Kickstarter-nedtur for klassiske Outcast

Utviklarane gir seg sjølve skulda, men gir ikkje opp.

Då Outcast blei lansert i 1999 var det på mange måtar før si tid. I staden for tradisjonelle grafiske verkty, brukte utviklarane voxel-teknologi og raycasting for å skape ei stor og vakker verd. I tillegg skilta spelet med det som på den tida var svært solid kunstig intelligens. Spelet blei aldri ein stor suksess, men opparbeida seg kjapt status som ein kultklassikar.

For ein knapp månad sidan tok dei originale utviklarane av Oucast til Kickstarter for å prøve å hente Outcast tilbake igjen. Målet var å lage ein ny versjon av det originale spelet, men med betre grafikk, tekniske forbetringar, samt nytt innhald om dei skulle sanke inn nok pengar.

I natt tikka dei siste sekunda inn for kampanjen, og teamet hos Fresh3D Inc måtte innsjå at dei berre hadde samla inn i underkant av halvparten av dei 600 000 dollarane dei var på jakt etter.

Skuldar på seg sjølve

Skjermbilete frå Outcast frå 1999.

I ei oppdatering på Kickstarter-sida legg utviklarane i all hovudsak skulda på seg sjølve. Dei meiner kampanjen deira var alt får dårleg planlagt, og at dei ikkje kommuniserte godt nok kva dette spelet handlar om.

Blant elementa utviklarane trekk fram som kritiske for kampanjen var at dei i utgangspunktet bad om for mykje pengar. I tillegg var ikkje videoane deira gode nok.

Sjølv om Kickstarter-kampanjen feila gir ikkje utviklarane opp håpet om å skape ein ny versjon av Outcast. I tida framover vil dei analysere og diskutere korleis dei kan få spelet til å bli ein realitet. Om finansieringa vil skje gjennom ein ny Kickstarter-kampanje, andre folkefinansieringstenester eller moglegvis private investorar er for tidleg å seie.

Om du skulle vere interessert i å prøve den gamle versjonen av Outcast, er den tilgjengeleg DRM-fri frå GOG.

Siste fra forsiden