Anmeldelse

Trials of Mana

Gjer det meste riktig

Eit gjensyn så bra at originalspelet nesten blir overflødig.

Square Enix

Nær midten av 90-talet blei ein livslang, brennande lidenskap for japanske spel for alvor tent då ein ung versjon av meg sat og las i nyaste nummer av det norske spelmagasinet Power Player. Attraksjonen denne månaden var to spel, Chrono Trigger og Secret of Mana 2. Bilete av grafikk så vakker at det knapt kunne fattast, kopla med konseptkunst så fascinerande og inspirerande at dei skulle ha dramatiske konsekvensar for mitt forhold til blyant og papir, vekte noko i meg som berre kan samaliknast med å lese dei første sidene i Ringenes Herre første gong, eller første gong eg høyrde Alice in Chains på radio. Det var monumentalt.

Vi måtte heilt fram til i fjor før Secret of Mana 2 fekk lansering i vesten, då under tittelen Trials of Mana i samlepakka Collection of Mana til Switch. No, eit år seinare, sit vi her med ein av to nyversjonar av gamle Square Enix-klassikarar frå 90-talet.

To klassikarar som får seg eit nytt strøk måling, men styrt av to vidt forskjellige filosofiar. Den eine, Final Fantasy VII Remake, er stort, påkosta og gjer store endringar i spelet. Den andre, Trials of Mana, er kroneksempelet på korleis ein skal dra fram gamle spel, og gjere det riktig.

Kutt ambisjonane

Er ikkje Mana utan rabite og soppar.
Øystein Furevik/Gamer.no

Trials of Mana er eit svært interessant spel å sjå på i 2020 fordi det viser at joda, formelen frå 90-talet kan framleis fungere. Kvifor? Det er moro, og det stoppar aldri opp lenge nok til å slutte å vere moro. Ingen område er spesielt store her, du kjem deg kjapt gjennom dei, og såleis kan ein halvtime med speling vere nok til at du sit igjen med ei kjensle av å ha gjort noko verdifult. Kvar by er ein sjanse til å finne nytt utstyr, og kvar nye fiende er ein sjanse til å gå opp i erfaring. Etter kvart får ein fly på ein drake over verdskartet og det er så sjarmerande at ein nesten blir rørt av å få sjå noko slikt igjen etter mange år der utviklarar har prøvd å innbille oss at det ikkje funkar meir.

Det eg prøvar å seie er at Trials of Mana er moro, og det frå start til slutt. Det stoppar berre opp når den ganske uinteressante historia skal formidlast, men sekvensane er ikkje så lange at det blir noko problem, du er kjapt tilbake til det som er verkeleg moro i spelet.

Den beste måten å skildre utviklaranes framgangsmåte her er ganske enkelt forbetring. Dei har forbetra originalen. Dei har tatt det gamle spelet, pugga det inn og ut, sett at ein del ting funka på Super Nintendo, men ikkje vil funke i dag, og laga ei liste over korleis ting kan gjerast betre sjølv om ein ivaretar essensen av originalen. Det betyr i første omgang ei solid renovering av kampsystemet, men òg ei rekke små tillegg for å gjere livet ditt lettare. Spelet lagrar av seg sjølv, du kan lagre gjenstandar du brukar ofte til eigne snarvegar, og det å gå opp i erfaringsnivå gjev deg no full oversikt over kva du faktisk får ut av å putte poeng på styrke eller intelligens.

Menyane i seg sjølv fortener all ros, dei er lekre, kjappe og oversiktlege. Den rake motsetning til det trege marerittet frå originalen.

Runddans med sverd

Menhysystemet er ein draum.
Øystein Furevik/Gamer.no

Den aller største endringa kjem gjennom kampsystemet. Her har utviklarane teknisk sett ivaretatt originalen, men dei har piffa den opp litt, for den hadde nokre problem. Det gamle Super Nintendo-spelet låste deg til dømes fast i ein krypande kampmodus kvar gong du såg ein fiende. Dette er borte, og i staden får du no lov til å rulle unna angrep om det skulle bli naudsynt. I tillegg har du no eit kampsystem basert på sterke og svake angrep, samt kombinasjonar av dette.

På ingen måte revolusjonerande, men det er nok til å gjere kampane meir energiske og engasjerande. På toppen av dette finn vi spesialangrep og magi utført gjennom seriens tradisjonelle ringmeny. Midt i ein kamp kan du pause spelet ved å hente fram ringmenyen, og finne ein gjenstand eller magi du vil bruke. Det er kjapt og lettvindt, og med dei nye snarvegane kan du i tillegg lagre magi du brukar ofte slik at du kan fyre laus utan å måtte hente fram denne menyen.

Kanskje aller viktigast er den kunstige intelligensen som no, sjølv om den kanskje ikkje er kjempebra, faktisk gjer noko ut av seg. Dei to heltane du har med deg på tur vil no bruke eigenskapar og gjenstandar definert av nokre enkle AI-instillingar, og fyrer sjølv laus utan at du må detaljstyre alt. At nokon har ryggen din om helsa blir låg er veldig greit, for du rekk ikkje alltid å få med deg alt sjølv.

Samanlagt er mykje det same, det er berre skrudd litt på. Fiksa litt, oppgradert. Det er kanskje enkelt, men eg storkosar meg og eg har det meir moro med dette spelet enn mykje anna den siste tida. Kampane er kjappe, men dei er òg over raskt slik at du berre kan springe vidare til neste gruppe med fiendar. Det er ein herleg flyt i spelet, og du sankar inn erfaringspoeng i eit høgt tempo. Noko av det verste er å måtte kjempe mot lange rekker med fiendar for å krype sakte opp i nivå, her går det fort, og du låser opp noko nytt heile tida.

Det herlege tempoet i spelet er ikkje berre fordi kampsystemet er hakket kvassare enn før. Eit enkelt lite tillegg tek mykje av æra for det. Vi får no eit hendig minikart som alltid viser kvar du skal gå, og det gjer navigeringa i enkelte område utruleg mykje lettare enn før. Sjølv nivådesignet i tidlegare kronglete og uoversiktlege område har blitt retta på slik at du kjempar mot det du skal, og ikkje mot retningssansen din.

Nokre gongar er Trials of Mana skikkeleg stemningsfult.
Øystein Furevik/Gamer.no

Kva år er dette

Det er no vi kjem til Trials of Manas kanskje største problem, og det er eit problem eg fryktar vil få mange til å styre unna utan å gi det ein sjanse. Det ser litt billeg ut.

Trials of Mana er ikkje eit stygt spel, men det er ein remake av eit av dei vakraste spela på Super Nintendo. I den ovannemnde Power Player-artikkelen kunne utviklarane fortelje at målet deira var å lage eit spel som såg ut som ein Disney-film. Det klarte dei vel omlag så godt som det var mogleg på den tids maskinvare. Ambisjonsnivået for denne versjonen er ikkje heilt det same.

Problemet ligg ikkje hos figurane, der er ofte på grensa til det nydelege, det er i staden områda du spring rundt i som ikkje heilt når den standarden ein kanskje helst skulle sett. Ein får sjeldan kjensla av å springe rundt i eit landskap. Det er meir som ei løype med veggar som er plotta ned nesten som om det skulle vere eit brettspel. Byggeklossane er veldig tydelege, og ein kan lett sjå på til dømes fjellformasjonar korleis dei same sprekkane og steinane går igjen.

Det luktar stramt budsjett lang veg, men utviklarane har likevel skapt nokre flotte område her og der, sjølv om det varierer stort. Ein stad kan vere direkte lekker, medan den neste ser ut som om det knapt er ferdig, og det er litt leit

Som er vanleg med nyversjonar av gamle spel får vi òg ein nyinnspelt versjon av musikken. Jamt over har musikarane gjort ein god jobb, og har ivaretatt originalmusikken på ein så god måte at ein av og til må byte fram og tilbake for å høyre kva som eigentleg er forskjellen.

Konklusjon

Andre gongar er det rimeleg grelt.
Øystein Furevik/Gamer.no

Med Trials of Mana oppnår Square Enix den gylne midtveg. Det er som å spele eit spel du kjenner godt. Alt er eigentleg det same, og det er tydeleg at utviklarane har gjort det dei kunne for å vere tru mot originalen. Samtidig er det nytt, og det er friskt, og sjølv om eg tok ei ny gjennomspeling av Trials of Mana rett før lanseringa av nyversjonen, hadde eg null problem med å spele det som i essensen er det same spelet ein gong til.

For å vere heilt ærleg kosa eg meg meir med denne versjonen enn originalen, og mykje av grunnen til det er alle dei kloke og smarte vala utviklarane har gjort. Dette er det same spelet, berre i ei litt friskare og meir brukarvenleg innpakning. Trials of Mana er eit lettbeint og særs underhaldande eventyr som viser at denne typen spel framleis har ein plass i dag.

Mitt store håp no, er at teamet bak Trials of Mana får seg eit litt rausar budsjett å leike med, og går i gong med eit heilt nytt spel i serien.

8
/10
Trials of Mana
Trials of Mana er kroneksempelet på korleis ein skal dra fram gamle spel på riktig måte.

Siste fra forsiden