Anmeldelse

Gears of War

Det er ein lett versjon av frustrasjon som breiar om seg når ein må kjempe for å finne noko negativt.

Eg har ei sørgeleg nyheit å kome med, Master Chief er død. Marcus Fenix har nett køyrt ei motorsag gjennom ryggrada hans, sparka fotball med kroppsdelane, og stumpa ein sigar i restane. Master Chief er historie, du får det ikkje betre. Du får det ikkje betre. Det er så grusomt lenge sidan siste gong eg beit meg i leppa medan eg spelte eit spel. Det er så horribelt lenge sidan eg skifta stilling i sofaen, og innbilte med at handkontrollen ville reagere om eg berre drog trykte inn knappane enda hardare. Eg kan ikkje hugse forrige gong eg strekte på halsen i den tru at det ville få meg til å sjå lengre.

Før no. No har alle gode minne frå mine første timar med Nintendo sine gamle maskiner brått ramla tilbake som ein svært dyr TV ned ei rusten trapp. Eg hugsar alt no. Eg hugsar korleis det skal være. Eg hugsar kvifor eg sit her i utgangspunktet. Eg er ikkje lenger i tvil. Eg veit kvifor eg elskar spel. Eg veit kvifor eg elskar mine konsollar, og eg veit kvifor eg elskar Xbox 360. Det er fordi eg alltid håpar og lengtar etter at eit spel som Gears of War skal kome, og tvinge meg til å innsjå at alt kan bli betre. Alt kan bli betre med små triks. Det er underleg kor lite som skal til for å skape magi, men Epic har klart det. Gears of War er skiten og beksvart magi.

Det er så naivt enkle inngrep Epic har gjort med "skyt ned alt du ser"-sjangeren at ein kan slå ein knyttneve i panna i frustrasjon over at dette ikkje har blitt gjort før. Skift vinkel, gøym deg bak ting, og skap utfordring i å lade våpenet. Tre enkle grep er eigentleg alt Epic har gjort for å praktisk talt revolusjonere ein heil sjanger. Trur du ikkje på meg? Spel Gears of War, set deg inn i dei tynnslitne betongskoa til Marcus Fenix og svar meg på ny.

Brutal realitet

La meg definere to versjonar av begrepet revolusjon: Du kan sei det er noko som fullstendig snur opp ned på korleis vi handterar eit spel. Slik sett er det ikkje ikkje mykje nytt å finne i Gears of War. Du spring rundt, trykk på knappar og skyt. Ja, vi har sett dette før. Revolusjonen ligg i korleis du opplev det. Gløym den heilt vanvittige grafikken, og lydar som kan gi deg tinitus. Berre gløym det for ei lita stund, og tenk deg kva det eigentleg er ein soldat i felten opplev. Han opplev å gøyme seg for ein fiende som kan fjerne han frå jorda med eit enkelt skot. Han opplev at våpenet går i vranglås på verst tenkeleg tidspunkt, og han opplev ei verd så brutal at han vil ha arr i sinnet for all ettertid.

Det er dette du innser når du spelar Gears of War. Du er midt i krigssona, og med handa på hjarte har eg aldri i mitt liv hatt ei slik kjensle av å være akkurat der. Der det skjer, og med kun ein utveg, å skyte ned alt du ser, dele det med motorsag, og håpe at du finn noko å gøyme deg bak. Du brukar store delar av spelet på å springe i dekning, og kaste deg vidare til neste halvtrygge gøymestad. Det er ubeskriveleg effektivt. Du veit at å berre stikke hovudet fram kan bety den sikre død. Den fryktingytande Locust-horda er tidvis på deg frå alle tenkelege vinklar. Dei kjem mot deg frå hol i jorda, og dei gir seg aldri.

Der ligg du saman med ein gjeng knallharde soldatar, klemt opp til ein vegg medan ukvemsorda haglar frå samanbitte lepper. Det er så fordømt hardt. Det er så hardt at det lett kunne ha grensa til det parodiske og tåpelege, men det er ei hårfin grense Epic med millimeterpresisjon har haldt seg på riktig side av. Du kjem kanskje til å le, men det er den rungande latteren frå magen som etterlet seg munnen i eit mannevondt glis. Eit glis som berre avslørar kor uansvarleg fett dette spelet er. Og det er ein genistrek å alltid la Marucs ha kompisen Dom med seg, slik at du når som helst kan la ein ven slenge seg ned i skyttargrøfta ved di side.

Ein maktdemonstrasjon

Det er ein revolusjon i rein og skjer glede. Det endar opp med ei vantru over at ting ikkje seier stopp. Kvifor ser alt så fordømt bra ut? Kvifor kjem det ikkje eit frustrerande punkt der utviklarane burde ha innsett at noko var gale? Kvifor er ikkje musikken litt mindre dramatisk sånn at eg kanskje kunne klage på den? Kvifor står nervene mine i høgspenn kvar gong eg trykk feil og set våpenet i vranglås? Kvifor er det ikkje elendig kunstig intelligens som eg kan bruke som eit argument for å seie noko negativt. Eg vil sei noko negativt, men eg klarar det ikkje. Eg får det ikkje til, og eg må nesten slå meg sjølv med balltre for å ikkje lage ei poenglaus sak ut av at eg ein einaste gong enda opp med å slenge meg bak ein vegg medan eg sprang framover.

Og det er vanskeleg. Med mindre du spelar på casual kan du forvente deg å dø, og dø i mente. Det som vanligvis heter medium, har fått det passende namnet hardcore. Du kjenner deg like liten som du er, og det blir ei sann fryd å få i hende våpen som "hammer of dawn", som via satellitt lar deg frityrsteike beist som elles får kulene dine til å sjå ut som overkokt ertestuing.

Du har sett bileta, og du har sett alle filmane som har dukka opp på diverse nettsider, men det er like fullt umogleg å ikkje bli imponert over kva Epic har fått til. Det er slåande vakkert, noko som er ein stor kontrast til kor stygge ting i spelet er. Nydeleg arkitektur strekk seg over hovudet ditt medan dei stygge Locust-beista spring mot deg. Du går aldri lei av eit område, variasjonen i spelet gir deg ikkje tid til det. Du får alltid sjå noko nytt, og du kjem alltid til ein ny stad før du blir vand med den forrige. Og når ein tar inn denne visuelle festen, er det lett å gløyme den fantastisk lyden og den dramatiske musikken. Kulene slår like hardt frå seg i øyra dine, som dei får blodet til å sprute der dei treff fienden. Det er vanskeleg å ikkje skru opp lyden enda eit hakk, som for å gjere illusjonen av ei ekte slagmark komplett.

Eit lite søkk

Takk gud for at fleirspelardelen ikkje er perfekt. Det er nesten flaut å ikkje kunne finne noko negativt, men som ei gåve frå himmelen kom det. Det kan være frykteleg problematisk å koble seg opp mot eit spel. Du søker og søker, og til slutt finn du noko, berre for å få ei feilmelding. Der kom den, den negative tingen eg kan slenge i trynet på Epic med eit velplassert "Hah!". Men det er alt. Å spele saman med andre, om det så skulle være gjennom historia i din eigen sofa, eller i kampar med fire mot fire spelarar, er fantastisk moro. Det kunne kanskje ha vore fleire instillingar å velje mellom, men dei som er der fungerar som eit uvær. Gears of War hadde nok heller ikkje tatt skade av å støtte opp mot seksten spelarar.

Gears of War er noko heilt spesielt når du spelar mot andre. For det første er du ikkje død når du først blir skoten. Du synk ned på kne, og lagkameratane dine kan få deg opp igjen. Om dei ikkje klarar dette raskt nok, får fienden den tida dei treng på å sparke inn skallen din. Skulle nokon slenge motorsagbajonetten i andletet på deg, er du derimot død umiddelbart. Diskusjonen kan du ta med flesket på bakken.

Det som verkeleg skiljer Gears of War frå kveita er den intense spenninga. Dette er eit lagspel, og det er meininga at du skal samarbeide. Å springe rundt aleine og leike Terminator fungerar ikkje. Å gjere dette kan samanliknast med å hamre ned spikarane i kista. Det handlar om å gå i lag, legge seg i dekning, gi dekningsild til dei andre etter kvart som ein går laus på avstanden mellom fienden med kjøtøks. Når alle som er med i ein kamp har innsett dette, når alle skjønar kva det går ut på, får du det knapt nok betre. Det er eit intenst lagspel som krev taktisk tenking. Om du endar opp med å spele mot nybyrjarar, kan du slite litt med folk som ikkje har tatt poenget, men noko anna hadde vore imponerande. Det er alltids dei som treng litt tilvenningstid.

Karta er velkonstruerte med nok av gamle bilvrak å gøyme seg bak. Skjulte våpen ligg på strategiske punkt, men dei er aldri så vanskelege å finne, at du endar opp med ein tosk som gong på gong plukkar alle ned etter tur. Du er aldri trygg, gøymer du deg bak noko, og fokuserar mot fienden på andre sida av den forfalne gata, ser du ikkje døden kome før du høyrer lyden av kjettingen på motorsaga surre i gong. Ein lyd du kan unngå om laget samarbeidar og held eit våkent auge med kvarandre.

Konklusjon

Av og til må ein være ærleg med seg sjølv. Ein må tørre å innrømme at alle forventingar ein skulle ha blir plukka ned med kikartsikte frå eit par kilometer avstand. Ein må tørre å innrømme at ein får noko anna enn forventa, noko meir enn forventa, og det er det eg skal gjere no. Eg skal innrømme at sjølv om eg har sett spelet i aksjon nokre gongar, at sjølv om eg fekk prøvd det på E3 i vår, var eg litt skeptisk til om det kunne bli så bra som dei sa. Eller om alt var resultatet til eit velsmurt PR-maskineri.

Eg tok feil, og eg skammar meg. Eg har opplevd noko det er fleire år sidan eg i det heile kom i nærleiken av sist. Gears of War står ikkje på toppen av fjellet. Gears of War bygger seg eit palass på fjellet, og stiller seg på toppen av det i staden, med ein velplassert arroganse vi dessverre ser sørgeleg lite av elles.

Siste fra forsiden