Anmeldelse

Evil West

Årets sjokkhit

Kva får du når du kryssar Gears of War med God of War?

Evil West.
Focus Home Interactive

Eg veit ikkje heilt kva eg hadde venta meg, men så moro har eg knapt hatt det med å skvise siste bloddråpe ut av eit beist sidan aller første Gears of War tilbake i 2006. Evil West er spelet der 40-åringen blei 15, og sat på enden av stolen med henda på kontrollane medan han sakte prøvde å bevege seg mot døra idet han for femte gong ropte «Ja, eg er på veg», til den utolmodige kona som venta nede saman med dottera som ropar «vi går no».

Evil West slo ned som eit lyn. Eg såg ikkje at det kom. Joda, eg hadde sett eit bilete eller to, men ikkje ein gong ein video. Tenkte at dette kunne kanskje bli sånn enkel moro som ein kan ta ein kikk på. Klassisk Eurojank, som vi kallar det på fagspråket.

Den første timen såg det kanskje litt sånn ut òg. Det eg trudde skulle bli eit skytespel der du skyt på vampyrar og sånt viste seg å vere noko heilt anna, og eg var ikkje heilt sikkert på om eg likte det eg erfarte der ein nesten tre meter høg vampyr slo meg i svime med ei diger øks.

Med blod skal blod fordrivast

Stille før stormen kallar vi slikt.
Øystein Furevik/Gamer.no

Evil West er ikkje eit skytespel, det er eit slags bisart actionslåssespel sett til ein fiktiv variant av det ville vesten på slutten av 1800-talet. Vampyrar herjar og jobben din er å knerte dei. Det gjer du ved å banke laus på dei i tredjeperson medan du hentar fram eitt og anna skytevåpen for krydderet si skuld. Det er litt tregt i starten og ein kan byrje å lure om det skal vere slik heile vegen, men nei, det skal det ikkje.

Snart lærer du deg å plante knytneven i haka på fiendane, løfte dei i lufta, og så slå dei som ein volleyball mot andre fiendar eller stablar med dynamitt (boom). Nye eigenskapar og angrep kjem ramlande inn i eit stødig tempo. Brått lærer du deg å bruke elektrisitet, og kan kaste deg mot fiendar langt unna, eller dra dei mot deg før du hamrar livskiten ut av dei sjokkerte fiendane.

Du lærer deg eigenskapar som gjer det mogleg å hente liv og elektrisk kraft frå døde fiendar, for såleis å pumpe opp kroppen for ein forlenga valdskavalkade. Du oppgraderer eigenskapane for å ha større rekkevidde, gjere meir skade, og før du veit ordet av det eksploderar du i elektrisk energi og kastar deg frå fiende til fiende medan lyn slår ned frå himmelen og fresar fiendane rundt deg.

Evil West gjev deg kjensla av makt. Eg har ikkje følt meg så kraftig og mektig og nesten uovervinneleg mektig på lang, lang tid. Våpna og verktya du får her for å ta livet av utyska er som ein draum for oss som likar å sjå fiendar eksplodere på skjermen. Dei er mange, varierte, og kan oppgraderast heile vegen gjennom.

Hardt og brutalt

Eit lite elektrosjokk og fienden blir ein passivisert hoggestabb.
Øystein Furevik/Gamer.no

Baksida med å vere mektig og uovervinneleg er at spelet raskt blir for lett, og ein byrjar å tenkje på å gjere andre ting sidan lette spel gjerne manglar driven som får deg til å halde fram. Ikkje så med Evil West. Spelet pumpar fiendar på deg. Der dei første fiendane du møtte godt mogleg gav deg skikkeleg trøbbel ein gong, denger du livskiten ut av dei som ein propell seinare ut i spelet etter kvart som makta di veks.

Utfordringa kjem gjennom den enorme mengda med fiendar spelet kastar på deg. Der du ein gong møtte tre eksemplar av vampyrar som slår mot deg med klørne sine, møter du brått ti, eller det dobbelte. Fiendar som på eitt tidspunkt blei kasta på deg som ein brutal sjefskamp der du måtte hamre deg gjennom store skjold før du kunne gjere reell skade dukkar seinare opp som ein del av flokken i det haka di fell i retning golvet og du kjennar det koke under topplokket.

Mange av beista du møter i dette spelet er store, mektige, jobbar kjapt, og krev at du er på hugget for å overleve. Spesielt i situasjonar der mange fiendar er på deg samstundes kan utfordringa bli prekær. Eit dusin vampyrar, nokre flaggermus som skyt på deg frå alle kantar, eit par digre fjell av nokre beist som sender sjokkbølgjer mot deg, medan ein enorm flygande bastard slår ned frå himmelen og regenererer helsa si om han får vere i fred lenge nok.

Om Antonia Bernath ikkje vinn ein pris for denne rolla er det noko gale med verda.
Øystein Furevik/Gamer.no

Det er det komplette kaos, og eg har døydd og døydd igjen, men det er så moro å spele at eg aldri har blunka før eg har prøvd på nytt. Kjensla av å overkome noko som er tilsynelatande umogleg er berre monumental, og du tvilar aldri på at du kan få det til, for kontrollsystemet er ei forlenging av kroppen, og moglegheitene for kva du kan gjere er så mange at det alltid finnest ein utveg.

Som om det ikkje var nok byr dette spelet på nokre av dei sjukaste sjefskampane på lang tid. Det er så mykje som skjer, og så mange ting som kan drepe deg at gleda over å sigre er så heftig at ein nesten hoppar opp på bordet brølar medan ein hamrar seg på brystkassa.

Spenninga er høg både i og utanfor basketaka.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ei historie du bryr deg om

Mellom slaga får vi servert ei historie av eit kaliber vi sjeldan ser i spel for tida. Her er det harde menn i ei hard verd som må gjere livsfarlege ting for at resten av oss skal få leve ein dag til. Vi trer inn i skoa til Jesse Rentier, ein vampyrjegar frå Rentierinstituttet, den einaste staden i verda med teknologien og ferdigheitene til å kjempe mot vampyrpesten.

Vi møter eit herleg knippe folk gjennom fantastisk regisserte filmsnuttar som dukkar opp mellom oppdraga. Det er hardt språk, mykje banning, men alt høyrer heime i den brutale verda desse folka lev i. Eg var ikkje heilt solgt på persongalleriet frå første stund, men det vaks raskt på meg, og spelet byr på eit fascinerande persongalleri med overbevisande skodespel som løftar filmsnuttane og det som skjer i dei til eit nivå eg ikkje har sett på ganske lenge.

Kanskje er det fordi utviklarane er polske og ikkje bryr seg for mykje med kva som skjer på andre sida av verda, men språket er befriande fritt for politisk korrekte undertonar. Folk seier ting som framstår korrekte for dei i den aktuelle tidsperioden, og fleire av dialogane har fått fram eit solid glis. Nokre av interaksjonane mellom folk som kjem frå vidt forskjellige standpunkt er heilt suverene, mykje fordi karakterane får lov til å prate for seg sjølve utan at forfattarane til ei kvar tid skal gjere det tydeleg kva dei vil du skal meine om saka.

Eksploderande iglevampyrar. Herleg.
Øystein Furevik/Gamer.no

I tillegg er western-eventyret svært godt regissert med eit godt tempo. Verken spelet eller historia kastar bort tid på ting som ikkje tener noko nytte. Etter dagens standard kan ein sikkert påstå det er eit kort spel, og kan rundast på omlag tolv timar. Spør du meg er det ei perfekt lengde for eit slikt spel. Du får rikeleg med tid til å kose deg, og det er så moro at du spelar til slutten kjem, heller enn å gje deg lenge før du er i mål.

Konklusjon

Av og til dukkar det opp spel som slår ned som lyn frå klår himmel, og for meg er Evil West årets store overrasking. Eg har ikkje hatt det så moro på lenge, og det engasjementet dette spelet klarte å vekke i meg er sjeldan vare. Det er berre for moro å jakte vampyrar til at eg klarar legge det frå meg. Den stadige eskaleringa med nye fiendar, nye våpen og nye fantastiske område å kjempe i gjer spelet til ei oppleving du forventar å få frå dei aller største studioa, ikkje frå eit mindre kjent studio frå Polen.

Og det gjeld ikkje berre spelet i seg sjølv, men denne historia som minnar meir om ein skarpt regissert film med nok giftig dialog til å ta livet av ein innsjø. Evil West er noko heilt spesielt, og er kort sagt det vi håpar alle spel skal vere: Full pakke.

Evil West blir tilgjengelig på PlayStation 5, PlayStation 4, Xbox One, Xbox Series X/S, Microsoft Windows 22. november.

9
/10
Evil West
Ein fantastisk underhaldande actionfest.

Siste fra forsiden