermar får støtte i første omgang

Sist i august høyrte me om at ein reddit-brukar fekk til å fjerne denne låsen, og drog nytte av FreeSync-teknologien med eit GTX 1060-kort ved hjelp av ein AMD-prosessor. Om dette er grunnen til at Nvidia har snudd på hælen veit me ikkje, men no har dei i alle fall lagt fram ei liste med tolv FreeSync-skjermar som Pascal- og Turing-skjermkort kan få full nytte ut av.

Nvidia

Nvidia kallar desse skjermane «G-Sync-kompatible», som er skjermar som har gått gjennom ein testprosess hos Nvidia. Denne relativt tynne lista skal utvidast etter kvart, men Nvidia seier ikkje noko om tidsramma. Dersom du ikkje finn FreeSync-skjermen din på biletet til høgre er det i så fall greitt å smøre seg litt med tolmod før ein går til butikken for å handle.

Nvidias kontrollpanel skal òg oppdaterast med ei innstilling der ein kan prøve om dette fungerer på eigen skjerm, men selskapet seier at det er ingen garanti for at det vil funke så lenge ein ikkje har ein «G-Sync-kompatibel» skjerm. Neste oppdatering frå Nvidia kjem 15. januar, så det er berre å krysse fingrane for at ein heldig med skjermvalet fram til då.

Kjem med ny type G-Sync-skjermar

I same slengen som dei slapp ei handfull FreeSync-skjermar inn i varmen, har Nvidia gitt nytt namn til G-Sync HDR («High Dynamic Range»)-skjermane sine: G-Sync Ultimate. Det er få av desse på marknaden enno, men mange produsentar har gitt lyd om at dei vil satse på større og betre skjermar framover.

Spesielt BFGD-skjermar har fått mykje merksemd på årets CES (gamingskjerm i storformat), som lovar å by på den ultimate spelopplevinga. Her kan ein få leike seg med 4K-skjermar med HDR-støtte og høg oppdateringsfart med skjermstorleik på 65 tommar. HP slapp søndag nyheita om at dei vil tilby ein slik, og prisen her på berget vil nok ligge godt over 50 000.Det same gjorde ASUS, som kjem med ein 49-tommar med liknande spesifikasjonar.

Les også: Nvidia lanserer eigen BFGD-skjerm »

Siste fra forsiden