Feature

Slik blir Xbox One i framtida

Store endringar er i vente for Microsofts svarte boks.

Audun Rodem, Gamer.no

LOS ANGELES (Gamer.no): Microsoft er ikkje eit selskap som fryktar endring. Det har dei vist tydeleg etter den strevsame lanseringa av Xbox One der dei enda opp med å gå tilbake på mange av sine originale planar. Dette var derimot ikkje første gong giganten gjorde drastiske endringar på brukaropplevinga.

Med Xbox 360 gav dei oss fleire omfattande endringar for å gjere brukaropplevinga betre for millionar av spelarar, og sjølv ikkje alle har sett like stor pris på endringane, har Microsoft jamt over lytta til tilbakemeldingar for å i det minste prøve å gje spelarane det dei vil ha.

Etter den ferske lanseringa av sitt nye operativsystem Windows 10, er første steg tatt på vegen mot ei heilt ny Xbox One-oppleving. No kan du streame Xbox One-spel til Windows 10, og du får tilgang på Xbox Live gjennom ein ny Windows 10-app som lar deg sjekke fersk aktivitet og kontakte vener, for å nemne noko.

Dette er derimot berre den spede byrjinga for Xbox One si framtid, og på E3-messa fekk vi eit solid innblikk på kva vi har i vente. Eit heilt nytt skrivebord er på veg til Xbox One, alle som vil kan snart spele Xbox 360-spel på Xbox One, og som om det ikkje var nok er ein ny kontrollar sikta mot profesjonelle spelarar på veg.

Ei ny Xbox One-oppleving

Dette er synet som vil møte deg når du slår på Xbox One seinare i år.

Om du er blant dei som har saknar den gode, gamle Xbox-guiden du fekk fram på Xbox 360 ved å trykke på Xbox-knappen, blei framtida nett lysare. Når det nye Xbox One-skrivebordet lanserast til hausten vil denne guiden på sett og vis kome tilbake. Når du dobbeltklikkar på Xbox-knappen vil ein meny gli inn frå venstre side av skjermen, og herifrå vil du få rask tilgang på alt frå prestasjonar, til vener, meldingar og liknande. Skjermen vil heller ikkje bli skrumpa inn slik den blir når ein skal opne ein app side om side med spel på Xbox One akkurat no.

– Vårt største fokus med den nye Xbox One-opplevinga har vore på fart, og å gjere det mykje raskare å kome seg inn og ut av eit spel, opnar Microsofts talsmann under presentasjonen av kva vi har i vente, før han viser korleis det nye skrivebordet ser ut.

Det første som slår meg er at det nye skrivebordet til Xbox One, med si horisontale og vertikale skrolling, minnar litt om det ni år gamle skrivebordet til PlayStation 3. Det blir likevel ikkje heilt rettferdig, og det er tydeleg at teamet bak det nye Xbox One-skrivebordet har dytta svært mykje inn på liten plass.

Du blar framleis mellom kategoriar ved å flytte deg horisontalt, men ved å skrolle opp og ned blar du i dei forskjellige elementa kvar kategori byr på. Favorittar, eller det Microsoft på godt norsk likar å kalle «fester» vil du finne på botnen av lista, og du kan stupe til botnen eller toppen av lista med å bruke ryggknappane.

Alt skal gå fort

Den mest radikale endringa i nye Xbox One kjem frå korleis du mykje raskare vil få tilgang til innhald rundt kvart enkelt spel. Frå skrivebordet kan du til dømes gå direkte inn på eit spel sitt område på Xbox Live, der du får tilgang på alle prestasjonane dine, skjermbilete og spelopptak. I tillegg vil utviklarane få kontroll over sine eigne spelområde for å kunne byggje eit samfunn rundt spela sine.

Du vil få større oversikt over kva både vener og andre gjer på Xbox Live.

Derifrå kan utviklarane ha direkte kontakt med spelarane, og til dømes leggje ut nyhende om nytt innhald i eit spel, eller eit notat om kva endringar som har blitt gjort i ei fersk oppdatering. Sistnemnde bør bli tatt godt i mot, sidan ein fram til no berre får vite at eit spel er oppdatert, men ikkje kva som er endra.

Les også
Her er alle detaljene fra nattens Fallout 4-visning

Sidan Microsoft òg vil la utviklarar leggje ut spel før dei er ferdige på same måte som Steams Early Access-program, er det ikkje vanskeleg å tenkje seg at Microsoft har henta mykje inspirasjon frå Valves suksess på PC-fronten.

I tillegg til dette vil du kunne dele skjermbilete, videoar, og prestasjonar rett frå skrivebordet, i staden for å måtte ta omvegar slik som før.

Vidare får Xbox One snart ein ny samfunnskategori, og denne handlar utelukkande om sosiale interaksjonar over nettet. Her har aktivitetsfeeden blitt løfta fram, og du vil få full oversikt over kva som skjer blant venene dine på Xbox Live. I tillegg vil du få forslag om nye vener basert på til dømes felles vener.

I samfunnskategorien vil du òg få ei oversikt over kva som er mest populært på Xbox Live akkurat no. Det kan vere alt frå dei meste spelte spela, eller kanskje svært populære spelarar som skrur saman videoar. Microsoft fortel oss at eit av måla er å løfte fram personane bak skjermane, og gi plass til dei som får til noko spesielt.

Bakoverkompatibilitet i sikte

Shannon Loftis frå Microsoft.

Det som kanskje skapte dei største overskriftene etter Microsofts E3-pressekonferanse var at bakoverkompatibilitet er på veg til Xbox One. Om du er med på Microsofts preview-program har du hatt tilgang på dette ei stund allereie, men den fulle lanseringa vil finne stad seinare i haust.

Frå Microsofts utgjevarsjef Shannon Loftis fekk vi vite litt meir om kvifor Microsoft har valt å gjere konsollen bakoverkompatibel:

– Vi gjorde det på grunn av spelarane. Heilt sidan vi lanserte Xbox One har bakoverkompatibilitet vore noko vi har fått ynskje om veldig ofte. I starten tenkte vi at det ville bli alt for vanskeleg, og det viste seg å ikkje vere langt frå sanninga. Vi løyste det ved å praktisk talt byggje ein elektronisk Xbox 360-kontroll inni Xbox One, og vi måtte hente inn fleire av våre dyktigaste teknikarar for å få det til, fortel ho.

Som Loftis seier fungerer bakoverkompatibiliteten ved at Microsoft har bygd ein virtuell Xbox 360 i Xbox One, og når du spelar eit Xbox 360-spel vil dei fungere nøyaktig som på Xbox 360, heilt ned til den originale Xbox-guiden. Om du vil sitje på ein Xbox One og spele eit Xbox 360-spel saman med nokon som spelar frå Xbox 360, vil du kunne gjere det òg.

Den einaste forskjellen skal i praksis vere at du på Xbox One vil få tilgang til Xbox One-funksjonar som skjermbilete, videoopptak og deling, noko som ikkje er mogleg på ein Xbox 360-konsoll.

For å få tilgang på eit Xbox 360-spel på Xbox One vil det finnest to framgangsmåtar; du kan putte Xbox 360-disken inn i Xbox One, noko som vil setje i gong ei nedlasting av ein ny versjon av spelet. Denne vil framleis krevje at du har den originale disken i maskina når du skal spele. Det andre alternativet er for spel du har kjøpt digitalt. Dei vil automatisk dukke opp i spelsamlinga di, side om side med Xbox One-spel.

Det store spørsmålet er sjølvsagt kva spel som vil bli tilgjengelege, og når. Shannon Loftis lovar at ei solid mengde spel vil bli tilgjengelege før jul, og det er til dels opp til deg kva spel det blir:

– No går vi gjennom dei mest etterspurte titlane først, og så vil vi gjere fleire spel bakoverkompatible etter kvart. Vi satsar på å ha rundt 100 spel tilgjengelege til jul, fortel ho.

Borderlands blei vist fram på Xbox One.

Kva spel som etter kvart blir tilgjengelege kjem an på tre ting: Kva spel som er etterspurde via Microsofts eigne nettsider, kva spel som blir mest spelt på Xbox 360, og ikkje minst kva spel Microsoft får lov av dei ulike utgjevarane å lage Xbox One-versjonar av.

Sistnemnde kan kanskje høyrest ut som eit potensielt problem sidan svært mange utviklarar i desse dagar gjer gode pengar på å lage nye versjonar av eldre spel med litt betre grafikk, og kanskje litt ekstra innhald. Loftis forsikrar oss derimot om at dette ikkje er noko hinder:

– Eg trur bakoverkompatibilitet og remaster er to ulike opplevingar, og vi har ikkje møtt noko motstand hos utgjevarane enno. Med ein remaster får du gjerne nytt innhald og anna ekstrainnhald, men med bakoverkompatibilitet er det nøyaktig den 360-opplevinga du kjenner frå før, berre på ein ny konsoll.

Xbox 360-spel på Xbox One vil i følgje Microsoft fungere nøyaktig som dei gjorde på Xbox 360. Det er altså ikkje snakk om høgare oppløysing eller anna triksing slik det blei gjort med bakoverkompatible Xbox-spel på Xbox 360. Det finnest derimot eit lite skår i gleda. Spel som kjem på meir enn ein disk er framleis ikkje i korta, men det kan endre seg om trøkket blir stort nok.

Ein kontrollar for eliten?

Det er lite å seie på stilen til den nye Xbox Elite-kontrollaren.

Nytt skrivebord for Xbox One og bakoverkompatabilitet er store nyhende i seg sjølve, men dette er ikkje alt Microsoft avslørte under E3-messa. Ein flunkande ny kontrollar er på veg til Xbox One, og dette blir eit langt dyrare og meir avansert tilbehør for dei som spelar mykje.

Xbox Elite-kontrollaren er som mykje anna frå Microsoft ein direkte respons på tilbakemeldingar frå publikum, fortel Shannon Loftis:

– Vi har satsa meir og meir på e-sport med ting som Halo-meisterskap og Killer Instinct. Vi har høyrt frå profesjonelle spelarar at fleire moglegheiter for å skreddarsy opplevinga vil gjere det lettare for dei å yte best mogleg. Elite-kontrollaren er ikkje laga berre for profesjonelle spelarar, men dei var definitivt inspirasjonen bak den.

Mange spelarar byter ut kontrollane sine regelmessig, sidan dei blir slitne ned over tid. Xbox Elite har blitt bygd saman med pro-spelarar, og er som ein konsekvens tyngre på grunn av komponentar av høgre kvalitet.

Dette er noko som merkast umiddelbart når ein tar i den. Det er ein tung kontrollar, men med eit robust gummigrep er den likevel svært komfortabel å halde i. Det er likevel ikkje dette som gjer den spesiell. Kanskje mest spanande med denne kontrollaren er korleis alle stikker kan bytast ut. Alt som held dei på plass er magnetar, og ved å dra ut stikker, D-paden, eller pedalane på baksida av kontrollaren, kan du byte dei ut med andre alternativ som passar deg betre.

Stikker vil kome i fleire former og lengder. Om du likar å ha tommelen nær kontrollaren finn du alternativ for det, men den vil og kome med lange stikker som gjev mykje større stikkeradius.

Xbox Elite-kontrollaren vil kunne konfigurerast til å fungere ulikt med ulike spel. Du kan skifte om på kva dei forskjellige knappane gjer, og dette kan gjerast via ein eigen app som vil ta med informasjonen inn i spela. Til dømes kan du velje å låse avtrekkjarane slik at dei ikkje søkk heilt ned. Dette kan med fordel brukast i skytespel der alt handlar om å vere rask med å fyre laus.

Den nye kontrollaren og dei ulike delane kjem i eit praktisk etui.

Kva prisen på Xbox Elite-kontrollaren vil bli i Noreg veit vi ikkje enno, men i USA vil den gå for 150 dollar. At vi må ut med godt over 1000 kroner må difor forventast.

Det er jamt over mange spanande endringar i vente for Xbox-publikummet, men ein ting har irritert mange nordmenn heilt sidan lanseringa av Xbox One. Om du er blant dei som helst ikkje vil ha spela dine oversette til norsk, eller kanskje gjerne vil kunne snakke til Xbox One gjennom Kinect, kan livet ditt raskt bli surt her til lands.

Du kan sikre deg mot norsk tale og tekst, samt få låst opp Kinect ved å skifte til ein engelskspråkleg region, men dette låser deg samtidig ut frå å kunne handle spel og innhald direkte frå Xbox One-konsollen. På spørsmål om vi vil få ei endring på dette var det diverre ikkje mykje å hente frå Shannon Loftis:

– Vi veit vi har mykje arbeid å gjere for å gjere opplevinga dykkar betre, men eg har ikkje noko tidspunkt for når det vil skje.

Siste fra forsiden