Test

Corsair K95 RGB Platinum XT

Gamingtastaturets svar på Rolls-Royce

Kongen av haugen kjem i ny versjon.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Corsairs K95-tastatur har i mange år vore det ypparste av det ypparste når det kjem til gamingtastatur. Dei siste åra har mange andre produsentar utfordra Corsair, og no er dei tilbake med ein ny versjon av flaggskipet sitt.

K95 Platinum XT kjem med betre tastehetter, ei monaleg meir behageleg handleddsstøtte og makroknappar med innebygd støtte for Elgato Stream Deck. Dette vil difor vere eit smart val for dei som driv med litt småseriøs eller seriøs strøyming.

For å hente heim vedunderet må du ut med to heile tusingar, men viss du verkeleg har lyst på dedikerte makroknappar, er det få andre val på marknaden.

Design og komfort

K95 Platinum XT kjem med absolutt alt av utstyr du kan få bruk for. Sannsynlegvis ein del du ikkje har bruk for òg.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Byggekvaliteten på desse tastatura har alltid vore upåklagelege, og siste ut i rekkja er ikkje noko unntak. Heile toppsida er dekkja av ein finish i børsta aluminium. Det er få teikn til plast eller slitedelar anna enn føtene under. Tastaturet kjem i fullformat med ein drøss av ekstrautstyr, så du må rekne med at det breier seg godt utover pulten.

Det er openbert at tastaturet er mynta på gameren, både når det kjem til utstyrsnivå og utsjånad. Det er ikkje akkurat anonymt, men det er vanskeleg å få til med alt Corsair har pakka inn her. På venstre side finn du heile seks dedikerte makroknappar, som altså er integrert med Elgato Stream Deck. Flyttar du fingrane mot toppen, finn du tre knappar som styrer RGB-innstillingar, lysstyrke og «Game mode». Sistnemnde låser bruk av knappar som kan dra deg ut av spel, slik som Windows-tasten.

På motsett side av den lysande logoen, forbi indikatorlysa, finn du eit særs behageleg rullehjul for volum. Dei dedikerte medieknappane under er store og lette å betene, mens baksida av tastaturet har inngang for USB Passthrough.

Kabelen er i overkant tjukk, men det fletta designet bør sikre at den held koken i årevis. Elles har du standardfunksjonar slik som «n-key rollover» og «anti-ghosting», som gjer at alle tastetrykk blir registrert dersom du trykker inn meir enn ein tast om gongen.

Handleddstøtta er langt meir luksuriøs enn i den førre utgåva av produktet.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Tastehettene er blitt oppgradert frå førre versjon, og er no av typen PBT Double-Shot. Det betyr at bokstavane kjem til å halde lenger enn før. Desse har bokstavane teikna i plast gjennom heile tasten, både på utsida og undersida. Sjølve tastehettene er ein smule rue, som hindrar at fingrane sklir i kampens heite.

Det er likevel handleddsstøtta som er den største betringa over førre K95 Platinum. Corsair har lenge tviheldt på ubehagelege handleddstøtter i plast, men har no forstått at folk heller vil bruke stoffputer. Handbaken kan endeleg kvile godt på Corsairprodukt. Eg har enno ikkje funne noko som kan matche komforten til Razer Huntsman Elite eller HyperX si handleddsstøtte, men denne er ikkje langt unna.

Brytarar

Cherry MX Speed Silver-brytaren kjem til å bli arvtakaren til MX Red.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

K95 Platinum XT kjem med to ulike brytarar, enten Cherry MX Speed Silver eller MX Brown. Me har testa Speed Silver-versjonen, som byrjar å bli meir og meir populær. Dei er veldig like Cherry MX Red, den mest brukte lineære gamingbrytaren, men har litt kortare vandring. Det betyr kjappare innslag, og potensielt eit millisekund spart i skytekampen.

Støynivået er òg ein smule redusert frå MX Red, då Speed Silver-brytaren har ein litt dempa lyd i forhold. Eg likar betre lyden på Red, men det er mest ein smakssak – som for så vidt brytarval er generelt.

Me kjem nok til å sjå meir og meir av Speed Silver og mindre av Red etter kvart. Ser me vekk frå lydnivået er tasteopplevinga identisk, så det er på mange måtar ei forbetra utgåve av MX Red.

Programvare og RGB

Corsair har ikkje akkurat det beste rykte når det kjem til programvare. ICue har vore årsak for nok av blåskjermar og minnelekkasjar opp gjennom åra, men Corsair har pussa vekk det som har vore av feil.

Dei har bygga ut programvara til å bli ein slags hub for heile maskinen din, der du kan gjere alt frå å stille på RGB-profilane til tastaturet til å overvake temperaturar på hovudkort, prosessor eller skjermkort. Dei har òg utvikla eit eige overvakingsdisplay, slik at du kan følgje med på alt inne i spel. Eg ville nok heller brukt RTSS, men det er kjekt å ha når ein først brukar Corsair-produkt i utgangspunktet.

Det er plenty av RGB-innstillingar å velje mellom. Statiske fargar er nok framleis min favoritt.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Likevel er programvara deira framleis eit rot utan like. Det tok meg ei lita stund før eg fann ut at eg måtte inn i nokre menyar for å sette opp makrokommandoar eller å endre på RGB. ICue er blitt betre, men det er langt unna å vere optimalt.

Det er heile 14 ulike forhandsinnstillingar for RGB, så du har nok å leike med viss du likar fargar. Du kan til og med lage eigne profilar, og gi kvar enkelt tast sin eigen farge. Alle tastane er gjennomlyst, men det er RGB-panelet på toppen av tastaturet som verkeleg får fargane til å poppe.

Konklusjon

Corsair kunne godt strekt seg lenger i innovasjonsprosessen, men det er ikkje mykje konkurranse å snakke om på marknaden.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Med ny utgåve av K95 Platinum held Corsair posisjonen sin som Rolls-Roycen av gamingtastaturmarknaden. Men som med Rolls-Royce baserer dei seg på tradisjon. Alt det nye er betringar, men eg skulle gjerne sett litt nyskapingsvilje.

Handleddsstøtta er særs komfortabel, og blant dei beste du kan få. Totalpakken er spekka med utstyr frå a til å. Det finst andre tastatur med betre komfort, yting og pris, men samstundes er det ingen andre gamingtastatur i denne prisklassen som byr på dedikerte makroknappar. Corsair er framleis kongen på haugen av funksjonalitet, og summen av delane er eit skikkeleg bra gamingtastatur.

Du kan få meir for pengane andre stadar, men skal du ha absolutt alt du kan av utstyr er K95 Platinum framleis vegen å gå. Så lenge du ikkje vil byggje ditt eige tastatur kan du ikkje finne noko liknande. Om du har behov for alt dette – noko du sannsynlegvis ikkje har – er sjølvsagt eit anna spørsmål, men skal du først slå på stortromma er dette rett produkt.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehør? Sjekk ut hardware-sidene våre »

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
9
/10
Corsair K95 RGB Platinum XT
Corsair har framleis ingen konkurranse når det kjem til funksjonalitet.
Dedikerte makroknappar
Dedikerte medieknappar
Eige rullehjul for volum
Kjappe brytarar
Behageleg handleddstøtte
Flott RGB
Solid konstruksjon
USB Passthrough
Rotete programvare
Dyr
Ganske så lik førre versjon, som du kan plukke opp til 700 kr mindre på sal

Siste fra forsiden