Feature

Spillåret 2017 - Mikkjell Lønning

Desse ti spela ser Mikkjell mest fram til i 2017

Me har mykje interessant i vente.

Mikkjell gleder seg blant annet til Star Citizen.
Privat, Cloud Imperium Games
1: Side 1
Side 2

Flere medlemmer av Gamer.no-redaksjonen vil fortelle om de spillene de gleder seg til i 2017 nå på nyåret. Vi har allerede sett hva Andreas Klebo-Espe venter på. Nå er det Mikkjell Lønnings tur.

MIKKJELL LØNNING

Har skreve for Gamer.no i eit års tid, og har lært mykje i prosessen. Dei beste spela Mikkjell har spelt dei siste åra er The Witcher 3: Wild Hunt, Overwatch og Dark Souls. Han er relativt altetande når det kjem til spel, og bruker tid på alt frå obskure strategispel, til skytespel og rollespel. VR har vore den store tidstjuven i det siste.

2016 har vist seg å bli eit godt år for spelindustrien. Marknaden har hatt eksplosiv vekst, og me har fått mange spanande spel.

Eg har vore gjennom bortimot 60 spel i 2016, der Overwatch har trona høgast for meg. Likevel har eg kanskje ikkje fått den heilt store opplevinga, som eg hadde i 2015 med The Witcher 3: Wild Hunt, og Dark Souls II året før. Difor vender eg håpefult blikket mot 2017. Det er mange titlar som eg er ekstremt spent på, som eg vonar vil svare til forventningane mine.

Det viste seg å vere vanskeleg å velje kva spel eg eigentleg ser mest fram til, for me har mange godbitar i vente. Her er ti spel eg har stor tru på.

Battalion 1944

Sjanger: Førstepersonsskytespel
System: PC, PlayStation 4 og Xbox One
Utviklar: Bulkhead Interactive
Kjem: Haust 2017, med open beta i juni

Tidlegare Call of Duty 4: Modern Warfare-proffspelar phantasy var nyleg på vitjing hos utviklarens studio.

Eg har venta i lang tid på eit skytespel som kan ta opp arva etter dei første Call of Duty-spela. Det gjekk difor kort tid frå eg oppdaga Kickstarter-kampanjen til Battalion 1944, til eg bestilte spelet.

Utviklarane er tungt inspirerte av Call of Duty: 2, og har henta inn proffspelarar frå ProMod i Call of Duty: 2 og Call of Duty 4: Modern Warfare til å gi tidlege tilbakemeldingar på spelet, lenge før pressa får sjå noko av det. Bulkhead Interactive fortel at dei vaks opp med desse skytespela, og tok saka i eigne hender, då det ikkje har kome nokon verdig oppfølgjar. Slikt varmar hjartet til ein tidlegare ProMod-spelar.

Battalion 1944 skal bli eit relativt enkelt spel, utan styr med «killstreaks» og uendelege rekkjer med våpentilbehør. Her er det berre dine sansar som gjeld, din kontroll over våpenet og det avanserte rørslesystemet. Sidan Modern Warfare døydde ut, har dei einaste reelle alternativa vore Counter-Strike: Global Offensive og Overwatch for meg, og sjølv dei kjem ikkje i nærleiken av rørslesystemet til Modern Warfare.

Det er ikkje til å kome unna at det er ein enorm fallhøgde her. Dei første innslaga i Call of Duty-serien er klassiske skytespel, som på mange måtar revolusjonerte sjangeren. Det er vanskeleg å følgje opp noko slikt. Mange spel har i etterkant prøvd å kopiere oppskrifta utan nemneverdig suksess, men det må likevel vere lov til å håpe. Battalion 1944 kan bli spelet veldig mange har venta på.

Kingdom Come: Deliverance

Sjanger: Rollespel
System: PC, kjem til PlayStation 4 og Xbox One seinare
Utviklar: Warhorse Studios
Kjem: Ein gong i 2017

Les også
Anmeldelse: Divinity: Original Sin 2
Kingdom Come: Deliverance .
Warhorse Studios

Kingdom Come: Deliverance er eit utruleg vakkert spel. Med Cry Engine-magi har tsjekkiske utviklar Warhorse Studios skapt det som antakeleg blir det flottaste rollespelet me nokosinne har opplevd. Dei av oss som støtta spelet på Kickstarter har allereie fått sett ein del av spelet, i den opne betaperioden. Eg trudde knapt eit spel kunne sjå så bra ut.

Grafikken er sjølvsagt ikkje alt. Kingdom Come: Deliverance sitt mest interessante trekk er realisme. I ein spelindustri der rollespel er sett i fantasifulle univers med overnaturlege fenomen, er utviklarens bodskap etterlengta. Warhorse Studios vil nemleg utvikle eit rollespel basert på faktiske hendingar, med truverdige slag og realistiske kampmekanikkar. Her er ikkje protagonisten utvald av ein eller anna form for profeti, men berre del av ei større forteljing.

Spelet er sett til Bohemia på 1400-talet, der ein får ei open verd på heile 16 kvadratkilometer til å leike seg i. Det er eit unikt perspektiv på formidling av middelalderhistorie, og frå det eg har sett i betaen blir det ei flott oppleving. Eg er glad for at utviklaren har hatt mot til å satse på noko annleis. Med kryste fingrar satsar eg på at det ikkje berre blir ein gimmick.

Assassin’s Creed: Empire

Sjanger: Action-eventyr
System: PC, PlayStation 4 og Xbox One
Utviklar: Ubisoft
Kjem: Antakeleg i slutten av 2017, men kan bli utsatt til 2018

Angivelig lekket materiale fra Assassin's Creed Empire.
Nibel, Twitter

Det er eigentleg litt farleg å ha eit Assassin’s Creed-spel på ei slik liste. Med tanke på kor mange middelmåtige innslag det har vore i serien, er det nok få som forventar spesielt mykje av Ubisoft lengre.

Sjølv om eg tviler på at dei kjem til å toppe dei beste spela i serien (originalen, II, Black Flag og Brotherhood), er eg forhåpningsfull. Dette spelet har fått lengre utviklingsperiode enn noko anna Assassin’s Creed-spel dei siste åra, og i saman med dette har det ein interessant setting.

Empire skal visstnok la spelaren boltre seg blant pyramidane i Egypt. Me veit eigentleg ingenting konkret om spelet – ikkje ein gong namnet –, men lekkasjar og eit filmklipp i Watch Dogs 2 skal ha gitt ein god peikepinn på at det me trur er rett.

Det å kunne springe fritt rundt på hustaka i Kairo trur eg kjem til å bli moro uansett kva som skjer. Spørsmålet er jo om Ubisoft maktar å skape ei god forteljing, med litt mindre overflatiske karakterar enn det dei har hatt i dei siste spela.

I etterkant av ein heller mislukka film, kan me kanskje få eit bra Assassin’s Creed-spel for ein gongs skuld?

Divinity: Original Sin II

Sjanger: Rollespel
System: PC
Utviklar: Larian Studios
Kjem: Ein gong i 2017

Divinity: Original Sin 2.
Larian Studios

Gamer.nos anmeldar av Divinity: Original Sin – Kristian Aasgård – meinte spelet tok oss tilbake til rollespel-sjangerens glansdagar. Det er eg så til dei grader einig i. Musikken, dialogane og forteljinga i Divinity: Original Sin er meisterleg satt saman, og gav meg ei oppleving eg seint vil gløyme.

Både aleine og saman med vener, har eg fordjupa meg i spelets univers og utfordrande kampsystem. Eg var i forkant skeptisk til det turbaserte kampsystemet, men Larian Studios har frelst meg. Eg blei faktisk så gripen av kampane at eg måtte sette meg inn i ei rekkje liknande spel etterpå, som Pillars of Eternity og Baldur’s Gate.

Divinity: Original Sin 2 er allereie ute på Steam, i Early Access. Eg har kjøpt spelet, men etter litt refleksjon kom eg fram til at eg ikkje vil øydeleggje opplevinga ved å berre spele ein del av spelet, så eg har smurd meg med tolmod.

Larian Studios har implementert både 3- og 4-manns-samarbeidsmodus i Divinity: Original Sin 2, som eg set stor pris på. Det var mogleg å få til noko liknande i det første spelet via modifikasjonar, men det funka ikkje så veldig bra. Eg har ein stygg mistanke om at spelet vil ha særs negativ innverknad på karakterane mine ved UiS det komande året.

Star Wars: Battlefront 2

Sjanger: Førstepersonsskytespel
System: PC, PlayStation 4 og Xbox One
Utviklar: DICE
Kjem: Slutten av 2017

Skjermbilete av Star Wars: Battlefront frå 2015.
DICE

DICE sitt første forsøk på å skape eit Star Wars-spel verka noko halvhjarta. Dei hadde sjansen til å skape ein nostalgitripp av dimensjonar, men me satt igjen med eit keisamt og tomt spel.

Det er ingen tvil om at det hadde potensiale, for den audiovisuelle opplevinga var glimrande, og fekk meg verkeleg inn i Star Wars-verda. Lydane var akkurat slik dei skulle vere, som tatt rett ut av ein av filmane. Rett og slett briljant.

Problemet med Battlefront, var først og fremst innhaldet. Eg er ikkje einig i at det er feil å sleppe eit spel utan einspelar, men viss ein først skal gjere det, så må ein i det minste ha ein god fleirspelar. Det hadde definitivt ikkje Battlefront ved slepp. Med berre fire kart og ubalansert kamp, var det lite å rope hurra for. Spelet har blitt betre etter nokre utvidingar, men desse er dyre og kom for seint.

Utviklaren kom nett med Battlefield 1, som eg trur overraska mange. Det var eit solid spel, og har fått mykje ros frå både kritikarar og spelarar. Spelet kjem av at DICE har høyrt på spelarane sine, dei har tatt til seg kritikk frå Battlefield 4 og Battlefield Hardline. Eg har tru på at det same vil skje med Star Wars: Battlefront 2. Det er vel usannsynleg at EA legg frå seg den elendige forretningsmodellen dei har knytt til utvidingar, men DICE har vist at dei kan høyre på oss, og det kjem dei til å vise igjen til hausten (får me håpe, i alle fall).

1: Side 1
Side 2

Siste fra forsiden