Anmeldelse

Folklore

Omverda forsvinn, og du er fortapt. Du sig inn i ei heilt anna verd der ingenting er som du er vand med. Du høyrer stemmer og lydar, og du ser noko, men du veit aldri heilt kva du såg. Er dette eit eventyr? Er det slik dei små ungane på hemsen hadde det då bestemor fortalde om skrømta i skogen for nokre hundre år sidan? Er dette kjensla dei hadde i gamle dagar, då dei nølande sette foten utfor døra, i frykt for at Åsgardsreia skulle ta dei? Frykta for det ukjende? Det du aldri heilt ser, men veit er der?

Trailer fra Folklore

Vis større

Trailer: Folklore #3


Lydar i mørket

To vidt forskjellege personar endar opp i den aude landsbyen Doolin i Irland. Byen har ei mørk historie, og ingen har svara på dei uforklarlege tinga som skjer der. Keats er ein journalist for eit okkult magasin, og Ellen kjem til landsbyen med eit håp om å finne mora si. Men kva er det eigentleg som føregår i Doolin? Er det tilfeldig at dei begge brått møter kvarandre på kanten av ei klippe, berre for å sjå ei kvinne kaste seg utfor stupet? Og kven er denne kvinna, om det i det heile var kva dei såg?

Svara er vage. Dei er skjult av tåke og mørke, og jakta di for å finne dei er som jakta på troll gjennom mosegrodd urskog. Det er mystisk, vakkert og magisk på alle tenkjelege måtar. Folklore er eit moderne eventyr fortalt på ein så fengjande måte at du sannsynlegvis ikkje har sett noko liknande før. Den kjensla du får i kroppen medan du spelar er ikkje til å ta feil av. Det er ei dragning mot det ukjende. Ikkje berre vil du finne ut meir av kva som skjer her, men du berre . Det er som om livet står på spel.

Folklore-utveklar Game Republic, stod også bak Genji: Days of the Blade - spelet som bortimot eigenhendig gjor PlayStation 3 til latter i lang tid etter ein presentasjon under E3 2006. Til dømes blei det hevda at spelet er eit historisk drama, sjølv om det inneheld gigantiske krabber. I tillegg var den massive skada du kunne utføre når krabba låg på ryggen, tydelegvis eit testamente over den enorme krafta i PlayStation 3. Genji i seg sjølv imponerte ikkje i større grad enn å vere eit heilt OK actionspel heller, dermed har ein ikkje særleg høge forventningar til Folklore.

Det kan vere at Game Republic fekk for lite tid med Genji. Det er sannsynleg at dei blei pressa til å levere ein lanseringstittel, og av den grunn dessverre ikkje fekk fokusert nok på oppgåva til å levere varene. Folklore er noko heilt anna enn Genji. Folklore er utan tvil eit av dei beste PlayStation 3-spela så langt.

Forteljarteknikk på sitt beste

Gjennom ein serie med kapittel blir vi fortalde historia om Ellen og Keats. Dei blir kasta inn i eit mørkt og dystert eventyr der dei oppheld seg like mykje i dødsriket som i vår eiga verd. For kort tid sidan var Keats ein heilt ordinær okkult journalist, og Ellen var ei heilt normal ung jente. No spring dei rundt i fargerike eventyrland og kastar feer og skrømt rundt seg som våpen.

Knutepunktet er landsbyen Doolin. Her vil dei begge etter tur snakke med forskjellege personar for sakte men sikkert nøste saman det som kanskje kan hjelpe dei med å finne ut kva som eigentleg har skjedd her. Dei får tak i forskjellege memento frå avdøde personar, og ved hjelp av desse kan dei reise inn til eventyrlege verder der dei til slutt får snakke med dei døde. Eller rettare sagt, dei får snakke med minna dei døde etterlet seg. Desse minna blir viktige nøklar i eit fantastisk eventyr som er minst like mykje ei detektivhistorie som eit actionspel i fargerike omgivnader.

Historia står sentralt i Folklore, og den er nok det som aller først vil få deg til å forelske deg i spelet. Den er oppstykka og forvirrande, men alt er gjort med hensikt. Det er ikkje meininga at du skal følgje ein strak veg for å gradvis få historia fortalt til deg på sølvfat. Du får små bitar her og der, og desse vil etter kvart som spelet utviklar seg alle finne sin plass. Spelet er svært lineært, men du blir fortalt ei historie her, og den kunne aldri ha vore så god som den er om spelet hadde lete deg gå kvar du ville heile tida.

Forteljarteknikken i Folklore er heilt spesiell. Spelet tek kanskje i bruk nokre ferdiganimerte sekvensar her og der, men det er ikkje frå dei den beste stemninga kjem. Mykje av historia blir fortalt gjennom teikneseriepanel. Her vil du få sjå delvis animerte stillbilete med personar som snakkar, og snakkebobler vil kome opp i staden for stemmer. Desse snakkeboblene varierar i storleik og farge alt etter om personane snakkar monotont eller skrik, noko som er svært effektfullt. Om vi sper på med nokre ubehagelege lydar, og herleg og stemningsfull musikk, er det umogleg å ikkje la seg fascinere.

På tokt i eventyrland

Eventyret til Ellen og Keats sender dei etter tur gjennom kvar sine kapittel inn i forskjellege riker der dei møter alle slags merkelege skrømt. Desse skrømta heiter folks av gammal irsk tru, og dei spelar ei enorm rolle i spelet. Først og fremst må du kjempe mot store mengder av dei, men korleis du kjempar mot dei er temmeleg unikt. Når du først har tatt knekken på eit skrømt kan du suge livskraft frå det. Dette gjer du ved å rykke i handkontrollen, noko som gir deg ei kjensle av å dra dei til deg med makt, noko som i tillegg dreg deg eit ekstra hakk inn i spelet. Etter kvart som du støyter på større og farlegare skrømt, må du ikkje berre rykke i kontrollaren, men du må rykke på riktig tidspunkt, vippe den kjapt frå side til side, eller balansere kontrollaren. Berre ver forsiktig så du ikkje kastar kontrollaren i ditt eige ansikt, det er ikkje å anbefale.

Når du har drege til deg skrømtet, vil du få tilgang på det, og du kan bruke det i kamp. I staden for å kjempe med sverd, økser og kanonar, kjemper Ellen og Keats med eit enormt utval av beist i alle storleikar og fasongar. Du kontrollerar dei med firkant-, sirkel-, runding-, og trekant-knappane, og du kan når som helst skifte kva skrømt som ligg på kvar knapp. Desse skrømta har forskjellege eigenskapar, og dei tilhøyrer samtidig forskjellege element. I tillegge er skrømta svake mot andre skrømt, noko som tilføyer spelet eit djupt strategisk element som verkeleg let deg leike deg fram, utan at det nokon gong bli forvirrande.

Som ei hjelp til akkurat dette finn vi ei biletbok. Dette er ei bok som kanskje ikkje gir mykje meining ved første augekast, men om ein ser nærare etter vil ein forstå poenget. I staden for å gi deg linje på linje med ord om korleis ein skal bekjempe eit skrømt, viser boka bilete av dei forskjellege skapningane som kjempar mot kvarandre. Ved å tolke desse bileta vil ein finne ut korleis ein skal gå fram for å overleve i eventyrlandet. I tillegg vil større dyra du møter i skjefskampar krevje kombinasjonar av andre skrømt for å bøte med livet. Alt dette betyr likevel ikkje at du følgje råda du finn i denne boka, men du kan gjere det for å gjere kvardagen lettare.

Dei einaste gangane det kanskje blir litt frustrerande, er når du kjem i kamp mot større fiendar, eller fiendar som flyttar seg kjapt. Nokre skrømt brukar tid på å angripe. Det vil seie at det går litt tid frå du trykker inn knappen, til angrepet blir utført. I nokre situasjonar vil denne tida vere alt fienden treng for å kome seg unna. Om du til dømes er i ein kamp mot eit stort og kjapt monsterbeist du ta, og du er nøydt til å bruke eit av dei trege skrømta, kan det tære litt på tolmodet. Om det er ein ting som kunne ha vore betre i spelet, er det eit meir dynamisk sikte som får skrømta til å angripe der fienden er i det angrepet blir utført, i staden for kvar fienden var då du trykte på knappen.

Sjølv om du vil bruke store delar av tida di på å enten kjempe mot fantasifulle monster, eller følgje med på den engasjerande historia, vil du bruke like mykje tid på å studere kor vakkert spelet er. Dette er ikkje eit spel som vil få grafikkhorene til å sukke i underlivet, men alle som veit å verdsette god estetikk bør sperre auga opp for dette klenodiet av eit spel. Alt frå dei enklaste lasteskjermar, til dei blomsterfulle slettene i eit av rika du reiser til er så gjennomført at ein verkeleg let seg innbille at dette er verkeleg. Det er enormt med detaljar som alle gjer sin jobb for å bringe verda til live. Resultatet er eit fargerikt spel med ein ufatteleg visuell stil. Du vil sjå skrømt i alle tenkjelege fasongar, og den kreativiteten utviklarane må sitje inne med for å få til noko slikt, er ikkje anna enn imponerande.

Det går heller ikkje å kome utanom den nydelege musikken. Allereie ved startmenyen kjem lokkande strykarar og inviterar deg inn. Du høyrer at dette er eit eventyrspel i ei verd langt, langt borte, og dette held fram gjennom heile spelet. Det melankolske pianoet i Doolin set ei god stemning for ein landsby som har sett sine beste dagar, og kvar av dei unike verdene du reiser til har musikk som verkeleg står til både fargebruk og design på ein eksemplarisk måte.

Konklusjon

Folklore var eit spel eg forventa ingenting av. Eg såg det var pent, og det var vel det einaste som appellerte meg før eg sette i gong. Eg likar fantasy, og eg likar sterke fargar. Kall meg rar, men det er nok for meg av og til. No er eg berre glad.

Glad og takknemleg for at eg har fått sjansen til å ta steget inn i denne eksotiske og inspirerte verda. Heilt frå den første linja med dialog glir ut av høgtalarane i opningssekvensen er du fanga. Deretter blir det berre betre. Historia byggjer seg opp og driv deg vidare som ein slavedrivar med pisk, og du sit velvillig og nikkar gladeleg.

Folklore er så unikt, så vakkert, og så eventyrleg at det raskt har klatra høgt opp på lista blant mine favorittar i år. I tillegg er det eit av yttarst få spel det er verdt å investere i ein PlayStation 3 for å spele.

Vurdering


Folklore PS3 PS3 9/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 17. oktober 2007
  • Plattform: PlayStation 3
  • Utgiver: SCEE
  • Utvikler: Game Republic

Kommentarer (20)

Forsiden akkurat nå

Til toppen