Sniktitt

The Lord of the Rings: War in the North

Klassik action

Dette kan raskt bli det beste Ringenes Herre-spelet nokon sinne.

LOS ANGELES (Gamer.no): Snowblind er tilbake! Om du ikkje veit kven fabelaktige Snowblind Studios er, står eg fritt til å kalle deg ein ukultivert barbar. Dette er gjengen bak herlege spela Baldur's Gate: Dark Alliance og Champions of Norrath. Dette var fabelaktige actioneventyr i same gate som Diablo, og etter mi meining nokre av dei aller beste samarbeidsopplevingane gjennom tidene.

Siger gjennom samarbeid.

Nytt blod

Med War in the North gjer Snowblind nokre endringar på formelen dei hadde stor suksess med i førre konsollgenerasjon. Det er framleis samarbeid som står i fokus, men den isometriske synsvinkelen frå dei tidlegare spela er borte til fordel for eit tredjepersons-kamera. Ein naturleg konsekvens av dette er at det i motsetning til Dark Alliance ikkje vil vere mogleg for alle å spele på same skjerm. Spelet er i hovudsak utvikla for nett- og LAN-speling, men eg blei lova sjansen til å spele på delt skjerm for alle dei som veit å verdsette sofakos.

War of the North fortel ei ny historie som utspelar seg samtidig med fortellingene i Ringenes Herre-bøkene. Vi vil følgje ei gruppe på tre heltar. I rollene finn vi ein alv, eit menneske og ein dverg. Dei forskjellige rasane har forskjellige roller, og i typisk fantasy-stil er dvergen god på nærkamp, alven god med bogen og mennesket ein kløppar på magi. Du vil få lov til å justere korleis du skal sjå ut, men kor omfattande denne prosessen vil bli kan eg ikkje seie mykje om sidan kreasjonsverktya ikkje var heilt på plass.

I tillegg til å ha individuelle kampområde, har kvar rase forskjellige eigenskapar. Ein alv vil til dømes kunne sjå spor i landskapet ingen andre er i stand til å sjå. Mennesket vil kunne hamstre ingrediensar frå naturen slik at han kan lage styrkedrinkar av forskjellige slag, medan dvergens ekspertise på stein til dømes let han sjå spinkle steinveggar som kanskje skjuler ein skatt eller to.

Alle funksjonar i War of the North ser ut til å vere veldig enkle. Det er ingen avanserte system her, men dette er og noko av det som gjer spelet så fabelaktig lett å kome i gong med. Kvar rase har sine eigne måtar å kjempe på, og det er gjennom godt samarbeid dei store opplevingane kjem.

Det er ikkje berre i Moria dei har troll.

Saman er vi eit lynnedslag

I mitt møte med War of the North fekk eg æra av å spele ein robust dverg. Med ei svær øks i henda fekk eg nokre solide smakebitar på kva spelet har å by på. Som i mange andre actionspel hadde eg to basisangrep der det eine var sterkare enn det andre. Ein interessant vri på denne formelen er at det sterke angrepet har to funksjonar.

I tillegg til å bruke det sterke angrepet for å byggje opp kombinasjonsangrep, kan du delje til fiendane ein gong med det sterke angrepet for å slå dei ut av balanse før du tar eit avsluttande og blodig angrep med den same knappen. Dette demonstrerer ein av designfilosofiane til Snowblind. I takt med Tolkien sine mørke og grafiske skildringar av krig, vil dei gjere det same med War of the North, og det kan sjå ut til at dei er på riktig spor. Spelet er blodig i akkurat så store doser at det er brutalt utan å grense over til det tåpelege.

I tillegg til dei to angrepa hadde dvergen to spesielle eigenskapar. Den eine er eit krigsbrøl som vil rette fokuset til omringande fiendar på dvergen, medan det andre er eit kraftig slag med øksa som sender sjokkbølgjer i alle retningar. I og for seg høyrest kanskje ikkje dette så interessant ut, men når ein brukar dei i samarbeid med dei andre rasane dukkar det opp mange spanande situasjonar. Magikaren er til dømes ikkje så sterk mot fysiske angrep, men han kan setje opp eit magisk skjold som kan halde magi og piler ute.

Storestyggen med sjåfør.

Dvergen er i slike situasjonar perfekt til å forsvare magikaren mot fiendar med skarpe sverd. Eit solid slag med øksa og sjokkbølgjene sender fiendane flygande, noko som i tur gir alven ein gyllen sjanse til å fyre laus eit hav av piler. Eg merka umiddelbart kor sterkt samarbeidselementet er, og kor viktig det er å stå saman om å løyse utfordringane. Resultatet er veldig engasjerande og ustyrteleg moro.

Les også
Anmeldelse:

Stemningsfull presentasjon

War in the North er eit veldig flott spel. Det overgår ikkje all konkurranse på detaljnivå og teksturar, men det heile er veldig godt gjennomført. Mi korte reise i Midgard sendte meg gjennom Myrkskogen på leiting etter Radagast den brune, og dette var eit område som var ekstremt stemningsfullt. Lyssetjinga var veldig god der lys og skugge leikar med fantasien din. Måten Snowblind har fått trea til sjå ut som levande skapningar som nesten trekk sine spisse fingrar etter deg, er samtidig svært effektiv i å suge deg inn i Tolkien si magiske verd.

Noko anna som verkeleg set ei god stemning er musikk frå den respekterte komponisten Inon Zur, som tidlegare har jobba med Snowblind på Champions of Norrath-spela. Av det eg fekk høyre tolka eg det dit hen at han kombinerer eigne komposisjonar med variantar av Howard Shores filmmusikk til Ringenes Herre til stort hell.

Gjennom vandringa i skogen fekk eg òg sjå nokre glimt av korleis historia blir fortalt. Ein del av historia blir fortalt gjennom filmsekvensar, samt dialog medan du går frå ein stad til ein annan. Eg var vitne til ei scene der heltefølgjet snakka med ei av Tolkiens enorme ørner, og om denne sekvensen er noko å døme etter kan vi vente oss eit over gjennomsnittet godt skodespel.

Spelet inneheld òg samtaler der du sjølv kan velje kva du vil seie gjennom eit system som er nesten identisk med Mass Effect. Utviklarane kunne fortelje at kva val du gjer ikkje vil ha innverknad på historia, men i staden fortelje deg meir om verda og kva som skjer i den. Dei vil at spelaren sjølv skal få velje kor djupt dei vil gå inn i historia.

Vis meg din stein, og eg skal fortelje deg kven du er.

Konklusjon

The Lord of the Rings: War in the North har det vi kallar 30-sekunds regelen. Det er umiddebart underhaldande, og så snart du set deg ned med kontrollaren storkosar du deg. Dette er ikkje eit avansert rollespel med mange system å lære seg, men i staden eit lett tilgjengeleg eventyr der det største målet er å skape ei god samarbeidsoppleving for tre spelarar.

Akkurat det kan eg love deg at dei har fått til. Å gå saman i kamp ved å bruke dei individuelle eigenskapane til dei tre heltane på smarte måtar er fantastisk tilfredsstillande og artig. Om dette ikkje blir ei perle av eit spel skal Snowblind verkeleg rote det til for seg sjølv fram mot lansering i starten av neste år.

The Lord of the Rings: War in the North kommer i salg neste år, for Xbox 360, PlayStation 3 og PC.

Siste fra forsiden