Anmeldelse

F.E.A.R.

Advarsel: Denne artikkelen inneheld grafiske skildringar av brutal lemlesting og død. Diskresjon på lesaren sine vegne er anbefalt.

Side 1
Side 2

Nydeleg brutalitet
Det er eit spesielt våpen som verkeleg demonstrerar fysikken i spelet. Penetratoren skyt svære boltar mot fienden, og desse kan praktisk talt henge folk opp til tørk. Kvar du treff vil avgjere kva del av kroppen som vil bli nagla fast, medan armar og bein dinglar høveleg. Dessverre viser akkurat dette våpenet nokre små svakheiter med spelet. Akkurat som med deg, har fiendane helse, og det ser ut som om det er kun på det skotet som fjernar siste rest av helse (uansett kor lite det skulle vere) at nokon blir nagla fast. Med andre ord kan du skyte ein blot i hovudet på ein fiende utan at han døyr. Faktisk har eg på det verste sett tre boltar stå ut frå hovudet til ein og same person, og eg må innrømme at dette nesten skremde meg meir enn spelet i seg sjølv då eg såg det.

Ved kjerna er F.E.A.R. eigentleg ikkje stort meir enn eit ganske typiske skytespel med veldig avansert fysikk og kunstig intelligens. Det som verkeleg skiljer F.E.A.R. frå det meste du finn elles, er stemninga. Ved hjelp av fabelaktig lyssetting og lyd, i eit spel som ser heilt brutalt bra ut, har Monolith greidd å presse inn ei historie som blir fortalt på eksemplarisk vis. I staden for å pumpe deg full med filmsekvensar, eller lange tekstblokker, får du det meste servert medan du spelar. Du får informasjonen om måla dine gjennom ein øyrepropp, og viktige spor finn du gjerne ved å høyre på telefonsvararar, og å sjekke laptopar du finn rundt omkring. Det er riktignok nokre sekvensar i spelet, men dei tar først og fremst føre seg det som har skjedd før, og bygger opp om ubehaget på ein god måte.

Fantastisk lyssetting
F.E.A.R. er eit svært imponerande spel visuelt sett. Det er ei lyssetting i spelet som verkeleg er i ein klasse for seg sjølv, og gjer spelet tyngre og mørkare enn noko du har sett før. Du treng ei temmeleg kraftig maskin for å køyre spelet optimalt, og du må forvente at det faktisk ikkje blir fullt så spennande om maskina di ikkje kan samanliknast med eit monster. Lyseffektane som spelar ei stor rolle i spelet har mykje å sei for stemninga, og om ein skrur ned kvaliteten på grafikken, blir faktisk spelet lysare. Det blir altså lettare å sjå, og mindre skummelt. Eg seier ikkje at spelet ikkje er skummelt på svakare maskiner, det er berre mindre skummelt. Tru meg, du skal få lov til å skvette nokre gongar sjølv om du må skru alt ned på minimum.

Det er rett og slett stemninga som skapar F.E.A.R.. Spelet er ufatteleg barskt i seg sjølv, og er definitivt ei perle utan dei skumle innslaga, men det er skrekken som gjer det til noko heilt spesielt. Musikken er seig og nifs, og varierar i takt med kva som skjer. Musikk kan verkeleg forme ei sinnsstemning, og dette gjeld i alle høgste grad for F.E.A.R.. Samtidig er lyden veldig god. Å høyre skota som treff fiendane, er verkeleg som å høyre ei kule av metall trenge kjapt gjennnom noko hardt, før det treff mjuk hud. Det er brutalt, og sånn som det skal vere. Det er alltid lyd i spelet, om enn så stille den er. Det er alltid noko som held deg på tå hev, og ubehaget som blir framkalla er rett og slett herleg.

Om du vil, kan du sjølvsagt ta steget ut i litt brutal fleirspelar-moro. Til og med her kan du hoppe inn i sakte kino, men du må finne gjenstanden som lar deg gjere det først. Sjølv om F.E.A.R. er eit absolutt kompetent fleirspelar-kaos, er det ingenting som verkeleg løftar det over nokon andre. Dei fleste har nok allereie sine favorittar for deathmatch of capture the flag, og F.E.A.R. byr ikkje på noko nytt i forhold til det vi har sett før. Du kjem nok til å ha det moro ei stund, før du går tilbake til favorittane dine. F.E.A.R. sin fleirspelar-modus er absolutt av høg kvalitet, og karta er gjennomtenkte, men den når ikkje heilt opp til sine konkurrentar.

Konklusjon
F.E.A.R. er utan tvil eit skrekkeleg blodbad, for å seie det med eit snev av dårleg humor. F.E.A.R. puttar deg, enkelt forklart, i førarsetet på ein bil. Du køyrer først ganske roleg, og tek inn inntrykka etter kvart som dei kjem forbi. Deretter byrjar farten å auke ganske monumentalt, heilt til du når bristepunktet for kva ein bil kan tåle. I det du når maks-fart, køyrer du inn i ein vegg, og ligg lamslått tilbake. Det er omtrent slik det er å spele F.E.A.R., spelet bygg seg opp til eit høgdepunkt som ikkje liknar blodpølen spelet badar i. Sjølv om eg bevarte meg roleg og kontrollert gjennom nesten heile spelet, enda eg opp med ein puls som sikkert nærma seg to hundre mot slutten. Som eg sa innleiingsvis, dette er ikkje eit spel, det er ei oppleving, og du skyldar deg sjølv å ta del i den.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden