Blogg

Games Convention 2008: Dag 4

Emosjonell berg- og dalbane

Ting går ikkje alltid etter planen, men det går som regel bra til slutt.

Denne dagen har vore sterkt prega av store variasjonar mellom positive og negative kjensler. Eg og Mikael måtte praktisk talt lenkje Kent William fast til ei søyle, for å stoppe han frå å kaste seg framfor ein buss. Episoden starta tidleg på dagen då Kent William gråtkvalt kunne fortelje oss at spelet han verkeleg hadde venta på, Gray Matter, ikkje ein gong var på messa, trass avtale med utviklarane og full pakke.

Ze statue of gaming.

Ein dårleg start blei eigentleg berre verre då Mikael skulle sjå på Empire: Total War. Den inkompetente gjengen hos Sega fekk stakkaren til å vente i førti minutt utanfor feil rom. Mikael er ein smart kar, og spurte fleire gangar om han var på riktig plass, og kva det var som skjedde. Dei pene jentene i resepsjonen viste kva dei er laga av ved å heile tida understreke at han var på rett plass, sjølv om det viste seg å være feil når dei førti minutta var over. Mikael finn seg ikkje i den slags, og storma rasande ut medan han bad heile Sega-konsernet om å reise til ein stad sola ikkje skin. Vi får håpe dei ikkje hugsar han i morgon, når han skal prøve på nytt.

Øystein har det bra, ingen fare

For min del kan eg eigentleg ikkje klage. Min største nedtur var ein søvndyssande presentasjon av det nye The Witcher-spelet. Dette er ikkje The Witcher slik vi kjenner det, må vite. Dette er eit spel designa for Internet Explorer, Firefox, eller kva du måtte bruke. I essensen skal du berre velje nokon å spele mot, velje kva angrep du vil bruke, og i kva tur, før du ventar ein dag eller to på at motstandaren har gjort det same. Då får du sjå ein video av kampen. Denne ser ut som eit typisk slåssespel, bortsett frå at dette spelet ikkje er spesielt pent. Det heile minna meg veldig mykje om eit liknande spel eg meiner å hugse var ganske populært her i Norge for om lag seks-sju år sidan.

Litt positive ting kom det no likevel ut av The Witcher i dag. Når Enhanced Edition kjem ut, får dei ei svær pakke. Den inneheld spelet, ein nivåeditor, musikken frå spelet, musikk inspirert av spelet, og ein DVD med filmar om korleis dei laga spelet. I tillegg får du nokre bøker som gir deg tips til korleis du skal spele, samt ei introduksjonsbok til bokserien spelet er basert på. Heile greia kan bli din for same pris som The Witcher går for i dag. Har du allereie kjøpt spelet, kan du laste ned alt gratis, og eg meiner alt.

Gratis mat og ustødig grunn

Kent William er hos Capcom og ser på Resident Evil 5.

Som sagt har det vore litt opp og ned i dag, og for Kent William toppa det seg då han besøkte Capcom. Eit intervju med folka bak Resident Evil 5 gav han eit nytt perspektiv på flott hår, og han er overbevist om at han, etter ein kamp i Street Fighter IV, kjem til å kjøpe spelet på dag ein. Det var så moro. Trackmania til DS er forresten den beste porten av eit spel nokon sinne, i alle fall i følgje han. Vi finn nok ut meir om det snart, sidan han skal intervjue utviklarane i morgon.

Mikael er på si side ganske stolt over å ha spelt Race Pro saman med sjefen for selskapet som lagar spelet. Tydelegvis eig fyren ein fantastisk bil, som eg ikkje er i stand til å hugse namnet på, sidan eg finn bilar like interessant som å sleikje på frimerke.

Det blir nok ikkje enklare å leve med han i morgon, sidan han skal bruke ein og ein halv time på Fallout 3, før han avsluttar dagen med Halo Wars. Eg blir snart valdeleg, men eg skal prøve å ta det med ro.

Ciao bella

Realisme var aldri Mario si greie.

Eg og Mikael traff i tillegg ein av våre mange vener frå tidlegare turar, den italienske ungfolen Umberto. Fyren jobbar for Multiplayer.it, og er ganske så underhaldande. Det at ein fyr frå Italia kan finne på å klage over eit anna land sine språkkunnskapar, er temmeleg sjokkerande. Dei er jo ikkje akkurat kjende for å vere stødige i engelsk der nede. Eigentleg seier det berre enda meir om kor håplaust det er å kome seg rundt i dette landet om du ikkje kan eit kvekk tysk. På skulen fann eg dette språket så pass uinteressant at eg enda opp med ein kraftig toar i standpunkt. Og eg er stolt av det!

Les også
Sniktitt: Mushroom Men

Men eg er ikkje aleine. Både blant utviklarar, distributørar og journalistar merkar eg ei sterk misnøye ovanfor kor vanskeleg det er å finne ut noko som helst. Spør du ein tyskar om noko, nikkar han og seier «mhm» før han held fram med å snakke om noko heilt anna. Det hadde vore enklare om folk berre kunne vere ærlege og innrømme dei berre kan eitt språk.

I morgon tenkjer eg at eg skal prøve å finne eit presseskriv som ikkje er på tysk, men eg tvilar. I tillegg trur eg at eg skal prøve å snike til meg ein kikk på det nye Naruto-spelet frå Ubisoft, og kanskje få med meg Mushroom Men. Eg skulle eigentleg sjå på det i dag, men utviklarane bak Dungeon Hero og Velvet Assassin var så engasjerte ovanfor sine produkt (noko dei har lov til, for begge ser temmeleg lovande ut), at eg rett og slett ikkje fekk tid til soppane.

Mikael tar ansvar, og gjer jobben tyskarane ser seg ukvalifiserte for.

Ring ein ven – ring ein pizza

Vi får sjå kva som skjer. Ein ting er i alle fall sikkert. Messa er varm, bråkete, og det er slitsamt å drasse rundt på ein PC heile dagen. Det blir faktisk litt godt å kome heim, men du kan vere trygg på vi vil oppføre oss som barn i ein godtebutikk så snart den neste messa nærmar seg.

Men no skal vi snart ete ein pizza som går under det klingande namnet Jumbo X-treme 1000%. Bon apetit.

Oppdatering etter at pizzaen er motteken: Tyske pizzasjapper deler ikkje opp pizzaen før dei sender den ut. Treng vi fleire bevis i vår sak; Gamer.no vs. Tyskland?

Siste fra forsiden