Her er BioWares splitter nye spel

Mass Effect-utviklaren viste fram Anthem.

Biowares Mass Effect: Andromeda fekk ei noko lunken mottaking då det kom i mars. Dei mange småfeila og dei håplause ansiktsanimasjonane blei hovudfokuset for mange, og forteljinga var ikkje på langt nær like bra som i dei tre første spela.

På kveldens EA-konferanse kom utviklaren med ein teaser til eit heilt nytt prosjekt, Anthem. Videoen viser ein setting på ein anna planet med store monster.

BioWare har tidlegare snakka om eit nytt spel som kjem i april 2018, så me kan antakeleg vente Anthem rundt våren til neste år. I mars blei spelet skildra som eit «action-eventyr» med ein fleirspelar liknande Destiny. Me veit ikkje så veldig mykje meir om Anthem enno, men det skal kome informasjon på Microsoft sin E3-konferanse i kveld, kl. 23:00.

Les alt om E3 2017 »

Siste fra forsiden