Kickstarter-suksess for Amplitude

Guitar Hero-studioets tidlegare musikkspel får oppfølgjar.

For folk flest er Harmonix best kjende for sine Guitar Hero-, Rock Band- og Dance Central-spel, men før desse spela sende plastgitarar og dansesko ut i tusenvis av heimar, bygde dei popularitet med musikkspelet Ampltiude på PlayStation 2.

Amplitude nyttar liknande konsept som i Harmonix sine gitarspel. Du ser notar kome mot deg på skjermen, men i staden for ein gitar, brukar du handkontrollen for å halde rytmen. For nokre veker sidan lanserte Harmonix ein Kickstarter-kampanje for ein ny versjon av Amplitude.

Det såg ganske mørkt ut for spelet ei god stund, og berre nokre dagar før kampanjen var over var dei berre halvvegs mot målet. Den siste innspurten var derimot solid, og kampanjen enda opp med å tangere målet på 775 000 dollar, og håva til saman inn 844 127 dollar.

Sjølvkomponert musikk

Konseptbilete frå Amplitude.

I motsetning til fleire andre spel frå Harmonix vil studioet lage det meste av musikken sjølv for det nye Ampltitude-spelet, og det vil bli fokus på elektronisk musikk. Dette er for å få musikken til å passe best mogleg med spelmekanikkane.

Ved sidan av dette vil Amplitude bli ein oppdatert versjon av spelet vi kjenner frå før. Spelet får naturlegvis betre grafikk, og det vil i tillegg dra nytte av det Harmonix lærte under utviklinga av Guitar Hero- og Rock Band-spela.

Amplitude blir utvikla for PlayStation 3 og PlayStation 4, og vil etter planen kome i sal i løpet av mars neste år.

Om du er fan av musikkspel bår du få med deg vår feature om musikkspelas historie. Artikkelen krev Ekstra-abbonement.

Siste fra forsiden