Test

Oculus Quest 2 256 GB VR-briller

Kan bli starten på ein ny VR-revolusjon

Trådlaus og basestrasjonfri VR har aldri vore så bra. Men har Facebook øydelagd moroa?

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Virtual Reality såg ein stor vekst då Half-Life: Alyx kom ut i sommar. Spelet har skapt ei ny interessebølgje for plattforma, og no kjem nok eit produkt som utan tvil vil gjere det same.

Facebook-eigde Oculus er ute med nye Quest 2, eit VR-headsett du treng verken kablar, datamaskin eller basestasjonar for å bruke.

Quest 2 kjem i to variantar, med enten 64 GB eller 256 GB lagring, og erstattar både førre generasjon Quest og Rift S.

Takka vere moglegheit til oppkopling til PC med Oculus Link-kabelen eller strøyming via Virtual Desktop, er dette eit headsett som kan brukast både aleine og med datamaskin som drivar. Det opnar opp for tilgang til eit stort bibliotek av innhald.

Med ein pris på 3800/5000 kroner har inngangsbilletten til skikkeleg VR aldri vore så rimeleg som no, og me kan røpe at her får ein mykje valuta for pengane.

Design

Den nye generasjonen Oculus Quest er blitt lettare og meir kompakt. Utsjånaden kan me heller ikkje seie noko på. Dette er eit stilig produkt. Sjølve visiret er såpass lett at ein ikkje merkar noko særleg til det over lengre bruksperiodar, men reima er ikkje like god som førre generasjon.

Det er mogleg å kjøpe ei oppgradert reim til 500 kroner, som eg syns er juks av produsenten. Den vanlege reima fungerer greitt viss ein finn rett posisjon der ho ikkje luggar håret på bakhovudet, men eg kjenner på litt press etter å ha Quest på i 5–10 minutt eller meir. Heldigvis er det mykje rom for å gjere justeringar, så brukar du tid på å finne den rette innstillinga kan det hjelpe ein del.

FLOTT PRODUKT: Quest 2 er utan tvil det flottaste VR-headsettet så langt. NB: Eg gløymte å ta av pappen rundt headsettet før eg tok bileta, så det ser litt rart ut.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eg har ikkje fått testa den oppgraderte reima enno, men eg trur nok det kan vere ei grei investering.

Putene til panna er behagelege mot huda, og presset mot ansiktet er fordelt slik at ein ikkje merkar noko til sjølve visiret. Det einaste minuset med designet, anna enn reima, er at det er litt meir rom rundt nasen enn det burde vere. Viss eg ser på den nedre halvdelen av linsene har eg ein tendens til å få inn ein del lys frå golvet. Det kan tukle med innlevingskjensla.

Inni visiret kan ein justere på linsene, slik at ein finn den rette distansen og får eit bilete som er så skarpt som mogleg.

Sist finn me nokre små lydelement på enden av reimene, som byr på ei heilt ok lydoppleving. Volumet er noko slapt og lydbiletet er ikkje spesielt detaljert, men det gjer jobben. Eg ville nok uansett brukt eit eige headsett for å få skikkeleg lyd.

Brukaroppleving

KJAPT OPPSETT: Brukaropplevinga til Quest 2 er milevis betre enn korleis det har vore for VR for nokre få år sidan.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Oppsettet av Oculus Quest 2 er enkelt og kjapt. Med ein gong du hiv på deg visiret blir du bedt om å lage ein spelesone for å spele sittande eller i romskala, og etter ein liten instruksjonsvideo er du klar for å gå i gang. Spelesonen mekkar du lett takka vere kamera som lar deg sjå omgivnadane dine inni headsettet.

Så lenge ein ikkje koplar headsettet til ein PC, må ein inn i Oculus-butikken for å handle spel og programvare. Den kan du styre direkte gjennom headsettet, men du treng ein app for første oppsettet.

Og her er ein av dei store kontroversane rundt Quest 2. Du er nemleg avhengig av ein Facebook-konto.

Facebook har varsla at dei vil slå ned på dei som lagar falske kontoar for å bruke headsettet. Det er ganske lusent. Kor mykje personleg data dei kan sanke inn her anar eg ikkje, men det er skummelt å tenkje over kva dei eigentleg sit på etter kvart. Her har dei nok sett sjansen sin for å hauste inn både det eine og det andre.

Men elles er du eigentleg i gang når du har lasta ned appen og starta Quest. Då er det berre å handle i veg med spel, laste dei ned og spele. Min første Vive ligg dekkja med eit tjukt lag med støv i eit skap, rett og slett fordi det er så mykje styr med å gjere det klart til å spele kvar gong. Basestasjonar, oppsett av romskala og anna styr tar fort ti minutt kvar gong. Her hoppar me rett inn.

Det gjer VR langt meir interessant for min del.

Sporing og kontrollarar

Oculus Quest 2 nyttar seg av såkalla «innsida ut»-sporing, der ein har interne element som tar seg av sporing av headsettet i staden for basestasjonar. Dette fungerer strålande. Eg har ikkje merka noko problem med sporinga i det heile, heller ikkje i svakt lys.

EFFEKTIV SPORING: Det er lite å klage på med verken sporinga til kontrollarane eller headsettet.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det same gjeld kontrollarane, som verkar presise og responsive. Dei er veldig like førre generasjon, men har blitt litt tyngre. Kontrollarane har òg mista noko av teksturen på overflata, slik at det er lettare å miste dei viss ein blir sveitt i handflata.

Men elles er det lite å klage på. Kontrollarane får kraft frå AA-batteri, som gjer at dei sannsynlegvis vil halde koken i nokre månadar. Etter to dagar med intensiv bruk er dei framleis på 100 prosent batteri. Elles har eg testa ei rekkje spel utan å merke noko som helst feil med sporinga, på verken headsettet eller kontrollarane.

Det lovar godt.

Skjerm og yting

Den aller største oppgraderinga frå første generasjon av Quest kjem gjennom skjermen og den innebygde prosessoren. Første Quest hadde ein OLED-skjerm med ei oppløysing på 1440 x 1600 på kvar auge. Denne har 1832 x 1920. Nye Quest drar nytte av eit LCD-panel på 72 hertz, same oppdateringsfrekvens som førre generasjon, men som skal skruast opp til 90 hertz ved ei komande oppdatering.

Skilnaden på kvalitet er stor. Eg kan framleis sjå enkelte piksel klart og tydeleg, men det er betydeleg mindre merkbart enn ved førre generasjon. Eit av dei største problema med VR har vore såkalla «skjermdøreffekt», der det ser ut som ein ser spela gjennom ein myggnetting eller liknande, og her tar Oculus eit langt steg mot å få vekk dette.

Synsvinkelen på skjermane er faktisk noko lågare enn førre generasjon (frå 95 grader til 92), men det er kanskje ikkje det viktigaste å få rett. Hoppet i oppløysing er trass alt det me har venta på.

KANONSKJERM: Hoppet i oppløysing gjer at skjermdøreffekten nesten er vekke.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Samstundes håpar eg at oppgraderinga til 90 hertz kjem snart, for eg merkar at det kan vere litt ubehageleg å spele over lengre periodar med ein såpass låg biletefrekvens. Det har nok mest med at eg er vand med ein høgare biletefrekvens frå andre headsett, men det er uansett skuffande at Oculus ikkje har sett noko dato for ei oppdatering.

Når det kjem til sjølve ytinga har Oculus utstyrt Quest 2 med ein «system-on-a-chip» frå Qualcomm. Dette er same teknologien som ein finn i spelkonsollar og mobiltelefonar, der både skjermkort og prosessor sit i same eining. Førre Quest køyrde på Snapdragon 835, og denne gongen er det XR2 som driv headsettet. Minnet er òg auka frå 4 GB til 6 GB.

Det er ein svær forskjell. Eg har ikkje moglegheit til å benchmarke spela eg har testa, men så langt har eg berre merka nokre få tilfelle med dropp i biletefrekvens. Då har eg prøvd spel som Arizona Sunshine, Onward, The Walking Dead: Saints and Sinners, Vader Immortal og Beat Saber. Dei køyrer stort sett feilfritt.

Her imponerer Quest 2.

Men kraftig yting og ein god skjerm krev straum, noko som eg merkar på batterilevetida. Ho er rundt to timar. Ladinga går relativt kjapt over USB-C, men dette er i det knappaste laget syns eg. Samstundes er det greitt å ta hyppige pausar når ein speler i VR, for oppløysinga og biletefrekvensen er framleis såpass låg at ein kan få vondt i auga av å spele i meir enn 20–30 minutt.

Spelinnhald

Det største problemet til Oculus er mangel på innhald. Oculus har ikkje lansert alle Rift-spela til Quest, og alt av Steam VR-innhald er utilgjengeleg i Oculus-butikken. Eg trur ikkje det tar så veldig lang tid å jobbe seg gjennom det som er av interesse. Det er rett og slett for lite. Dei fleste gode spela som ligg ute i butikken har eg vore innom før, og det er lite nytt for VR-veteranar.

GLATT: Dei oppgraderte kontrollarane fungerer som berre juling, men dei er glattare enn førre generasjon.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Men Quest 2 har støtte for Oculus Link (berre 72 hertz), som kan la deg kople headsettet til datamaskinen og bryne deg på spel som Half-Life: Alyx. Det er for tida tomt i butikkane for kabelen så me har ikkje fått testa dette enno, og kjem difor til å vente med å gi ein endeleg karakter på Quest 2. Me kjem tilbake med dette når me har fått testa Link.

Eit alternativ er å bruke programvara Virtual Desktop til å strøyme spel frå datamaskinen til headsettet. Her må det litt fikling til med nokre brukarskapte oppdateringar og slikt, og du er avhengig av å ha tilgang til eigen ruter for å opne portar. Dette har ikkje eg, så det får me heller ikkje testa heilt enno.

Uansett er det greitt å vite at det framleis er forholdsvis lite interessant innhald til VR.

Alyx er det store trekkplasteret til VR, og spel som Star Wars Squadrons eller Stormland er gode nok til å kanskje rettferdiggjere å bruke 4–5 tusenlappar, men samanlikna med kva som finst på Steam elles, har VR-marknaden ein lang veg å gå.

Konklusjon

Det blir spanande å sjå korleis VR utviklar seg dei neste åra. No byrjar brillene å bli såpass gode at mange av barnesjukdomane forsvinn, men som ved starten er det ein saknar mest dei givande spela. Det er framleis altfor få av dei.

Dette er for så vidt eit større problem for dei dyrare headsetta, for då får ein igjen mindre for pengane. Her er det vanskeleg å ta Quest 2. Headsettet har strengt tatt ingen konkurrentar som held følgje. Dette er utan tvil det beste billige VR-headsettet, og når det kjem til å få valuta for pengane er dette så langt marknadens klart beste produkt, av alt som har blitt lansert dei siste fem åra.

Og vil du få mest for pengane, kan du kjøpe 64 GB-varianten. Dei fleste spela på butikken tar forholdsvis lite plass, så kan ein heller bruke det ein sparar på ein Link-kabel og ei Elite-reim.

Eg skulle gjerne hatt ei meir komfortabel reim, betre lyd og lengre batterilevetid, men dei to første kan ein alltids gjere noko med sjølv. Batteriet ladar òg raskt nok til at ein kan spele ganske lenge viss ein berre ladar i pausane – for dei treng du med eit skjermpanel på 72 hertz.

SVAKARE REIM: Første Quest hadde faktisk ei betre reim, så her vil Oculus openbert mjølke brukarane for nokre ekstra kroner.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Totalt sett er sjølve produktet heilt konge. Med moglegheit for å kople seg til PC med Virtual Desktop eller Oculus Link kan du bruke hestekreftene frå datamaskinen din òg, som gjer at dette lett utkonkurrerer Oculus Rift S. Ein kan òg spare pengar med å kjøpe ein liknande kabel frå tredjepartsprodusentar.

Eit produkt som dette vil høgst sannsynleg drive interessa for VR vidare.

Innhaldet på Oculus-butikken er veldig tynt samanlikna kva ein får av spel på konsoll eller PC elles, men det kan fort skje at fleire utviklarar hiv seg på VR. Eg meiner dette kan bli starten for ein ny VR-revolusjon, liknande den me fekk då første Rift kom ut.

Likevel trur eg at eg, som allereie er kjend med ein del av dei store VR-spela, hadde gått ganske fort lei viss eg berre hadde brukt Oculus-butikken og det som finst der.

Elles er det største problemet naturlegvis Facebook. Det er sjeldan eg skriv noko om etiske problemstillingar i maskinvaretestar, men her er det viktig å dra fram. Ein bør vere svært skeptisk til oppførsel som dette frå slike internettgigantar.

Eg er djupt uroa for kva som skjer i kulissane når ein speler med Quest 2, og kva vurderingar Facebook har gjort rundt personvernet her. Dei sit allereie på tonnevis av informasjon om kvar og ein av medlemmene sine. No får dei endå meir, og på eit heilt anna nivå.

Slik er det dessverre med det meste me gjer på nettet. Dei aller fleste tenkjer nok ikkje så mykje over dette, men det kan fort bite oss i baken i framtida. Det er skumle greier.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

Betydeleg oppgradert skjerm
Lite skjermdøreffekt
Forholdsvis behageleg
Heilt trådlaust
Intern sporing
Lett og kompakt
Flott utsjånad
Tilgang til Steam-innhald med Oculus Link
Svake høgtalarar
Kort batterilevetid
Lite kvalitetsinnhald utan Oculus Link eller strøyming over Virtual Desktop
Standardreima kunne vore betre
Treng Facebook-konto for bruk

Siste fra forsiden