Guide

Elden Ring – våpen

Er dette det mest «OP» våpenet i heile Elden Ring?

Slik gjer du spelet enkelt.

Det har gått litt over ei veke sidan FromSoftware drog sløret av sitt nye actioneventyr Elden Ring. Framleis er det nærmare ein million som speler til ei kvar tid på Steam, og det er relativt få som har kome gjennom heile spelet enno.

Timinga er difor framleis god for å kome med nokre nyttige tips, slik me gjorde for nybyrjarar på tysdag. Denne gongen har me prøvd å finne ut kva som er det aller, aller beste våpenet i heile spelet.

Våpenet me har valt ut blir tilgjengeleg ei stykke inn, men om du har litt erfaring med serien, kan du fint lage ein figur til å bruke det på eit par timar.

Enormt skadepotensial

Sverdet Sword of Night and Flame har to latterleg kraftige ferdigheiter, der det eine er så bra at du kan vinne fleire av dei tidlege sjefskampane med to eller tre slag. Det held seg òg svært godt mot slutten av spelet når du får oppgradert det fullt ut.

L2 + R1 slepp laus ein heftig laserstråle (eit spell som heiter Night Comet), og som gjer nærmare dobbelt så mykje skade på fiendar om du står nærme. Om utviklaren meiner at det skal vere så kraftig er uvisst, men du kan bruke det svært ofte, både i sjefskampar og mot vanlege fiendar. Det skal ikkje mykje til for å gå gjennom eit heilt brett utan at figuren din tar skade i det heile, for mange stadar drep du absolutt alt med éin laser.

Med nokre kjappe oppgraderingar kan du ta opptil 2400 i skade på fiendar viss du står heilt inntil dei, og det gjer ofte rundt halvparten av det på lang rekkjevidd. Du kan til dømes ta turen til Caelid på nivå 40 og drepe dei gigantiske hundemonstera på eitt skott.

Ferdigheita går òg gjennom fiendar, så viss du snik deg inntil nokon og stiller deg slik at dei er på rekkje, kan du drepe mange på ein gong.

Slik finn du det

Sword of Night and Flame finn du i ei kiste, og du treng ikkje kjempe mot nokon for å få tak i det. Du må kome deg heilt til Caria Manor i Liurnia of the Lakes, som betyr at du må ha kjempa deg gjennom Stormveil Castle i Limgrave eller ha tatt vegen rundt på austsida av slottet.

Dra hit.
Så til Manor Lower Level, og ut døra.
Hopp ned til venstre her, over på neste plattform og ned stigen.
Les også
Anmeldelse: Elden Ring

Følg vestkanten av innsjøen i Liurnia of the Lakes mot nord så langt du klarar, så kjem du til slutt fram til Caria Manor. Der spring du rett fram langs vegen, forbi alt av fiendar, inn i ei slags kyrkje, og opp til eit Site of Grace som heiter Manor Lower Level. Gå ut døra, over muren, og ta til venstre ved første moglegheit. Rundt hjørnet, så hopp ned på ein ny plattform til venstre. Hopp på neste, ned trappa, og ta kista.

Dette treng du

Sverdet krev at du har 24 Intelligence, 24 Faith, 12 Dexterity og 12 Strength. Det enklaste er å starte med Astrologer-klassen viss ein skal ha ein ny figur, og sanke inn runer for å kome deg opp i level 35–40. Med talismanen Radagon’s Scarseal (Weeping Evergaol) kjem du unna med krava endå tidlegare.

Så er det berre å fyre på. Våpenet blir naturlegvis meir effektivt etter kvart som du oppgraderer det, og på +10 har det til og med B-skalering på Intelligence. Sjølve sverdet er ikkje det som gjer mest skade, men det er kjapt og lett å bruke.

Det viktigaste for å auke skaden på Night Comet er først å oppgradere våpenet, så å auke Intelligence-poenga dine. Ei rekkje ulike talismanar kan auke skadepotensialet vidare.

Slik fungerer skaleringa

Når me først har deg her, har me kikka litt på korleis du kan optimalisere nivået til figuren din. Sword of Night and Flame er glimrande i spelarkampar på låge nivå, men kva viss du skal bruke alt av runene dine heile vegen?

Alle spela til FromSoftware opererer med ulike steg for kor mykje kvar statkategori gir deg. I Elden Ring vil eigenskapane til figuren din auke for kvart nivå i ein statkategori opptil 99, men det er neppe vits i å leggje så mykje i ein kategori.

Me brukte eit par Larval Tears til å nulle ut statpoenga til figuren vår, og kikka på korleis kvar kategori skalerer med våpen:

  • Vigor, som styrer kor mykje helse du har (òg ting som kor mykje motstand du har mot eld og gift, men det går me ikkje inn på for dei andre kategoriane her), gir deg god avkastning for kvart nivå til 40. Det er eit nytt punkt med mindre avkastning på 58. 40 er slik sett ideelt å sikte mot.
  • Mind, som gir deg Focus Points, mana, har dei same verdiane. Du treng ikkje i nærleiken av så mykje om du skal bruke Sword of Night and Flame (underteikna har 20), men for ein magikar kan verdiar mellom 40 og 58 vere gode utgangspunkt for NG+.
  • Endurance, som avgjer kor mykje stamina du har, gir deg mindre etter 25, 40, 50 og 60. Det er liten vits i å ta noko særleg meir enn 25, og 10–15 fungerer fint for eit lett sverd som Sword of Night and Flame. Green Turtle-talismanen kan vere eit fint tilskott for å auke kor kjapt staminaen kjem tilbake.
  • Strength, som avgjer fysisk skade med Strength-baserte våpen, senkar avkastninga etter 20, 50 og 80 poeng i kategorien. Som i alle andre Souls-spela får du ein bonus ved å bruke Strength-våpen med to hender. Dei trinna for avkastning er 35 og ca. 50. Klarar du deg utan skjold, og skal bruke eit Greatsword eller liknande, kan du fint stoppe på 35.
  • Dexterity, som avgjer fysisk skade med Dexterity-baserte våpen, har avkastningstrinn på 20, 50 og 80. Du får mindre og mindre igjen for nivå etter 20 (det same gjeld Strength), så det er ikkje like viktig å ha haugevis med Dexterity og Strength som før. Det er like greitt å fokusere på andre ting når du har nok til våpenet du vil ha.
  • Intelligence, som avgjer skade med magi basert på Intelligence, har trinn på 20, 50 og 80 for våpenskade. Eg har ikkje sjekka stavar enno. Sjølv har eg brukt mesteparten av poenga til figuren min på Intelligence for å auke skaden til Sword of Night and Flame, men 50 er nok før NG+.
  • Faith, som avgjer skade med magi basert på Faith, har òg trinn på 20, 50 og 80 for våpen som skalerer med dette. Eg har heller ikkje testa nok Seals enno. Det verkar som det er større variasjon mellom ulike Seals og Staffs når det kjem til Faith og Intelligence, så her må ein prøve seg litt fram.
  • Arcane, som gjer det enklare å finne gjenstandar når du drep fiendar, har òg skalering på 20, 50 og 80. Dette er nok den minst nyttige statkategorien av alle, og er strengt tatt berre vits i å bruke tid på om du har eit våpen som faktisk skalerer med Arcane.

Vår figur, basert på Sword of Night and Flame, har så langt 35 Vigor, 20 Mind, 15 Endurance, 15 Strength (for eit par andre våpen), 12 Dexterity, 50 Intelligence, 24 Faith og 8 Arcane.

Kva våpen likar du best? Gi oss tips i kommentarfeltet!

Siste fra forsiden