Test

Logitech G MX518 Legendary

Legendariske MX518 er tilbake – betre enn nokosinne

Logitech børstar støvet av ein gamal klassikar.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

For drygt fjorten år sidan introduserte Logitech sin nye toppmodell MX518. Då tok produktet marknaden med storm takka vere ein avansert sensor og nokre minimale endringar i design frå MX510. Men me kan vel trygt seie at teknologien har kome eit stykke sidan då. Likevel er det framleis mange som sver til passforma til MX510/MX518 og G400/G400s den dag i dag, som har gjort at Logitech nærmast har kunna printe pengar med å gi ut det same produktet om og om igjen.

Den nye Hero-sensoren deira er sannsynlegvis den beste sensoren for gamingmus, og Logitech har bestemt seg for at klassiske MX518 skal få nyte av nettopp denne. Dei som framleis sit med ein av dei eldre modellane kan endeleg få byte dei ut med ein skikkeleg feilfri sensor, saman med at dei får eit par andre oppgraderingar når det kjem til vekt og form.

Design

Passform og storleik er dei to viktigaste omsyna ved val av datamus, og det er mange gode grunnar til at folk framleis held seg til MX518-forma. Den nye versjonen endrar difor lite på dette. Det er framleis ei gamingmus for høgrehendte som passar best handflategrep og store hender, med tommelstøtte på venstre side og riller på høgre side for å kunne kvile litlefingeren og ringfingeren. Eg har aldri vore noko stor fan av den sistnemnde rilla då den ikkje passar heilt med mitt klogrep, men komfort har openbert vore eit hovudfokus for Logitech i designprosessen. Sjølv med fingertupp- og klogrep kan ein fint venne seg til denne då den har ein låg profil. Musa er forholdsvis lang, som igjen er eit stort pluss for dei med lange fingrar og handflategrep.

MX518 er like behageleg som den alltid har vore.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eg syns denne er litt for stor og klumpete for bruk i skytespel, men det vil vere ein perfekt overgang for dei som allereie har noko som G400 og er på utkikk etter ei oppgradering. Der dei førre versjonane av MX518 har vist alt frå 110 til 135 gram på vekta, veg denne knapt meir enn 105 gram.

Mesteparten av MX518 er dekkja av svart plast med godt grep. Kombinasjonen av dette og tommelstøtte gjer at sjølv dei meste sveitte hender vil ha null problem i kampens hete. Derimot har museknappane og toppen ein reflekterande, glatt finish som kan bli reine glattisen for dei med sveitte peike- og langfingrar. Dei med sveitte fingrar kan eventuelt gå til verks med ein skuresvamp og pusse ned overflata slik at grepet blir betre. Utan å pusse den ned så blir finishen òg fort dekkja av smuss, så ein liten vaskerunde i ny og ne er nok ikkje dumt.

Overflata gjer at produktet får ein noko spesiell utsjånad. Frå baksida ser det ganske kult ut, men likevel er det vanskeleg å kome unna at designet reflekterer når denne forma faktisk oppstod, og er i det store og heile ærleg talt stygg som fy.

Knappar

Logitech MX518 kjem med sju programmerbare knappar pluss eit klikkbart rullehjul. Eit av kjenneteikna til musa er dei tre knappane på toppen som i utgangspunktet styrer PPT, men som enkelt kan gis andre eigenskapar i programvara. Som sniperknappar til å rullere opp og ned gjennom PPT er ikkje plasseringa den beste, så eg ville kanskje funne nokre andre oppgåver for dei viss ein ikkje treng dette.

Sideknappane er fint plassert, men rullehjulet er ikkje heilt det store.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Sideknappane er tynne og ovale, der den fremste er litt langt framme for min smak. Den er òg ganske liten, slik at dei som brukar klo- og fingertuppgrep og som gjerne har handbaken lengre bak på musa enn dei med handflategrep vil måtte justere grepet. Den fremste knappen er òg litt laus, slik at den vaglar opp og ned viss ein har tommelen på den. Det er eit lite minus. Men elles har sideknappane kort vandring og eit skarpt, tilfredsstillande klikk. Det same gjeld venstre- og høgre museklikk. Desse har lite vandring med ein fin lyd.

Gummirullehjulet er eg mindre fan av. Dette kjenst veldig skrøpeleg og har omtrent ingen motstand for kvart trinn.

Sensor

Dette er langt frå første gong eg kjem med fine ord om Logitech sin HERO-sensor, den verkelege attraksjonen i nyutgåva av MX518. No er riktig nok sensorteknologi kome såpass langt at dei fleste feilfrie sensorar som HERO, 3360, 3366, 3389 og liknande vil verke tilnærma identiske for oss dødelege, men HERO-sensoren er kanskje den beste, og er uansett ei monaleg oppgradering frå G400s.

Den reflekterande finishen tar seg godt ut.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Her får ein nett den same ytinga som mange av testvinnarane i samletesten vår, slik at presisjonen kvilar eine og aleine på di eiga evne til å treffe fiendane.

Programvare og RGB

Logitech er òg kongen på haugen når det kjem til programvare. Brukarvenleiken og funksjonaliteten er på topp i Logitech Gaming Software, der ein enkelt endrar på ting som PPT, oppdateringsrate og knappeinnstillingar. Logitech byr på både synkronisering til ulike underflater og makrooppsett, slik at ein får det meste ein treng her.

Det er ingen RGB på Logitech G MX518, som eigentleg er like greitt. Lys ville vore håplaust med den reflekterande overflata slik den er no, og hadde ikkje passa inn med svartfargen på sida heller.

Introduksjonen av HERO-sensoren gjer at det er lite anna enn å endre på forma igjen for å vidareutvikle MX518.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Konklusjon

Legenda er tilbake. Logitech har for n-te gong dratt MX500-forma opp frå dei daude, og kjem garantert til å selje ein drøss av dei denne gongen òg. Heldigvis har dei ikkje vore late her, med introduksjonen av den fantastiske HERO-sensoren og ein reduksjon i vekt. Det er få andre datamus i denne storleiken som veg ned mot 100 gram, sjølv om Logitech sikkert kunne gjort meir her.

For dei som er vande med forma og lengtar etter å fornye si utgåve er dette eit glimrande produkt, men eg ser ikkje så mykje poeng i å kjøpe nye MX518 viss ein ikkje har hatt tidlegare utgåver. Det er tross alt ein grunn til at det blir laga nye produkt. Sjølv for dei med store hender er denne i overkant klumpete og brei, og det er utan tvil betre former å få tak i. Denne er veldig behageleg for handflategrep, men uansett kva type spel eller oppgåver denne skal brukast til, så finst det overlegne alternativ. Knappane, rullehjulet, overflata og forma som ein gong var det beste av det beste er ikkje lenger heilt på toppen.

Les også: Me kårar marknadens beste gamingmus »

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
7
/10
Logitech G MX518
Logitech gjer bra betre, men er først og fremst for dei som vil ha ny MX518.
Feilfri sensor
Redusert vekt (men her kunne Logitech gjort meir)
Den same gode forma
Tynn og fleksibel gummikabel
Det same svake rullehjulet
Overflata blir glatt viss ein har sveitte hender, og dekkast fort med smuss

Siste fra forsiden