Test

Svive Alpha K22 Premium

Kan Komplett lage gamingmus? 

Me har fått vår første «norske» gamingmus på testbenken vår.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

For første gong i Gamer.nos historie har me fått teste eit norsk produkt. I alle fall sånn halvvegs. Svive, gamingmerket til Komplett Group, er eit nordisk merke som produserer alt frå gamingstolar til datamus. Og Komplett blei jo trass alt starta i Noreg, så me føler me kjem unna med å kalle dette eit delvis norsk produkt.

Eg må innrømme eg var ein smule skeptisk då eg fekk gamingmusa Svive Alpha K22 Premium i posten, både på grunn av det litt jalla namnet og det eg har høyrt om merket, men dette har vore ei positiv overrasking for meg. Jaggu meg kan me lage gamingmus her i Noreg òg – viss ein kan kalle det norsk, då. Det er like mykje svensk og dansk som norsk, og produksjonen skjer visstnok i Kina. Men, ja. Korleis er musa i bruk, eigentleg? Lever ho opp til prislappen på 700 kroner?

Design og komfort

Logitech G403 og Logitech G703 har ei av mine favorittformer for gamingmus, og Svive Alpha er i praksis G403 i miniversjon med ein litt høgare rygg. Gamingmusprodusentar kopierer kvarandre i aust og vest, så det er på ingen måte noko problem.

Det er ei lita gamingmus, og ho ligg svært godt i handa takka vere passforma og plasten på sidene som gir masse grep. Som G403 eignar musa seg best for dei med handflategrep, men passar òg fint for dei med klogrep viss ein har små eller mellomstore hender.

G403-KLONE: Svive Alpha K22 Premium har ein av dei desidert beste formene for handflategrep. Ho passar òg svært bra i klogrep.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Musa er utstyrt med ein skolissekabel. Det er ikkje den beste eg har vore borti, men det er små forskjellar på kjensla mellom denne typen kablar. Målet er å få bruken av musa til å vere så nær trådlaus som mogleg, og det klarar Svive her.

LÅG VEKT: Musa veg betydeleg mindre enn det Svive skriv på eska. 10 gram kan ha ganske stor betydning i konkurranseskytespel.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Svive Alpha K22 Premium viser 69 gram på vekta mi. I løpet av dei siste åra har det kome ei flodbølgje av lette gamingmus under 70 gram, men mange av dei har gjerne bikakekonstruksjon og svakare byggekvalitet enn denne. Slik sett er eg imponert – spesielt då det står at ho veg 80 gram på eska. Det er litt spesielt.

Det eg var mest skeptisk til var byggekvaliteten. Dette er absolutt ikkje noko premiumprodukt, men eg har ikkje merka noko teikn til ulydar når eg ristar på Alpha K22. Byggekvaliteten verkar faktisk ganske solid. Denne typen testar kan ikkje seie noko om langtidsbruk, men det er ikkje noko med produktet som gjer meg bekymra for det. No marknadsfører jo Svive faktisk dette akkurat som eit premiumprodukt, og det bør det helst vere som ei kabelmus over 600 kroner, men det inntrykket får eg ikkje her.

Knappar

Svive Alpha K22 Premium har fem knappar og eit klikkbart rullehjul. Vandringa på venstre og høgre museklikk er for lang for min smak, som gjer at dei kjenst ein smule lause. Men det er noko ein venner seg fort til. Klikklyden er fin og romsleg.

LANG VANDRING: Både sideknappane og museknappane har for lang vandring, men plasseringa gjer opp for veikskapen.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det same gjeld sideknappane. Dei har endå lengre vandring enn museknappane, og lid av det same problemet som ein del Zowie-mus gjer. Her er det rom for forbetring. Plasseringa er det derimot lite å seie på, for det er berre å rulle tommelen opp ein halv millimeter for å trykke sideknappane inn.

Rullehjulet er dekkja med gummi, og har ein klar feedbacklyd når ein tar det rundt. Det fungerer heilt greitt, og det same gjer PPT-knappen på undersida. Den lar deg rullere gjennom tre PPT-trinn, der ein ser kva trinn ein er på ved hjelp av nokre indikatorlys på toppen av musa.

Sensor

Svive har utstyrt Alpha K22 Premium med ein 3389-sensor frå PixArt. Det betyr feilfri sporing og støtte for PPT opp mot 16 000.

Det er lite å seie på ytinga her. Sensoren kjem til å levere alle dei hovudskota du vil, sett at du treff sjølv, naturlegvis. Sporinga er perfekt ned til det minste piksel, og eg klarar ikkje å få sensoren til å spinne ut.

Programvare og RGB

MYKJE LYS: Musa er utstyrt med ei lyslist som går rundt heile kroppen.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Layouten på programvara ser ganske heimesnikra ut, men du får stort sett det du treng. Her kan du programmere makro, endre eigenskapar på knappane, sette opp nye PPT-trinn og lage eigne profilar som du kan rullere mellom.

Programvara lar deg til og med endre løftedistansen, som er eit velkome tilskott som ein del produsentar pleier å sløyfe i programvara si.

Det er berre tre ulike modusar for RGB-fargar, og av ein eller anna grunn er det ingen raudfarge – som strengt tatt gjer at det eigentleg ikkje er RGB. Men det er lyselement både i logoen på ryggen, rullehjulet og i ei list rundt heile musa, og fargane gjer ganske mykje ut av seg for dei som likar slikt. Det blir eit lite lysshow på pulten viss du har det på.

Konklusjon

Det finst mange betre produkt der ute, men Svive Alpha K22 Premium er ei positiv overrasking. Eg har ikkje noko særleg negativt å seie om ho. Lang vandring på knappane og ei litt utdatert programvare er bagatellar i det store og heile, men problemet er berre at det er ekstremt mykje konkurranse i prisklassen rundt 700 kroner.

FOR DYR: Svive Alpha K22 Premium klarar ikkje leve opp til prislappen sin. Då er veslebroren eit betre kjøp.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Du kan få PMW3389-mus ned til 300–400 kroner for tida, og det er der eit produkt som dette må ligge for å kunne hevde seg i marknaden. Svive Alpha K22 Premium har vore i hyllene til Komplett i snart eit år no, så dei må skru ned prisen betydeleg for at folk skal kunne vurdere denne som eit alternativ.

Produktet er bra, men rett og slett for dyrt.

7.5
/10
Svært god passform for handflategrep
Låg vekt
Skolissekabel
Feilfri sensor
Mykje RGB-lys
Ingen raudfarge i RGB-lyset?
Lang vandring på sideknappane
For høg pris

Siste fra forsiden