Enorm oppgang – Nvidia sette historisk vekstrekord

KI-satsinga til Nvidia sender selskapet til himmels.

Nvidia-sjefen Jensen Huang kan smile heile vegen til banken.
Nvidia

Nvidia si satsing på KI har skapt mykje merksemd dei siste åra. Selskapet har nesten firedobla seg i verdi på eitt år.

Gaming er framleis med på å drive veksten til selskapet, men står no berre for rundt ein sjettedel av omsetninga deira.

Onsdag la Nvidia fram kvartalstala sine, som sende aksjen opp 16 prosent dagen etter.

– Nvidia har no blitt det nye Tesla, meinte Finansavisens kommentator Karl Johan Molnes.

Noreg gnir seg i hendene

Me nordmenn er ein av dei som tener mest på veksten til Nvidia. Oljefondet eigde i utgangen av 2023 1,17 prosent av Nvidia.

NRK skriv at eigarposisjonen var verd om lag 14,5 milliardar dollar då. Fredag, under to månadar seinare, hadde verdien auka til 22,6 milliardar dollar.

I skrivande stund har aksjen falt noko frå toppnoteringa på 819 dollar, ned til 788 dollar.

Nvidia-sjef Jensen Huang har sagt at han har tru på vidare vekst. Det er generativ KI og datasentersatsinga som driv veksten deira.

Rekordvekst

Torsdag gjekk Nvidia-aksjen altså opp 16,4 prosent. Det svarar til ein vekst på 272 milliardar dollar, og er den største marknadsverdiveksten på éin dag for eit selskap nokosinne.

Meta er det einaste andre selskapet som har vakse med over 200 milliardar dollar på éin dag, skriv Wall Street Journal.

Veksten gjer Nvidia til det 4. mest verdfulle selskapet i verda. Dei tok nett igjen Amazon.

Saudi Aramco, Apple og Microsoft er dei einaste som er større.

Boble?

Det store spørsmålet er sjølvsagt om KI er i ei boble, og kor langt unna ein eventuelt er frå at ho sprekk.

Investeringsdirektør Robert Næss i Nordea seier til NRK at det neppe er tilfelle.

– Det som er spesielt no, er at pengane renn inn. Dei store selskapa investerer massivt, men så er dei aller fleste selskap framleis avventande, så der kan ting skje. Eg trur dette definitivt ikkje er ei boble, eg trur dette er første steg av framtida, seier Næss til avisa.

Siste fra forsiden