Kommentar

Neste generasjon

Kva er det Microsoft og Sony held på med?

Det er den mest pinlege opptrappinga til ny konsollgenerasjon nokon sinne.

Barone Firenze, Shutterstock

I løpet av året kjem nye konsollar frå Microsoft og Sony. Som med kvar nye generasjon er det snakk om dei kraftigaste konsollane gjennom tidene. Alt til nye høgder. Ting som ikkje var moglege før blir endeleg dagleg kost. Snart kan du ikkje sjå forskjell på film og spel. Det er slik det er kvar gong. Store lovnadar, flyktige ord, og rabiate fans som berre har råd til ein av dei og såleis må forsvare sitt val ved å slenge drit om den andre ved kvar einaste anledning.

Men der stoppar det.

Om du ikkje er over snittet interessert i spel tvilar eg på du veit kva som kjem. Kommunikasjonen frå både Microsoft og Sony har vore pinleg. Vi veit for lite om korleis desse konsollane fungerer. Joda, både Microsoft og Sony har fortalt oss om innmat, teknologi og eit hav av tekniske termer for spesielt interesserte. Kult det, men kva med det som faktisk betyr noko for folk flest?

Korleis er menysystemet? Det same? Noko heilt nytt? Kva med lastetider, vi har høyrt mykje om dei, kva med nokre gode døme og samanlikningar? Og korleis køyrer spel frå tidlegare generasjonar? Slutt å fortelje meg kor bra det blir, vis meg. Verst av alt er at vi ikkje veit dei tre viktigaste tinga som eg vil tru for dei aller fleste er avgjerande for kva konsoll ein skal kjøpe seg:

Når kjem dei?

Kva kostar dei?

Kva spel er tilgjengelege på lanseringsdagen.

Det eg lurer mest på er kor mykje lyd den lagar, og om eg kan slå av dei tåpelege, blå lysa.
Sony

Det kan godt vere at konsollmakarane har sydd puter under armane på kvarandre sidan begge konsollane i meir eller mindre grad er bakoverkompatible. Det fjernar litt av presset på å ha mange spel tilgjengelege dag ein, når ein kan la folk spele heile biblioteket sitt. At korona og heimekontar har gjort det nødvendig å utsetje ting er ôg sjølvsagt fullt forståeleg.

Men pris og lanseringsdag? Det er nesten utilgjeveleg. Det er dette vi har E3 for. Store show der både pris, lanseringsdag og ein haug med spel blir stadfesta på ein og same dag. E3 har vore midtpunktet for å sende ut nesten all denne infoen, og får vi ikkje vite det der, blir vi som regel bedne om å vente til GamesCom. Men no har ein pandemi fjerna alt av store show. Igjen sit vi med selskap som ikkje ser ut til å ha den fjernaste aning om kva dei no skal gjere, og når dei vil fortelje oss meir om dei nye konsollane. Igjen sit vi med eit kanskje her, eit tja der, og eit vagt utspel om at det blir ein presentasjon om nokre veker. Kanskje. Kven har tid eller ork til å følgje med på dette om dei ikkje følgjer bransjen tett?

Rykta skal ha det til at PlayStation 5 blir dyr, mykje grunna den imponerande SSD-teknologien deira. Rykta vil vidare ha det til at Microsoft ventar på Sony sin pris før dei bestemmer seg for sin, slik at dei kan setje den lågare. Sony ventar derimot på Microsoft. Begge ventar på kvarandre, og no er det august, berre månader frå eit nytt år, og ingen veit kor mykje pengar dei må legge til side. To mektige selskap oppfører seg som små dritungar som har pissekonkurranse om kven som kan vente lengst.

For vaksne folk med jobb og entusiasme er ikkje dette den største saka i verda, men det er rikeleg med gamers som må spare kvar krone for å få råd til konsollen dei lengtar etter. Eg synest synd på tenåringen som har klart kunststykket å spare fire- eller fem-tusen kroner, berre for kanskje å finne ut ein knapp månad før lansering at han eller ho manglar eit par.

Vi veit for lite

Det eg saknar mest av alt er at desse konsollmakarane fortel oss kvifor vi må investere i dette akkurat no, i staden for å gje oss fleire grunnar til å vente.

Les også
Xbox i full gang med årets E3-planer

Ein kan få inntrykket av at det er om å gjere å fortelje oss minst mogleg. Færrast mogleg klipp av spel som snart skal ut på marknaden, ingen samanlikningar mellom PlayStation 4 og PlayStation 5 for å vise oss kor mykje betre PlayStation 5-versjonen er. Ingen incentiv for å kjøpe Xbox Series X om ein allereie har Xbox One X. Ikkje ein gong tredjepartsutviklarane har vore på bana. Vi har fått sjå litt av Assassin's Creed Valhalla, men kva blir den reelle forskjellen på versjonane? Kva med årets Call of Duty? FIFA? Spelhausten ser per dags dato uvanleg spinkel ut, og det i eit år med nye konsollar.

Skal noko annonserast snart, eller har alt blitt utsett?

Å hype neste generasjons kraft med CGI-trailerar er heilt på villspor.
Øystein Furevik/Gamer.no

Av det vi har fått sjå noko som helst av, sit vi igjen med korte, hektisk klippa trailarar av dei få spela som har vist faktisk gameplay. Andre spel viser oss filmatiske sekvensar som seier ingenting om korleis spelet eigentleg ser ut, sjølv om dei kanskje skulle ha vore fanga frå spelets motor, eller konsollen det skal køyre på. Enda verre er Microsoft sin kavalkade av CGI-trailarar. Kvifor treng vi sjå ei dame i skogen reklamere for State of Decay 3, når utviklarane sjølve går ut på Twitter for å fortelje at spelet berre er i pre-produksjon?

Kven er tent med dette? Ikkje Microsoft i alle fall. Å vise oss CGI-trailarar av spel som er langt unna, når det berre er månader før vi får desse konsollane i henda, er ikkje på nokon måte ei tillitserklæring. Tvert imot, det vitnar om store konsollprodusentar som har ingenting å vise fram. At Sony startar sin store PlayStation 5-presentasjon med å vise fram Grand Theft Auto 5, er til å bli paff av.

Skjerpings

Kva dette for noko?
Øystein Furevik/Gamer.no

Både Sony og Microsoft har ymta på at dei skal ha i alle fall ein presentasjon til. Det treng dei. Å avsløre når vi kan kjøpe nye konsollar er hakket for stort til å formidle via ei Twitter-melding. Men dei har tatt knekken på mykje godvilje med dei labre presentasjonane sine, og har ein del å hente inn att.

Eg har full forståing for at situasjonen verda er i akkurat no gjer ting vanskeleg, til og med for multinasjonale selskap med nesten endelause ressursar. Men det er lov å prøve. Når Mark Cerny står på eit podium framfor eit eit falskt publikum og snakkar tørt og langsamt om PlayStation 5 er det lett å lure på om det heile er ein vits.

Eller når Microsoft endeleg skal vise kva studioa deira jobbar med, og med unntak av Halo Infinite knapt viser eit einaste reelt klipp med gameplay frå spela dei viser. Ikkje misforstå, konseptuelt ser mykje av det både Microsoft og Sony har vist fram spanande ut, men eg treng gameplay, og eg vil vite om desse spela kjem no, til hausten, eller om eitt, to eller fem år.

Eg har aldri før brydd meg mindre om ein ny generasjon, og for kvar presentasjon døyr entusiasmen min enda litt meir. Det er på tide å ta seg saman.

Siste fra forsiden