Kommentar

Shadow of the Erdtree

Ein festdag for alle spelentusiastar

God, gammaldags hype er eit sunnheitsteikn for spelbransjen.

Bandai Namco

Onsdag viste FromSoftware fram den svært etterlengta traileren til utvidinga Shadow of the Erdtree.

Eg trur neppe det har skjedd, nokosinne, at ei utviding har skapt så mykje blest som denne.

Blood and Wine, The Ballad of Gay Tony, Dragonborn, Phantom Liberty, Citadel, The Old Hunters, alle enorme lanseringar, men tilsynelatande har FromSoftwares siste sett eit nytt høgdepunkt for å bygge hype rundt utvidingar.

Giga-hit

Om nokre dagar er det to år sidan Elden Ring lanserte og tok verda med storm.

Dei japanske utviklarane hadde endeleg klart å vekse ut av restriksjonane rundt Souls-like-sjangeren, og skapte suksess, både artistisk og kommersielt, som dei neppe hadde sett for seg.

For ingen av dei andre spela deira var i nærleiken av den populariteten Elden Ring fekk.

FromSoftware tok med seg dei beste ingrediensane frå halvanna tiår med Souls-spel, og kombinerte det med ein av dei best løyste opne verdene i spelhistoria.

Den kryptiske historieformidlinga, dei beinharde kampane og dei skrekkelege, Lovecraftianske monstera, fann saman på ein scene i ein utruleg skala.

Nye eventyr ventar i The Lands Between.
Bandai Namco

No har utviklarane brukt så enormt mykje tid på denne utvidinga, at forventningane har vekse opp i stratosfæren.

Og det er så utruleg kjekt å sjå. Det er ein slags festdag for oss spelentusiastar, når engasjementet når eit slikt nivå, noko me alle kan dele, sjå fram til.

Sveitta piplar sjølvsagt nedover panna til dei stakkars utviklarane hos FromSoftware.

Dei må leve opp til umoglege forventningar. Kven veit, kanskje klarar dei det, men det er eigentleg ikkje det viktigaste.

For gleda me sit med i dag, alle dei som sat duka framfor ei nedteljing til ein trailer, og delte dette saman, er nok ei gåve utviklaren har gitt oss.

Norsk fest

Onsdag har òg vore ein festdag på heimebane.

Oslo-baserte Hyper Games sat stolte og klare på heimekontora, og følgde med på Nintendo Direct. For første gong viste Nintendo fram eit norsk spel på sendinga.

Det er berre nokre knappe veker til Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen kjem, og mykje tydar på at det blir eit stort løft for Spel-Noreg.

Raw Fury / Hyper Games

Nokre timar tidlegare hadde soloutviklar Jardar Solli lagt fram sin første sniktitt på piratspelet Seablip. I 2021 sto Solli fram i NRK, og fortalde om den store lidenskapen sin for spelutvikling.

5000 timar hadde han lagt i Seablip, då. Slike eldsjeler treng me.

Genial formidling

21. juni får me alle bryne oss på kampen (?) mot Miquella i Elden Ring: Shadow of the Erdtree.

Eg skal definitivt gå i gang med ein ny runde før den tid, men ser aller mest fram til å sjå dei timelange analysane av traileren frå den australske youtubaren VaatiVidya.

For her er FromSoftware sine spel unike.

Det har vakse fram eit stort spelsamfunn rundt korleis Souls-spela formidlar historie, der tusenvis dukkar ned i dei mest obskure referansar for å snikre saman ei slags forteljing.

Tja, kva slags erdtree er dette, då? Vaati har nok svaret om ikkje så altfor lenge.
Bandai Namco

Forteljinga er jo der, og Elden Ring er nok det spelet i rekkja som drar vekk mest av sløret, men det er på ein måte blitt spelverdas «Hotel California».

Teoriane om kva desse spela eigentleg handlar om, er endelause, men svara må du finne sjølv.

Det elskar eg. Det gir eit eigarskap til forteljinga som du berre kan få i dei mest opne rollespel, men her, sjølv om forteljinga er skrive, er det du som må tolke og setje saman puslebitane.

Eg gleder meg som ein liten unge til dei neste brikkane kjem i sommar.

LES OGSÅ: Difor er Souls-spela så geniale »

Siste fra forsiden