Test

Bowers & Wilkins PI7

Fantastisk lydkvalitet – men fungerer det til gaming? 

Desse øyrepluggane kan vere framtida til gaminglyd.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Såkalla «true wireless»-øyrepluggar har så vidt byrja å finne vegen til gamingverda, og lydkvaliteten på desse er blitt svært mykje betre på kort tid. Framleis er dei fleste mynta på mobiltelefonar, men eit par produkt tar sikte på å konkurrere side om side med vanlege hovudtelefonar.

I fjor testa me Epos sine GTW 270 Hybrid-pluggar, som kan koplast til datamaskin og andre einingar med ein USB C-mottakar. No har me prøvd oss på Bowers & Wilkins PI7 – nokre skikkelege flaggskippluggar til heftige 4300 kroner.

Ladeetuiet til PI7 kan brukast til å strøyme lyd frå andre einingar, slik at gamingdatamaskinen kan spele rett inn i pluggane utan Bluetooth-kopling. Fungerer det i spel?

Me undersøker.

Design og komfort

Bowers & Wilkings PI7 har eit lekkert design i kvitt og sølv. Dei er relativt store for å vere øyrepluggar, men tar seg godt ut når dei sit i.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Passforma er svært behageleg i mine øyrer. Det følgjer med tre ulike storleikar for sjølve pluggane, men eg trur nok dei med små øyrer kjem til å slite litt her. Sjølv om dei ikkje sit godt nok i til at du kan bruke dei til hard trening, fungerer pluggane fint til ein lett joggetur med musikk på øyret.

Me fekk desse for snart eit år sidan, og dei blei liggande og støve ned på grunn av ein del tekniske problem i fjor. No har utviklaren tilsynelatande fiksa desse med nokre oppdateringar. Elles er byggekvaliteten ypparleg.

Tilkopling

Trekkplasteret for oss gamerfolket er naturlegvis at ein kan kople desse til datamaskinen og strøyme lyd via ladeetuiet. Bluetooth-standarden i hovudkortet mitt leverer altfor dårleg lyd til å spele med, men med ladeetuiet som sendar forsvinn alle veikskapane med kvaliteten.

Problemet er berre at forseinkinga er for stor.

PI7 har to kablar du kan kople til lydkjelda di. Ein USB-C til USB-C-kabel leverer svært lang forseinking, og ein USB-C til 3.5mm-kabel leverer lågare forseinking.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Sjølv med 3.5mm-kabelen er ikkje dialoglinjer i filmar synkronisert med leppene til figurane, kulene i Counter-Strike blinkar på skjermen før lyden kjem og eg høyrer fotstega for seint.

EKSTRAUTSTYR: Du får med to sett av større og mindre pluggar, men det kunne med fordel vore eit endå mindre par.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er neppe snakk om meir enn 150 millisekund forseinking med 3.5mm-kabelen, men det er for mykje i dei aller fleste spel. Den siste veka har eg kost meg med Risk of Rain 2, og då går det fint. Men i meir konkurransebaserte spel er det håplaust.

Forseinkinga er endå verre over Bluetooth, og då er altså lydkvaliteten altfor dårleg.

Slik sett er det eigentleg berre mobilspel desse eignar seg til. Bluetooth-standarden i Apple-telefonen min har mykje kortare forseinking, og der får du opplevinga slik Bowers & Wilkins såg for seg. Det er synd, for eg trur desse ville vore ekstremt populære med mindre forseinking gjennom sendaren.

Likevel trur eg ikkje det tar mange åra før marknaden flaumar over med produkt som dette.

Batteri

«True wireless»-pluggar flest har ganske kort batterilevetid, og det same gjeld desse. PI7 klarar i teorien fire timar før du må lade det igjen, men i praksis er det nærmare tre timar.

Heldigvis er det fort gjort med ladeetuiet. Ei full lading tar litt over ein halvtime, og kan lade dei opp fire gongar før du må lade etuiet igjen. Det er kjekt å ha når ein er på farta, om ein sit på toget eller er ute og ruslar seg ein tur. Men for speling blir dette slitande i lengda.

Lyd

Det er lite konkurranse når det kjem til lydkvaliteten til PI7. Den er rett og slett fantastisk. Det bør ein kanskje forvente med ein slik prislapp, men det er sjeldan ein opplever så presis gjengiving av lyd på tvers av spekteret.

Mitt eksemplar har ein uheldig resonans på fullt volum når ein kopla til med ladeetuiet, som gjer at ein bør skru ned eit par prosent. Då forsvinn det, men til gjengjeld er det svært lite guff på volumet då.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Pluggane speler betydeleg høgare kopla over Bluetooth på mobil enn via ladeetuiet, så igjen får du den beste opplevinga med ein mobiltelefon. Likevel får eg djupne og detaljar nok i lydbiletet til at eg ikkje føler at eg saknar noko i spel der eg kan ta det litt med ro – men i konkurransespel er altså forseinkinga øydeleggjande.

PI7 diskar opp med ei heilt grei implementering av støydemping, og held lyden effektivt inne med forseglinga. Andre skal stå ganske nærme for å høyre kva du speler på øyrene.

Det er ingen form for EQ i den avgrensa programvara, og du kontrollerer øyrepluggane gjennom nokre enklare kommandoar ved å trykke på sida. Du har heller ikkje noko måte å stille på volumet på viss du ikkje har oppe Windows eller telefonen din.

Mikrofon

Kvaliteten på mikrofonen er det verre med. Det er heilt greitt for å vere trådlause øyrepluggar, men stemma min verkar nasal og forvrenga – sjølv om mikrofonen er betre enn den Epos GTW 270 Hybrid har.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Problemet her er at du ikkje får bruke mikrofonen med ladeetuiet i det heile, og slik sett er det berre relevant for telefonen. Difor er du avhengig av ein ekstern mikrofon for å snakke med andre, og det er ein smule tungvint. Men slik er no teknologien for «true wireless» i dag.

For oss som uansett brukar ein ekstern mikrofon er det ikkje noko problem, men det er ein betydeleg veikskap i konkurransen med gamingheadsett for dei som ikkje gidder å betale for begge deler.

Konklusjon

Bowers & Wilkins PI7 er utan tvil dei beste trådlause øyrepluggane eg har testa. Lydkvaliteten er fantastisk på telefonen min. Men no er det spelaspektet som er i fokus hos oss, og det er deira eige PR-byrå som foreslo dette som eit produkt me burde teste.

Mobilspelaren med stor lommebok er nok den PI7 passar best for. For dei er dette produktet uslåeleg. Eg klarar ikkje forsvare prisen, men det er tidleg i livssyklusen til denne typen teknologi enno. For dei som speler på datamaskin er det ikkje vits i.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Strøyminga via ladeetuiet har altfor høg forseinking til anna enn avslappa speling, og er i praksis ubrukeleg for nettspeling. Eg håper likevel at dei lagar ein ny versjon av pluggane med lågare forseinking etter kvart, for dette trur eg kan bli svært populært til eit litt lågare prisnivå.

Øyrepluggar med lydkvalitet og komfort som dette, kombinert med strøyming av lyd til PC, er framtida for gaminglyd – sett at ein ikkje er fullt ut audiofil. Kven vil vel ikkje seie adjø til headsett-hår og klamme øyrer?

Det tar nok ein del år før dette kjem ned til eit meir stovereint prisnivå, men det er veldig, veldig kjekt å sleppe å sitte med øyreklokker på seg i timevis – uansett kor behagelege dei er.

7
/10
Bowers & Wilkins PI7
Fantastisk lyd, men altfor lang forseinking på PC.
Ladeetui gir fire oppladingar på farta
Spektakulær lydkvalitet
Behagelege i bruk
Lekkert design
Solid byggekvalitet
Kan strøyme lyd frå alle einingar med USB-C- eller 3.5mm-inngang
Svært lang forseinking på andre einingar
Kort batterilevetid
Lite volum på andre einingar
Høg pris

Siste fra forsiden