Test

BenQ Mobiuz EX2710U

Strålande, men frykteleg dyr

Me prøver det ypparste innan PC-gaming.

Me har eksperimentert ein del med hardware-dekninga vår i det siste, og skal måle interessa for testing av gamingskjermar som del av innhaldet vårt.

Her kjem me nok til å endre ein del på artikkeloppsetta etter kvart som me skriv fleire testar.

Først ut av skjermane me har ståande er BenQ Mobiuz EX2710U, ein 4K-skjerm på 27 tommar med ein oppdateringshastigheit på 144 hertz. IPS-skjermen har støtte for FreeSync, HDR og HDMI 2.1.

Dette er ein skjerm for dei med feit lommebok. Du er avhengig av ein heftig datamaskin for å få mest ut av panelet – og sjølve skjermen kostar 12 500 kroner.

Skjermen støttar 4K120Hz på konsoll, så det er med PC du får den kjekkaste opplevinga. Det er òg det me har testa skjermen med.

Lekkert design

EX2710U tar seg godt ut på pulten. Rammene er syltynne, og det er få teikn til gamer-preg anna enn nokre lyslister på baksida med ein drøss med ulike fargeinnstillingar – som du alltids kan slå av om du ønsker.

Det er lett å finne den rette plasseringa takka vere mange innstillingsmoglegheiter i høgda og breidda. Dessverre er det ikkje mogleg å ha skjermen vertikalt, som nok er eit minus for mange som vil bruke skjermen til både speling og produktive oppgåver.

BAKSIDE: Skjermen har to HDMI 2.1-inngangar, éin DisplayPort 1.4-inngang, fire USB 3.0-inngangar og éin USB C-inngang.

Alt av eigenskapane til skjermen blir enkelt tilpassa av knappane på undersida. Dei er greie å kome til, og den innebygde programvara er intuitiv nok til at ein ikkje treng bruksrettleiinga for å sette opp skjermen.

Skjermen er tilgjengeleg i 32 tommar for dei som syns 27 tommar blir for lite for 4K, då til ein litt lågare pris.

Minilydplanke

Dei tjukke høgtalarelementa er det som fangar auget før du slår på skjermen.

Gamingskjermar pleier ikkje ha heilt den store lyden, men desse leverer høg lydkvalitet for å vere skjermhøgtalarar. Men det er altså ikkje så veldig mykje å skryte av samanlikna med eksterne høgtalarar eller eit headsett. Det har du sannsynlegvis råd til viss du har pengar nok til ein skjerm som dette.

Skjermen kjem òg med ein innebygd mikrofon. Eg tippar høgtalarane og mikrofonen er med på å dytte opp prisen ein smule, og eg tviler på at det er mange som kjem til å bruke funksjonaliteten i det heile.

Stor variasjon

Førsteinntrykket av sjølve panelet er at det leverer nøyaktige fargar, men dei ulike førehandsinnstilte fargemodusane utan HDR er for lyssvake for min smak.

Det er standard-modusen, og ikkje spelmodusane, som treff best på fargane. Det er òg store variasjonar frå spel til spel kva som er best av spelmodusane, og det gjeld dobbelt med HDR.

TYNNE RAMMER: Rammene rundt skjermen er neeeesten så tynne at du ikkje ser dei.

I det nyoppussa rollespelet The Witcher 3: Wild Hunt opplever eg at HDR-modusane enten har altfor mykje eller altfor lite kontrast. Enten blir høglyset så overeksponert at alle detaljar forsvinn og fargane blir altfor metta, eller så blir biletet tamt og utvaska.

Dette heng nok saman med skjermen si løysing for «local dimming», det som styrer svartnivået og kontrasten gjennom bakgrunnslyset.

I The Witcher 3: Wild Hunt syns eg det er betre å spele utan HDR enn med. Rett nok er det ein del skilnadar frå spel til spel.

I spel med eiga kalibrering av HDR-fargar, slik som Overwatch, kan ein redusere effekten av få dimmesonar og HDR-opplevinga blir mykje betre.

Konklusjon

FreeSync-støtte, låg forseinking (eitt millisekund), høg oppdateringshastigheit og 4K-oppløysing er ein saftig kombinasjon for speling.

Problemet for BenQ er at skjermen er for dyr. Samsung lanserte nyleg ein 4K 240hz-skjerm til berre eit par tusenlappar meir – rett nok VA-panel, ikkje IPS – og det er fleire 4K-skjermar med oppdateringshastigheit på 144 hertz til godt under 10 000.

Det er lite negativt å seie om skjermen anna enn det eg har pirka i i teksten over, og skjermen er totalt sett strålande, men han er verkeleg ikkje verd så mykje pengar.

Sjølv om BenQ har utstyrt skjermen med ein del ekstra snacks, er det ikkje nok til å gjere denne attraktiv når konkurrerande skjermar har omtrent identiske spesifikasjonar og yting til langt meir lommebokvennlege prisar.

7.5
/10
BenQ Mobiuz EX2710U
Det er vanskeleg å forsvare denne prislappen.
4K-oppløysing på sylskarpt skjermpanel
Låg forseinking
Innebygde høgtalarar med grei kvalitet
Støtte for FreeSync og HDR600
Intuitiv programvare
HDMI 2.1 gir 4K120hz på konsoll
Høg pris
HDR fungerer ikkje alltid like bra i spel
Kan ikkje bruke skjermen vertikalt

Siste fra forsiden