Kickstarter-kampanjen for The Bard's Tale IV er i gong

Kan studioet bak Wasteland 2 og Torment: Tales of Numenera lukkast igjen?

inXile Entertainment

Dei siste åra har inXile Entertainment gjort stor sukess med folkefinansiering gjennom Kickstarter. Dei samla inn nesten tre millionar dollar for å få utvikla Wasteland 2, og det gav nok meirsmak til at dei prøvde seg igjen for å finansiere Planescape: Torment-oppfølgjaren Torment: Tides of Numenera. Den kampanjen samla inn over fire millionar dollar.

No prøvar inXile seg for tredje gong, og igjen er det ein gammal klassikar dei vil børste støv av, og hente tilbake for eit moderne publikum. Med The Bard's Tale IV-kampanjen som dei i dag har starta på Kickstarter, håpar dei å samle inn minimum 1,25 millionar dollar for å utvikle eit rollespel med fokus på kamp, avgjerande val, og ikkje minst musikk.

inXile lovar oss ei stemningsfull verd.

Går alt etter planen vil spelet lanserast hausten 2017, og bli tilgjengeleg på Windows, Linux og Mac. Dei som støttar spelet med 20 dollar eller meir i løpet kampanjens første døgn vil få Wasteland 2, The Witcher eller The Witcher 2 som ein gratis bonus.

Vil by på ei solid utfordring

Vi har ikkje fått sjå noko konkret frå The Bard's Tale IV, men inXile lovar det vil bli ein svært utfordrande grottekravlar. Du vil skru saman ei gruppe av heltar som må reise ut på eventyr, og i møte med dei mange fiendane spelet byr på vil du ta i bruk eit turbasert kampsystem som nyttar det inXile kallar fasebasert kamp.

Det vil seie at i staden for at ein og ein figur i kampen handlar etter tur, vil alle heltane i gruppa di utføre sine handlingar i ein og same tur, før fienden får slå frå seg. På denne måten skal du kunne kombinere eigenskapane til heltane dine for å oppnå resultat langt større enn heltanes individuelle krefter.

Gruppa får du skru saman slik det passar deg, med heltar som kan vidareutvikle seg og spesialisere seg. Barden spelet hentar namnet sitt frå vender naturlegvis tilbake, og han kan spele songar som gjev bonusar til resten av krigarane i gruppa.

The Bard's Tale IV blir bygd med Unreal Engine 4.

Som vanleg for inXile-spel vil The Bard's Tale IV by på mange val og konsekvensar. Det du gjer i spelet kan få utslag for meir enn berre deg og følgjet ditt, og kva oppdrag du vel å bryne deg på kan endre verda i spelet. Folkets haldning til deg kan endre seg, kjøpmenn kan bli meir eller mindre venlege, og nye bygningar kan bli tilgjengelege.

Har levert varene før

Om du lurer på om inXile har det som skal til for å innfri løfta dei kjem med i Kickstarter-kampanjen for The Bard's Tale, kan du prøve deg på deira første Kickstarter-suksess Wasteland 2.

Wasteland 2 blei lansert i fjor haust, og vår mann meinte det var eit spel som fekk Wasteland-serien til å eldast som ein fransk Merlot:

«Wasteland 2 innehar den same kjensla av innleving og mystikk som eg erfarte då eg spelte Fallout 2 i gamle dagar. Dei har halde seg tru mot gamle rollespeloppskrifter, samtidig som dei har modernisert kampsystemet og openbart det som går på presentasjon, og landa på et produkt som imponerer. Det har også ein gjenspelingsfaktor som mange moderne spill manglar.»

Siste fra forsiden