Anmeldelse

F.E.A.R.

Advarsel: Denne artikkelen inneheld grafiske skildringar av brutal lemlesting og død. Diskresjon på lesaren sine vegne er anbefalt.

Side 1
Side 2

Eg har for kort tid sidan spelt F.E.A.R., eller, eg har ikkje spelt det, eg har opplevd det. Eg lar meg ikkje skremme lett, og må innrømme at eg var spent på om F.E.A.R. skulle få det til. Med ei litt blanda kjensle angåande kva som skulle skje, benka eg med ned foran ei temmeleg kraftig maskin, og kasta meg inn i eit spel som dei fleste no bør ha høyrt om. Var det skummelt? Tja, eg kan ikkje sei eg skvatt i stolen i det dei første glimta av Amala viste seg på skjermen. Ei lite jente med langt svart hår. Hm, ei lita jente med langt svart hår, kvar har eg sett dette før? Åja, sant det, omtrent alle skrekkfilmar Japan har greidd å produsere dei siste ti åra, riktig.

Litt usikker på om eg eigentleg trur på denne ganske dårleg skjulte inspirasjonskjelda, spring eg rundt med ein pistol. Ein simpel pistol. Akkurat. Dette var alt eg skulle få lov til å byrje med. Er det ikkje typisk? Det tar eigentleg ikkje så lang tid før eg finn ein pistol til, noko som gjer situasjonen litt betre å leve med. Eg finn nokre fiendar å drepe, og innser kjapt at dette spelet kan kome til å fungere temmeleg bra. Blodet som raskt fargar veggane, omdefinerar begrepet "paint the town red" ganske kjapt. Er det skummelt? Nei, kan ikkje sei det. Eg skjelv ikkje, eg svettar ikkje, og eg merkar definitivt ikkje noko til stemma som fortel meg at eg definitivt bør ta meg ei pause før eg vrir meg i angst.

Skremselspropaganda
Eg er ikkje aleine i byrjinga. Det er folk med meg, men dei dør ein etter ein. Det einaste som er igjen av dei er nokre godt brente skjelett, og eg skjønar kjapt at dette blir noko eg må klare på eiga hand. Greit, eg finn meg eit maskingevær, og spring nedover ein korridor. Gjennom den opne døra eit stykke borte ser eg ein mann halte forbi. I og med at eg gjenkjenner han som personen eg er her for å ta av dage, spring eg etter. Det einaste som møter meg er ei svart røyksky, og eit litt udefinerbart bilde av ein mann som brått blinkar på skjermen. Eg blir ikkje akkurat redd, men eg merkar at det kriblar litt. Kribling er bra, kribling lovar godt.

Ved sidan av å vere oppheisa som det skumlaste spelet så langt i historia, er det andre ting som gjer F.E.A.R. til eit spel du må ha. F.E.A.R. har rett og slett overlegen fysikk og kunstig intelligens. Det er sjeldan, og eg meinar sjeldan, du blir lurt trill rundt av ei samling med polygonar. Det kan raskt skje i F.E.A.R., og du kan lett få deg ein støkk når det skjer. Fiendane vil bruke omgivelsane til det dei er gode før. Dei opnar dører, omringar deg, og gjer spelet hærleg uforutsigbart. Du kan angripe akkurat same situasjon på mange forskjellige måtar, og utfallet er nesten alltid forskjellig. Fiendane reagerar på kva du gjer, og om dei ser deg før du ser dei, er du ganske enkelt i trøbbel. På eit punkt trudde eg at eg hadde den perfekte slagplan, det var før eg såg granaten som kom trillande mot meg.

Med ein såpass gjennomført kunstig intelligens, er det klart at spelets vanskelegheitsgrad blir sterkt påvirka av dette. Derfor er det ganske greit at du kan skru opp og ned vanskelegheitsgrada i spelet når som helst. Kva vanskelegheitsgrad du vel får direkte innverknad på kor smarte fiendane er, og kor treffsikre dei er. På det vanskelegaste får du gjerne eit skot i skallen så snart dei ser deg. Spelet fungerar slik at fiendane har like stor sjanse til å sjå deg, som du har til å sjå dei. Derfor er du nødt til å vere forsiktig. Dette er også noko av det som gjer spelet skummelt. Det er sjeldan du berre kan springe mot fiendane som ei dårleg etterlikning av Rambo. Om du gjer det, er det best å gjere det bakfrå, og gjerne ta i bruk litt slag eller spark undervegs, noko som drep dei fleste fiendar umiddelbart.

Ein kamp mot lyset
Spelet er uanstendig mørkt, og derfor blir du avhengig av lommelykta. Problemet er, at med denne lommelykta ser fiendane deg mykje lettare, noko som gjer det ganske nervepirrande å springe gjennom mørke rom. Du endar raskt opp med å kun slå på lommelykta der du treng det, og gjerne i svært korte periodar. Å springe rundt i stummande mørke gjer det også enda lettare å få seg ein liten støkk når du ser ei lita jente med langt, svart hår, strekke sine inntørka armar etter halsen din. F.E.A.R. blir skummelt, frykteleg skummelt. Ikkje som i ein typisk skrekkfilm, men meir ved den kjensla spelet gir deg. Det blir etter kvart veldig ubehageleg, og du har eigentleg lite lyst til å fortsette, men du greier ikkje rive deg laus. Du veit aldri kva som er rundt neste hjørne, og det er noko du raskt kan forelske deg i.

Om du ikkje skulle la deg imponere av den intense stemninga, og fiendar som faktisk er intelligente, vil nok fysikken gjere susen. Strengt tatt legg du ikkje så godt merke til det med ein gong, men etter kvart byrjar detaljane å vise seg. Du kan skyte ein fiende i magen, han fell ned som ein sekk, og du spring vidare. Det du ikkje tenkte på var at fyren kun blei skada, og kan kome seg på beina igjen berre for å skyte deg i ryggen. Kroppen reagerar på kvar kulene treff. Hopp inn i litt sakte film, og du kan nyte korleis kvar kule slår fienden tilbake der den treff. Blodspruten står i taket, og dei kvite korridorane blei brått ein glinsande og mørk tone av raud. Det er kanskje groteskt, og det er truverdig, men det er perverst nydeleg samtidig.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden