Anmeldelse

Loki

Kva skal eigentleg til for å lage eit bra hakk-og-slå-rollespel? Forutan ei dugande historie, og ei engasjerande verd, kva skal eigentleg til? Vi snakker om spel der du ser alt ovanfrå, der alt du gjer er å drepe fiende etter i fiende, time etter time. Spel som går ut på å halde musepeikaren over ein fiende, trykkje gjentekne gangar til fienden er død, for så å gjere det same med neste fiende. Kva skal til for å gjere dette bra?

Trailer fra Loki

Vis større

Trailer: Loki


Det er utvilsomt gjort bra før. Diablo-serien har ein enorm-fan-skare, og det er ikkje utan grunn. Erfaringssystemet er bunnsolid, og gameplayet er elegant gjennomført der du time etter time pløyer deg gjennom fiendane. Du går ikkje lei, for dette er moro, ustyrteleg moro.

Så kvifor får eg ikkje akkurat den kjensla når eg spela Loki? Eg gjer akkurat det same. Spelet har eit solid erfaringssystem der eg vel nye ferdigheiter etter tur, mange tøffe våpen, og eit heilt greitt utval forskjellege fiendar. Kvifor endar dette spelet opp som ingenting anna enn heilt grei tidtrøyte, medan Diablo er suverent? I prinsippet er dei to spela veldig like, men likevel når aldri Loki heilt opp mot den spelegleda ein gjerne vil erfare. Ikkje misforstå, Loki er eit kompetent spel, og maktar definitivt å underhalde deg i fleirfaldige timar der du banar deg veg gjennom store skarar av fiendar. Men så er det òg ein forskjell mellom å kanalsurfe seg gjennom ein kveld, og å sjå ein skikkeleg god film.

Lovande start

Utgangspunktet for spelet er svært bra, og let deg utforske fire forskjellege mytologiar. Du kan vere ein viking på steroider, ei azteker-berte med diverse lumske magiske våpen, ei spenstig gresk dame som skyt piler alt ho er god for, og ein sær skrue frå Egypt som ikkje tenkjer seg om to gangar før han forbannar deg til dei evige jaktmarker. Du kan spele gjennom eventyret med den du vil av desse, og kvar av dei har sine eigne startområde og eventyr.

Til dømes vil vikingen starte i det kalde nord, der snøen ligg tung, og dei norrøne gudane slit med nokre problem dei tydelegvis treng ein dødeleg for å ordne opp i. Den rake motsetninga kjem frå Azteker-shamanen som legg ut på eventyr i den frodige jungelen, og må drepe jungelmenn og svarte jaguarar.

Felles for alle heltane er at dei må utføre oppdrag for gudane, der dei sakte men sikkert kjempar seg veg mot den store fienden. Sluttmålet er det same for alle, men vegen dit er forskjelleg. Eller, det ser forskjelleg ut, men innmaten har same smak uansett kva du skulle velje. Om du er magikar eller krigar, livet ditt består av ei hand på helseflaska, og ei hand på våpenet. Du trykkjer på musa som om livet står på spel (noko det gjerne gjer òg), og drep fiende etter fiende på nøyaktig same måte.

Med jamne mellomrom får du nytt våpen og utstyr, og desse har sjølvsagt visse krav. Først av alt må du vere i høgt nok erfaringsnivå, men du må samtidig ha dei nødvendige føresetnadane. Dette kan til dømes for vikingen vere at han må vere sterk nok, medan ein magikar må ha høg nok intelligens. Det er eit enkelt og greitt system dei fleste burde kjenne seg igjen i.

Todelt progresjon

Nivået og ferdighetene til karakteren din brukar to forskjellege erfaringslinjer. Den eine går for personen sjølv, og når denne går opp i nivå, kan du fordele poeng for å auke alt frå styrke til intelligens. Ein fjerdedel av alle erfaringspoenga dine går til den andre linja. Når denne går opp i nivå får du eit poeng, og du kan setje i gong å handle nye teknikkar for å massakrere beista i villmarka. Dette kan vere alt frå magiske formular til kraftige slag. Du kan òg velje kva gud du vil tilbe. Dei forskjellege gudane gir deg forskjellege ferdigheiter, så det er nok av rom for å skru helten din som du vil.

Det er her heile rota til problema ligg. Spelet utviklar seg aldri til å tilby meir enn endelause knappetrykk. Det byr ikkje på spaning eller utfordring heller. Utfordringa i spelet kjem utelukka i form av nummer. Slik sett er Loki eit ganske typisk hakk-og-slå-spel. Du kan hamne i situasjonar der fiendane er så mange at helseflaskene dine ikkje kan regenerere helsa di raskt nok. Då må du springe bakover for å få fienden litt på avstand, medan du fyller på med helse, før du kan gå tilbake for å drepe meir. Nye ferdigheiter er aldri så slagkraftige at du ved kløktig bruk kan hamle opp med fienden. Uansett kva du får tak i av magi eller spesialangrep, kokar det heile alltid ned til å trykke raskt nok.

Denne mangelen på interessante løysingar gjer spelet raskt einsformig. Du spring frå område til område, og uansett kor mange erfaringspoeng du sankar, lærer du eigentleg aldri noko nytt. Du ser kanskje tøffare ut, og områda ser forskjellege ut, men dei byr alltid på det same. Å byggje opp eit spel på denne måten fungerte kanskje bra for ti år sidan, men ein forventer meir i desse dagar. Nivåa i spelet er stort sett store opne flater, eller forskjellege lett samansette korridorar som forvirrar meir enn dei engasjerer. Ingen av områda gir større meining enn at dei inneheld fleire fiendar du kan drepe på nøyaktig same måte som den førre.

Historia i spelet baserer seg sterkt på dei forskjellege mytologiane spelet byr på, og dette er i og for seg interessant. Vi møter mange forskjellege gudar, og sjølv om historia ikkje er den beste, er den god nok til å underhalde. Dessverre er ikkje presentasjonen den beste. Stemmeskodespelet er slapt, og når ein høyrer Tyr eller Odin snakke, gremmer ein seg litt over det som definitivt ikkje høyrest ut som våre eldgamle gudar.

Lydbiletet er likevel ei av spelets beste sider. Lydane til dei forskjellege beista du støter på er artige og pustar liv inn i spelet. Den ambiente musikken er uansett det som verkeleg gir deg ei god kjensle. Den er eit godt eksempel på korleis god lyd kan løfte eit spel mange hakk. Der du elles kanskje ikkje hadde brydd deg, gir det stemningsfulle lydbiletet deg akkurat nok sitring i kroppen til at du let det gå ein time til. Musikken elles vaierar mellom det behagelege, og det pompøse og overdådige. Vi har høyrt det før, men det fungerer veldig godt for å setje deg inn i den rette stemninga.

Spelet er for det meste pent, og har god og kreativ design på det meste du får sjå. Dessverre slit spelet med overdriven bruk av «bump mapping». Det kan sjå ut til at utviklarane hos Cyanide har fokusert mest på å få ting til å skine, enn å få dei til å sjå levande ut. Teksturane er som regel utvaska og manglar detaljar, medan «bump mappinga» hoppar fram som ein vulkan i open sjø. Det gir dessverre spelet eit temmeleg livlaust preg.

Framandspråkleg nettspeling

Om du vil kan du spele Loki over nettet. Å spele gjennom historia saman med andre gjer spelet nokre hakk meir underhaldande. Ein kan setje saman ei gruppe forskjellege klassar, og dette forandrar visse delar av spelet drastisk. Konfrontasjonar som ofte endar med at du må springe bakover for å få opp helsa di, er borte sidan fleire personar kan hogge seg veg gjennom motstanden raskare. Dette gjer spelet både raskare og meir engasjerande, sidan ting går unna i eit mykje høgre tempo.

Utfordringen med å spele over nett er å finne spel med nok engelsktalande spelarar. Når ein søkjer etter spel er lista som regel prega av tyske og franske spelarar, noko som gjer kommunikasjon vanskeleg om dette er språk du ikkje kan. I tillegg er det ofte vanskeleg å koble seg til eit spel. Å bruke femten minutt på å prøve å finne eit spel som let deg delta, er ille nok i seg sjølv, men når du endar opp med å bli fråkobla så snart du har funne nokon som let deg inn, blir ein raskt lei.

Konklusjon

Loki er eit heilt kurant spel som endar opp med å skuffe fordi det ikkje er enda betre. Potensialet spelet får ved å basere seg på forskjellege mytologiar blir aldri heilt utnytta, og dessverre endar det raskt opp som atter eit typisk action-orientert rollespel med fugleperspektiv. Timane går likevel unna i eit tempo denne sjangeren er kjend for, og sjølv om variasjonen er hakket for dårleg, er det nok av fiendar å slakte til at du kan la deg underhalde i ei usunn mengde med timar. Du må likevel rekne med at du kanskje endar opp med å lure på kva du eigentleg brukte dei timane på, og om det i det heile var verdt det. Loki kan vere god underhaldning for mange, men du bør nok sjekke ut demoen først, om du vurderer eit kjøp.

Vurdering


Loki Windows Windows 5/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 24. august 2007
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Focus Home Interactive
  • Utvikler: Cyanide

Beste priser

Nedlasting 92,- Til butikk
Nedlasting 92,- Til butikk

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen