Anmeldelse

Dorfromantik

Kunsten å slappe av

Eit behageleg avbrekk frå dagens mas og jag.

Dei fleste spel handlar på ein eller annan måte om å øydeleggje noko. Enten så skal du demontere bygningar på eksplosivt vis, eller så skal du demontere folk, monster og heile kongedøme på minst like eksplosivt vis.

Ein og annan sjeldan gong dukkar det opp eit spel som gjer noko heilt anna, og Dorf Romantik er eitt av desse spela. Med eit avslappa forhold til både lyd og bilete, presenterer utviklarane bak Dorfromantik ein leksjon i korleis du skal ta deg ei pause frå kvardagen, og berre slappe av litt.

Med roleg musikk som sikkert hadde passa godt som bakgrunnsmusikk i ein Yogasal, kryssa med eit stilfult og pastellfarga ytre, er det lett å kome inn i ein nesten meditativ tilstand når ein spelar Dorfromantik.

Ei brikke om gangen

Nummera fortel deg kor stor skogen må vere om du vil vinne nokre nye brikker.
Øystein Furevik/Gamer.no

Min første tanke då eg såg Dorf Romantik var Carcassonne. Dette klassiske brettspelet der du skal bygge opp landmassar ved hjelp av brikker du må snu og vende på for å få til å passe inn, vere ein inspirajson for Dorfromantik.

I Dorfromantik skal du gjere noko så enkelt som å leggje ned ei brikke om gangen, og sakte men sikkert bygge opp eit landskap. Nokre brikker byr berre på gras, andre på hus, andre igjen på skog, og dei aller fleste byr på kombinasjonar av alle dei forskjellige elementa spelet byr på.

Kunsten og vegen til suksess kjem gjennom å leggje desse heksagonale brikkene ned på ein måte slik at alt passar saman på best mogleg vis. Gras mot gras, skog mot skog, hus mot hus, vatn mot vatn, og den eine ufordragelege togskinna mot den andre.

Enkelt nok kanskje, men det blir raskt tydeleg at fullt så enkelt er det ikkje. Det tek ikkje lang tid før kompleksiteten i brikkene kan bli ganske høg, og om ein ikkje har stålfokus endar ein opp med eit puslespel som sprikar i alle retningar fordi ingenting passar saman.

Gulrot, ikkje pisk

Det beste med spelet er nesten å sjå vatnet vakse fram og ta form.
Øystein Furevik/Gamer.no

Det er viktig å påpeike at du sjeldan møter ein vegg i dette spelet. Du kan legge ned dei aller fleste brikker akkurat der du vil, men om dei seks sidene ikkje grensar mot tilsvarande sider, får du ikkje poeng for dei sidene, og det er poeng du lev på her.

Du startar med ei gitt mengde brikker, og når du er tom er spelet over. For å få fleire må du legge brikker i ordna former. Ei perfekt innkapsla brikke gjev deg nye brikker å leike med, og ved å fullføre dei ulike oppdraga får du enda fleire. Desse oppdraga er enkle i natur. Nokre brikker kjem med eit symbol med eit tal i, og desse kan fortelje deg at ditt nye oppdrag er å byggje ei klynge hus med 53 bygningar, eller ein skog med 500 tre.

Får du det ikkje til er det heilt greit. Du får ingen premie når du ikkje har gjort deg fortent til den, og straffa er så enkel som at spelet er over fortare, og poengsummen lågare.

Det er her mykje av strategien i spelet dukkar opp. For å få ein høg poengsum for brettet ditt må du ikkje berre bygge eit landskap der brikkene passar fint saman, du må òg bygge tidvis ganske store, samanhengande skogar, byar og liknande. Dei kan ende opp med å ete opp store delar av kartet, og ikkje minst forstyrre andre prosjekt du har gåande.

Kretaiv modus lar deg bygge utan hinder og utfordring.
Øystein Furevik/Gamer.no

Frå ro til kaos

Om eg har ei markant innvending mot Dorfromantik så er det korleis utfordringa her og der bygger seg opp ganske krast. Det er lett å sitje igjen med eit inntrykk av at spelet ofte handlar meir om flaks enn kløkt og observasjonsevne. Ei runde med brikker kan vere, av mangel på betre ord, zen. Andre igjen er ein rein provokasjon mot mental stabilitet.

Eg likar ei god utfordring, men i Dorfromantik får vi her og der ei utfordring eg ikkje heilt set pris på. Det er eit spel eg nyt når eg kan slå av hjernen litt og legge ned den eine brikka etter den andre i ein lenge etterlengta harmoni eg ser for lite av i kvardagen. Litt gras der, og der er det litt skog ved sidan av eit hus, så då legg vi den der og så blir alt perfekt. Pakka inn i den nesten meditative presentasjonen er det lett å kjenne stresset sige ut av kroppen.

Det er nesten som eit snev av eufori som senkar seg, men , utan forvarsel dett det heile saman som eit korthus med særs skarpe kantar. Brått kjem brikkene frå helvete, og der det før var grøne sletter med elvar, skog og kornåkrar, er det no kaos. Hardt og brutalt kaos som utelukkande ynskjer å vere vitne til ditt havari.

Det er nesten som ein brytar blir slått på og spelet brått har bestemt seg for at no skal det demonstrere mot deg. Kvar brikke er overlessa med ulike former terreng og det blir brått veldig vanskeleg å få noko til å passe inn. Altså, det er ei grei utfordring om det er ei utfordring du er på jakt etter, men det riv deg ganske brutalt ut av den zen-sona du var i. Snodig nok er det veldig av og på om dette skjer. Nokre gongar kan du kome kjempelangt utan at brikkene blir koko, medan andre gongar er det Texas frå brikke nummer to.

Tilbake til start

Flagga ber deg om å lukke terreng for å vinne nye brikker.
Øystein Furevik/Gamer.no

Går det skeis er det uansett ikkje verre enn å starte på ny. Dette er ikkje eit spel som tek veldig lang tid, men du kan raskt ende opp med å bruke lang tid likevel fordi du lett får lyst til å berre spele litt tid. Det er uvanleg roleg og avslappande, og ein vil jo gjerne sjå om ein kan få til noko betre enn førre gong.

Spelet kjem i tillegg med nokre ulike modusar får dei som vil skru litt på opplevinga. Kvar gong du er ferdig med eit brett får du tilbod om å byte til kreativ modus. Her kan du berre legge brikker alt du orkar, utan oppdrag og poeng. Du kan til og med få alle dei brikkene du treng.

Det er sikkert dei som finn verdi i dette, men for min del blir det litt meiningslaust å spele noko når det ikkje er eit einaste mål i sikte. Det berre går og går til du finn ut du har fått nok.

Andre modusar byr på andre utfodringar. Synest du spelet blir for lettkan du auke utfordringa, eller du kan prøve deg i ein kortversjon av spelet der du får færre brikker.

Konklusjon

Det er ein eigen plass i helvete for togskinner.
Øystein Furevik/Gamer.no

Dorfromantik er spelversjonen av ei pause i kvardagen. Det er nesten som å leggje puslespel, berre i hakket meir interaktiv form. Du legger ned brikker med ulike landskapselement, og prøvar å få dei til å passe saman. Det er avslappande, og eit godt avbrekk om du har hatt ein slitsam dag.

Nokre gongar aukar vanskegrada litt for brått, og brikkene blir litt for kompliserte for fort. Det er heilt greit det om du søkjer den utfordringa, men spelet er på sitt aller beste når det treff balansen mellom ein hjerne som nesten er i dvale, og ei utfordring som er akkurat høg nok til at du blir engasjert.

Dorfromantik er tilgjengeleg på Steam.

7
/10
Dorfromantik
Ei avslappande pause i kvardagen.

Siste fra forsiden