Sniktitt

Valkyria Chronicles

Taktisk krigføring

Om du likar å tenkje først, og skyte etterpå, vil du snart få deg ei positiv overrasking.

LEIPZIG (Gamer.no): Japanske rollespel er i ferd med å bli eit laust begrep. Fleire og fleire utviklarar vel å prøve nye ting, og dei gamle støttepilarane er i ferd med å bli viska ut. Enten går dei vekk frå kampar på tilfeldige tidspunkt, eller så droppar dei turbaserte kampar, eventuelt går dei til åtak på begge deler.

Trailer for Valkyria Chronicles

Vis større

Trailer: Valkyria Chronicles #2

Stikkord:
  • action
  • spill
  • playstation 3
  • rollespill
  • taktisk
  • valkyria chronicles


Slike tankar kjem sannsynlegvis frå at mange vil ha meir action og mindre tenking, men dei har for det meste halde seg godt unna dei taktiske rollespela. Desse spela gir deg som regel eit rutenett der du skal flytte alle soldatane dine etter tur, før du utfører dine angrep. Med Valkyria Chronicles prøvar Sega å puste nytt liv inn i desse spela òg, ved å blande turbaserte kommandoar, men handlingar i sanntid.

Ny vri på gammal formel

Så langt har vi ikkje fått sjå nok av historia til å kunne meine verken det eine eller det andre, men det engasjerande kampsystemet lovar godt nok til at historia kan fly ut vindauget utan å øydeleggje moroa.

Til forskjell frå dei fleste turbaserte rollespel må du ikkje bruke dei forskjellige soldatane i den rekkefølgja spelet dikterer. Du vel kva soldat du vil bruke, og på toppen av skjermen ligg ei rekkje myntar som viser kor mange soldatar du kan flytte. Ein vanleg fotsoldat brukar ein mynt, medan ein stridsvogn brukar to. Med desse myntane kan du velje akkurat dei soldatane du meiner er best skikka for den situasjonen du måtte finne deg i. Om du vil, kan du bruke den same soldaten om igjen mange gongar for å oppnå måla dine.

Kva soldatar du har med deg i kamp, er fullstendig opp til deg. Før eit slag startar, får du velje kven du vil ha med deg frå ei liste. Etter alt å døme vil du ha ei lang rekke soldatar i følgjet ditt, og alle tilhøyrer ein klasse. Du finn alt frå vanlege soldatar med maskingevær, soldatar med sniper-rifle, og ingeniørar som kan fikse ei øydelagt stridsvogn, eller fylle opp ammunisjonen om nokon skulle gå tom.

Ein soldattype som raskt viser seg å vere veldig viktig, er speidaren. Fienden kan ligge gøymd i gras, bak eit hushjørne, og andre stadar, men ein speidar kan sjå dei på lang avstand. Slik sett er det lurt om ditt første trekk i ein kamp er å sende ut ein speidar for å lettare kunne leggje opp strategien din for siger.

Visuell offensiv

Det du raskt legg merke til når spelet først er i gang, er den grafiske stilen. Ja, den er typisk japansk anime-stil, og om du ikkje likar slikt, vil du ikkje like den i Valkyria Chronicles heller. Dette er likevel ikkje alt den har gåande for seg. Heile spelet er bada i eit filter som får alt til å sjå handteikna ut. Det minner mest av alt om penselstrøk, og det går igjen overalt. Frå bakgrunnar til linjene som definerer omrisset på andleta til folka i spelet.

Ein anna artig grafisk detalj eg la merke til medan eg sendte ut speidaren min, var at «ratata» hoppa opp i store bokstavar frå geværet til ein fiende som skaut mot meg. Slike bokstavlege lydeffektar pregar det meste i spelet. Alt frå gevær og eksplosjonar, til ei stridsvogn som rullar framover.

Alltid på vakt

Les også
Anmeldelse: Valkyria Chronicles

Som du kanskje la merke til nemnde eg at ein fiende skaut mot speidaren min medan eg sendte ho ut. Dette er noko som på godt vis forklarar korleis Sega vel å tenkje nytt med taktiske rollespel. Når du har valt ein soldat, og skal velje kvar du vil sende han, skjer alt i sanntid. Du styrer soldatane som i eit tredjepersons-actionspel, og på dette tidspunktet har fienden gode moglegheiter til å skyte mot deg. Dette gjeld for deg under fienden sin tur òg. Om fiendane spring inn i skotlinja til ein av dine eigne soldatar, vil soldaten opne eld, sjølv om det er fienden sin tur.

For at du skal kunne skyte tilbake, må du stoppe alt, og du går inn i ein skytemodus der du får opp eit sikte som viser radiusen på angrepet ditt. Du vil samtidig kunne velje forskjellige typar ammunisjon, og du får alltid sjå kor mange skot du treng for å drepe fienden, og kor mange skot du kan skyte i løpet av eit angrep. Akkurat dette gir myntane veldig stor meining. Om du nesten tok knekken på ein fiende, kan du berre velje å bruke den same soldaten ein gong til, for å fullføre jobben.

Om det utenkjeleg skulle skje, og ein av dine soldatar blir drepne, står du brått ovanfor eit dilemma. Om du kjem deg fram til den falne soldaten, kan du tilkalle ambulansen, og ei søt jente kjem springande. Om fienden skulle nå soldaten din før deg, vil du miste han for all tid. Det er kanskje litt brutalt, men det tvingar deg til å tenkje deg om to gongar før du hiv deg inn i ein kamp.

Konklusjon

Det er på høg tid at Playstation 3 får eit skikkeleg rollespel, og Valkyria Chronicles ser ut til å bli spelet som kjem til å innfri mang ein rollespel-entusiast sine fuktige draumar. Det byr på eit svært engasjerande kampsystem, som gir deg kontroll over kampane på ein heilt anna måte enn kva tradisjonen så langt har tillete. Kombinasjonen av turbaserte val og handlingar i sanntid er svært spanande, og det ser verkeleg ut til at Sega har fått til å skape noko unikt med Valkyria Chronicles.

Om historia, som kastar deg inn i ei verd inspirert av andre verdskrig, lev opp til dei engasjerande kampane, er det all grunn til å glede seg til 21. november. Då kjem den første storproduksjonen av eit japansk rollespel til Playstation 3.

Siste fra forsiden