Førsteinntrykk

Call of Duty: Warzone

Rett og slett skikkeleg god underhaldning

Call of Duty stel alle dei beste delane til andre Battle Royale-spel, og har laga eit spel som reindyrkar moro.

Activision

Battle Royale-sjangeren har hatt nokre år på å godgjere seg no. Vinnarane har haldt stand, og taparane har forsvunne inn i historiebøkene. Storleikstida til spel som PUBG, H1Z1, Blackout og mange andre er forbi. Dei har ikkje i nærleiken av dei same spelartala lenger.

Apex Legends var fjorårets superhit, men Fortnite er framleis det einaste spelet som verkeleg held spelarane i eit stålgrep – sjølv om det sannsynlegvis har gått monaleg ned med dei òg. Mykje handlar om utviklarens vilje til å høyre på spelarane, og å få ut etterspurde oppdateringar i rett tid.

Warzone

Vis mer

Warzone er eit Battle Royale-spel der du droppar ned på kartet med opptil to lagkameratar, og må kjempe mot 147 fiendar for å bli det siste laget som står igjen. Spelet er gratis, og brukar omtrent alle spelmekanismane du finn i Call of Duty: Modern Warfare.

Du får òg bryne deg på ein eigen modus som liknar standard Team Deathmatch (Plunder), men der målet er å drepe fiendar for å tene mest mogleg pengar. Denne modusen er mindre omfattande og verkar meir som ein liten bonus til Warzone.

Call of Duty er no ute med sitt andre forsøk på Battle Royale. Denne gongen gjer dei mykje rett. Det dei gjer rett er for så vidt henta frå andre, men dei har klart å samle det aller meste av dei gode sidene frå sjangeren, og plukka vekk irritasjonsmomenta. Det resulterer i ei oppskrift som er særs velfungerande.

Kuttar vekk det du hatar

Motorbrølet frå eit Herculesfly er det første som møter deg i ein runde Warzone, før du tar opp kartet og vel kvar du vil lande. Ein jamn straum av fallskjermhoppande menn og kvinner dett ut av flyet, ned mot eit svært kart.

Det er «business as usual», som det heiter på godt norsk. Du landar (vonar du) med nokre hus fylt opp med utstyr, og så er jakta i gang. Men ein del nytt er det jo. Til dømes byrjar alle med skotsikker vest og ein pistol, slik at ein ikkje risikerer å bli drepen utan noko å beskytte seg med. Det kan me like. Eg har ikkje teljing for kor mange gongar eg har hatt lyst til å smelle knyttneven i bordet etter å ha blitt sendt ut av ein kamp utan våpen. Her veit eg i det minste at eg hadde ein sjanse.

Det å få tak i utstyr er sjeldan noko problem, og tar mindre tid enn i Blackout. Alt er straumlinjeforma for at du skal bruke mest mogleg tid på å skyte andre, og minst mogleg på å leite i krikar og krokar av hus og hangarar.

Dette har du sett før.
MIkkjell Lønning/Gamer.no

Utstyrssystemet fungerer omtrent på same vis som i Fortnite. Her treng du ikkje tenkje på våpentilbehøyr, men du kan finne våpen og kuler rundt omkring, eller i kassar. Desse er rangert etter ulike fargar, og kraftnivå deretter. Du kan òg kalle inn flykassar med utstyr, og velje klassane du har sett i menyen der. Dette er den einaste måten å få ferdigheiter på, for du kan ikkje plukke dei opp slik som i Blackout.

Rundt på kartet vil du finne nokre svevande dollarsetlar, og desse kan hjelpe deg med å få flykassar og anna snacks. Pengane kan nyttast i kjøpeterminalar, der du kan handle ting som skotsikker vest, eit par «killstreaks» som UAV og flyangrep, sjølv-gjenoppliving, og gjenoppliving for lagkameratar. Pengar kan kjøpe deg både liv og lukke her, altså.

Her ser me inspirasjon frå både Radical Heights, Call of Duty sine samarbeidsmodusar og Apex Legends.

Utstyrssystemet har likskapsteikn på mange andre Battle Royale-spel, men er forenkla frå Blackout.
MIkkjell Lønning/Gamer.no

Utviklaren har òg bygd ut inspirasjonen frå Apex Legends for å gi deg fleire sjansar til å hoppe inn i kampane igjen. Du og dine to lagkameratar kan alle saman bli sendt til ein gulag-leir ved død, og kan der få sjansen til å stå opp frå dei døde dersom du vinn ein 1-mot-1-kamp.

Les også
Activision hinter om at Die Hards John McClane kommer til Warzone

Alternativa er altså mange for å kome tilbake, som gjer at ein blir mindre irritert av å døy. På eit vis tar det litt av stresskjensla og den høge innsatsen frå Battle Royale-kampane vekk, men for min del verkar det som ein grei bytehandel.

Kvar kamp har 150 spelarar og kan dryge ganske lenge. Ofte blir det hektisk heilt i byrjinga, etterfølgd av litt leiting etter fiendar, og deretter ein aukande intensitet fram mot slutt. Høgt tempo er viktig i Battle Royale, som eg syns dei har ein fin balanse på her. Det er mogleg å ta det roleg heile vegen, men dersom du speler aggressivt, kan du fint plukke med deg 20 drap i din første runde. Det gir nokre skikkelege adrenalinkick. Spelet blir heller ikkje noko campingsimulator på slutten, slik som PUBG-rundar gjerne artar seg.

Skytekjensle på topp

Call of Duty er først og fremst kjend for god skytekjensle og høgt tempo. Det har dei definitivt klart å få inn her. Skarpskyttarriflene er skikkeleg morosame å spele, og det er kjekt å kunne børste av «quickscope»-ferdigheitene i Battle Royale.

Du får din eigen rulletekst på slutten av kvar kamp.
MIkkjell Lønning/Gamer.no

Nokre gongar verkar det som folk døyr ekstremt fort når du skyt dei, men i og med at du har fleire moglegheiter til å kome deg tilbake på kartet, syns eg det er heilt greitt. Dei aller fleste våpena verkar fullt ut brukbare, så det handlar mest om å finne det som passar din spelestil og som du syns er morosamt.

Systemet for rustning er òg betydeleg enklare her enn i Blackout. Du berre plukkar opp nokre plater her og der, og kan ha opp til tre stykk aktive om gongen. Då toler du ein del ekstra, men du kan framleis døy på under sekundet.

Tempoet passar Call of Duty. Summen av Warzone i Call of Duty er eigentleg berre alle dei gode ideane som ulike Battle Royale har hatt, hive inn i ein einaste stor Team Deathmatch-kamp i motoren til Modern Warfare. Og det er ikkje noko dum ide.

Konklusjon

Warzone er eit samansurium av alt som gjer Battle Royale bra. Eg tviler på om spelet held koken lenger enn det Blackout gjorde, men det er gratis, og det er eit friskt pust. Spelet er mykje mindre komplekst samanlikna med fleire av konkurrentane, samtidig som det gjer ein del nye ting. Det kjem utviklaren langt med.

I gulag-leiren (henta frå Call of Duty: Modern Warfare 2) får du ein sjanse til å stå opp frå dei døde.
MIkkjell Lønning/Gamer.no

Når den grøne gassen pressar alle spelarane inn mot midten, og kuleregnet fyller himmelen som små, oransje stjerneskot, er det skikkeleg spanande. Det er sjølvsagt nokre ting som må pussast på, slik som kvaliteten på serverane, men slik vil det alltid vere i byrjinga.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at over seks millionar var innom spelet på lanseringsdagen, for dette er rett og slett skikkeleg god underhaldning. Balansen mellom dødtid og skyteduellar er essensen i Battle Royale, og Warzone er eit av få spel som verkeleg klarar å få den rett.

Rundar med 200 spelarar og fleire lagkameratar er på veg, så her er det berre å glede seg. Men eg kryssar òg fingrane på at dei klarar å halde oppe trykket med nye oppdateringar, slik at ikkje nok eit Battle Royale-spel skriv seg inn i historiebøkene på under nokre månadar.

Er du gira på å prøve Battle Royale, men ikkje så glad i Call of Duty? Då er Apex Legends framleis eit godt val. Les vår spelmelding her »

Siste fra forsiden