Anmeldelse

The Mageseeker: A League of Legends Story

Magisk runddans med hakk i plata

The Mageseeker er så farleg nær å vere ein moderne klassikar at det gjer litt vondt.

The Mageseeker: A League of Legends Story.
Digital Sun

Noko av det verste som kan skje i mitt yrke er spel som The Mageseeker. Slike spel som gjer så mykje rett og bra og spanande, men som feilar fullstendig på oppløpssida. The Mageseeker har alt, ei god historie, eit slåande ytre, gripande musikk, og spelmekanikkar som både er velkjende og spenstig nytenkjande på ei og same tid.

I The Mageseeker: A League of Legends Story møter vi Sylas akkurat i det han gjer seg ferdig med mange år lenka til to veggar via to massive kjettingar. Han lev i ei verd der magi er forbode, og der autoritetane aktivt jaktar på dei som kan bruke magi, hiv dei i fengsel, og enten kastar nøkkelen eller eksperimenterar på dei for å skape gudane veit kva.

Sylas var ein gong ein av desse som jakta på magibrukarar, men ein skjebnesvanger dag gjekk det skeis. Han skulle berre hjelpe nokon, men det enda i død og blodbad og enden på visa var livstid i fengsel. Ein vakker dag klarar han å rømme. Han vender fiendane sin magi mot dei, bryt seg ut av cella si, og set i gong med eit heidundrandes hemntokt.

Klassisk action med ein vri

Å ta magien til fiendane blir raskt viktig.
Øystein Furevik/Gamer.no

The Mageseeker skapar umiddelbart ei saftig retrokjensle. Jovisst, det er pikselgrafikk og alt det der, men det er ikkje den aleine som skapar retrovibbane. Heile pakka osar av ein kjærleik for ting som i stor grad er borte. Her får vi kjapp action i fugleperspektiv blanda med kulehelvetespela frå den gong då i ei herleg pakke der det heile tida skjer nesten for mykje til at ein klarar å halde styr på det.

Spelet ausar nye grupper med fiendar over deg med stor iver, og du denger laus på dei med alt du har, og då spesielt med magi. Ved å sikte deg inn på ein fiende kan du stele magien hans og bruke den sjølv, og dette er svært ofte ein mykje meir effektiv måte å kjempe på enn ved å denge laus med kjettingane som framleis heng fast i armane til Sylas.

All magi i spelet tilhøyrer eit av seks element, og møter du til dømes to fiendar der den eine brukar ismagi og den andre brukar eldmagi er det berre å stele ei flammekule frå eldmagikaren og sende den mot ismagikaren og det meste av jobben er gjort. Etter kvart låser du opp eigen magi òg, men denne kostar mana, og mana får du ved å piske fiendane med kjettingane dine.

Det er kjapt, det er underhaldande, og det er ein formel som er uhyre engasjerande der den tvingar deg fram inn og på fiendane. Dei som har skrudd saman dette kampsystemet fortener eit solid klapp på skuldra.

Mellom hemntokta reiser du heim til basen din. Det er her du snakkar med folk, oppgraderer Sylas, og tek på deg nye oppdrag. Basen veks for kvart oppdrag du tek. Det som i starten er nokre gamle ruinar langt inne i skogen er mot slutten av spelet ein fargerik stad som sprudlar av liv. Det meste av det er kosmetisk, men nokre av folka du finn vil tilby nye fasilitetar som let Sylas oppgradere nye sider ved seg.

Det er mykje pen pikselgraikk i spelet.
Øystein Furevik/Gamer.no

Rundt omkring i verda vil du finne magikarar som vil bli med i revolusjonen, og dei blir med til basen din der dei finn sin plass. Desse magikarane trer inn i rekkene som lærlingar under seks magikarar som representerer kvart sitt element. For kvart oppdrag kan du ta med deg to av dei, og etter kvart som dei får fleire og fleire lærlingar blir magien til deira respektive element sterkare.

Alt har si bakside

Jamt over har The Mageseeker alt gåande for seg. Engasjerande mekanikkar og ei historie som faktisk engasjerer er ein god kombinasjon. Det er berre eit lite problem som gjennomsyerer nesten alt i dette spelet. Det er ulideleg repetitivt.

Så og seie alt i dette spelet lid av overdriven repetisjon. Historia er fin, eg vil ha med meg den, men for mykje fyllstoff står i vegen til at det blir underhaldande heile vegen gjennom. Dette er ikkje eit veldig langt spel, det har ei respektabel tid på i overkant av ti timar, men det kjennest som det dobbelte. Kvart område du går inn i er hakket for stort, og dei ser alle heilt like ut. Dei første timane er herlege. Du får utforske store skogar, spanande byar, mørke kloakksystem. Alt er nytt, spanande, lekkert.

Det er ei nydeleg oppleving, heilt til du nokre timar seinare innser at dette er det einaste spelet eigentleg har å by på. Skogar, byar, grotter. Rettare sagt, den same skogen, den same byen, den same grotta. Igjen og igjen. For kvar andre meter du går møter du dei same gruppene med fiendar du har møtt hundre gongar før, og på eitt eller anna tidspunkt gidd du ikkje tenkje tanken på å prøve ut nye taktikkar lenger, du har funne noko som funkar. Det er berre å kome seg gjennom det.

Til og med musikken byrjar etter kvart å bli for repetitiv. Noko som sit langt inne å seie sidan den er komponert av Gareth Coker som har stått bak musikken i Ori-spela, og mykje av musikken i Halo Infinite. Han kan sakene sine, og han har levert stemningsfull, vakker og nesten forteljande musikk i The Mageseeker, men etter å ha høyrt det same temaet spelt av ein cello snike seg inn i nesten all av musikken gjennom eit titals timar er det eigentleg litt for mykje av det gode her òg.

Å ta magien til fiendane blir raskt viktig.
Øystein Furevik/Gamer.no

Så nær, så nær

Alt dette er frykteleg synd, for The Mageseeker er eigentleg eit knakande godt spel, det er berre veldig tydeleg at utviklarane ikkje heilt har hatt sjølvdisiplin nok til å kutte det overflødige.

Likevel er dette eit engasjerande spel. Sjølv om du møter dei same fiendane alt for mange gongar, møter du likevel stadig nye. Du endar berre opp med å møte dei òg alt for mange gongar. Spelet klarar likevel å lage ein haug med intense utfordringar for deg. Mange av dei er av ein så enkel natur at spelet stenger deg inn i eit rom og kastar stadig fleire fiendar din veg.

I store klynger viser svakheitene ved kampsystemet seg raskt. Det er meininga at du skal stele magi og bruke den, men spelet byr på mange kampar der dette er nesten umogleg. Når du har ein gjeng på minst fem fiendar som samlar seg i ei klynge er det frykteleg vanskeleg å låse seg inn på rett fiende.

Det kan bli frykteleg frustrerande, men samstundes kan det bli ein fantastisk sjanse til å teste ut ulike former for magi. Når alt klaffar er spelet latterleg moro, og spesielt i sjefskampane får ein merke på dette. Spelet byr på ganske mange av dei, og dei følgjer klassisk oppskrift med fiendar som må tvingast i kne over fleire fasar der dei spyr ut stadig verre angrep.

Kjettingane til Sylas kjem verkeleg til sin rett her. Dei kan ein bruke til å dra seg mot fiendar eller krokar som står svært praktisk utplassert der dei trengs, men i møte med fiendar som sprer daud og øydelegging over store områda er det å raskt kunne hoppe fram og tilbake over heile skjermen gull verdt.

Før eller seinare vil du likevel døy. Det høyrer med. Du møter ein stor stygg jævel, brukar kanskje feil framgangsmåte, døyr, og tek han på andre forsøk, klok av skade. I The Mageseeker er det diverre slik så godt som alle verkeleg stor kampar kjem rett etter ein historiesekvens, og om du døyr, har spelet lagra før denne sekvensen. Du får aldri starta rett i kampen, neida, du må sjå folk prate seg gjennom noko du allereie har sett. Riktig nok får du lov til å spole gjennom dialog, men det er berre dialog, alle animasjonane av folk som går ut av skjermen eller slår til nokon må du pent vente på at har gjort seg ferdig.

Konklusjon

Starten på ein revolusjon.
Øystein Furevik/Gamer.no

Det meste av tida mi med The Mageseeker var god tid der eg kosa meg og var underhaldt. Historia er engasjerande, og Sylas er ein person som lev så pass komfortabelt i ei moralsk gråsone at han blir interessant å følgje med på. Han er godt skrive, ikkje minst grunna dei mange folka som etter kvart følgjer etter og blir hans allierte, sjølv om dei ikkje alltid er einige med han.

Spelet er nydeleg, med lekker og stemningsfull pikselgrafikk som verkeleg vekkjer miljøa til live medan du spring rundt og pryler fiendar til natta er lang. Kampsystemet er genuint engasjerande, og sjølv om det har sine svake ledd, er det jamt over ei fryd å spele med når ein får skikkeleg taket på det.

Hadde det ikkje vore for all denne repetisjonen som gjer til at ein får nok av alt, kunne dette verkeleg ha vore noko. Realiteten er at uansett kor mykje bra spelet gjer, er det ikkje godt nok til at det er underhaldande i time etter time i dei same områda med så og seie dei same fiendane utan stopp. Det treng meir.

The Mageseeker er ute til PlayStation 5, PlayStation 4, Xbox Series X/S, Nintendo Switch, og Windows.

7
/10
The Mageseeker: A League of Legends Story
Eit tidvis nydeleg spel som er altfor repetitivt.

Siste fra forsiden