Her er dei første detaljane om Game of Thrones-spelet

Snart får vi ta del i nye intriger i George RR Martins populære fantasy-univers.

For nesten eit år sidan blei det kjent at Telltale Games skulle lage spel basert på HBOs enormt populære Game of Thrones-serie. TV-erien som igjen er basert på bøkene til George RR Martin har sigla inn som ein publikumsfavoritt, og det har difor vore store forventningar til kva spelet vil by på. Detaljane har derimot vore ekstremt få.

No har Telltale Games via bloggen sin kome med dei aller første detaljane om kva eventyr vi vil få leggje ut på i denne mørke fantasy-verda. I staden for å kaste oss midt inn i dei mest sentrale hendinga i TV-serien, vil vi møte ein familie som så langt ikkje har dukka opp på TV-skjermane, men som lesarar av bøkene raskt vil kjenne igjen.

Spelet tek oss med til Wolfswood heilt nord i Westeros. Der møter vi House Forrester, som held til i høgborga Ironrath. Ironrath er omringa av jarntre, eit uvurderleg treslag som blir brukt til alt frå å byggje våpen, skip og forsvarsverk.

Fem perspektiv

Vil Game of Thrones-spelet by på like mange rystande hendingar som serien og bøkene?

Spelet vil la oss ta kontroll over fem ulike personar med tilknytning til Forrester-familien, og dei er alle på ulike stadar i Westeros. I løpet av spelets seks episodar vil vi i tillegg til heimstaden til Forrester-familien få reise til kjende område som King's Landing og den store veggen i nord. Kva val du gjer med kvar person kan få ringverknader for dei andre karakterane, og du vil difor måtte tenkje nøye over handlingane dine. Handlinga vil utspele seg i tidsrommet mellom slutten på sesong tre av TV-serien, og før sesong fem.

Val og konsekvensar er ikkje noko nytt for Telltale Games, og dette er veldig viktige element i seriar som The Walking Dead og The Wolf Among Us. Det er samtidig alt vi veit om korleis Game of Thrones-spelet vil fungere, men berre at det er fokus på val og konsekvensar teiknar eit kraftige bilete av at utviklarane ikkje vil styre langt frå sin kjende formel.

Den første episoden av Game of Thrones vil bli lansert snart, men nokon dato har vi ikkje fått enno. I første omgang vil Game of Thrones bli lansert på PC, Mac, PlayStation 3, PlayStation 4, Xbox 360, Xbox One og iOS. Fleire plattformer vil bli kunngjorde seinare.

Dette blir ikkje første gong vi får spel basert på Game of Thrones. Frå før har vi fått eit skuffande rollespel, og strategispel, begge frå franske Cyanide.

Siste fra forsiden