Test

Logitech G303 Shroud Edition 

Lynkjapp, presis og svindyr

Logitech lånar namnet til ein av gamingverdas største profilar for sitt nyaste produkt.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Før jul lanserte Logitech ein ny versjon av den klassiske gamingmusa Logitech G303. Lanseringa er eit samarbeid med Twitch-profilen og den tidlegare CS:GO-proffspelaren «Shroud», og dei som følgjer han har sikkert fått med seg at han brukte G303 i alle år før han gjekk over til Logitech G Pro.

Det er nokre år sidan Logitech tok G303 av hyllene, noko som førte bruktprisane opp i himmelen på grunn av «Shroud». Mange tenkjer nok at ein automatisk blir ein betre spelar viss ein brukar dei same produkta som proffspelarane gjer, men slik er det dessverre ikkje.

Logitech G303 har alltid vore eit nisjeprodukt på grunn av det spesielle forma, og passar berre for dei med ein viss handstorleik og grepstype. No har Logitech dratt den rare forma endå lenger med eit meir aggressivt design.

Musa kjem òg med ein ny sensor og ein prislapp på heile 1300 kroner. Er det mogleg å forsvare prisen?

Design og komfort

Logitech G303 er ei svært habil skytespelmus i dei rette hendene. Men det er god grunn til at ho aldri har vore blant dei mest populære musene til Logitech.

Diamantforma gjer at ho fungerer best i klogrep. Mange vil få direkte vondt i handa om dei har for små hender til å bruke ho, og skråninga på sida er endå kraftigare enn i den førre versjonen, noko som styrkar sjansane for dette.

Dette er ei lita, trådlaus gamingmus med spisse kantar overalt. Eit slikt aggressivt design er vanlegvis ikkje noko som harmoniserer med komfort, og denne versjonen er endå meir spiss og kantete enn det originalen var. Logitech G305 er den openberre samanlikninga, som er bitte litt mindre, men har runde kantar. Det er ei jamt over betre mus når det kjem til passform.

Samstundes vurderer me produkta me får inn utifrå målgruppa dei er mynta på. Det er ikkje så mange alternativ for dei som vil ha trådlause klogrepmus i denne storleiken, og ho ligg godt i handa med det rette grepet.

UBEHAGELEG: Logitech G303 Shroud Edition er meinte for ei ganske smal målgruppe, og kan vere ubehageleg for dei med feil grepstype.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Logitech G303 Shroud Edition kan fungere med handflategrep eller fingertuppgrep for dei med store hender, men det er ikkje å anbefale. Det finst så mange andre mus med betre passform for det.

Musa viser knappe 75 gram på vekta, som er lett nok til å vere konkurransedyktig i skytespel, men Logitech er ikkje marknadsleiande på trådlause produkt slik dei var for nokre år sidan. Dei kunne i det minste laga noko som var på linje med G Pro Superlight, syns eg.

Knappar

Logitech G303 Shroud Edition har fem knappar og eit klikkbart rullehjul. Høgre- og venstre museknapp har skarpe klikk og lynkjapp respons med kort vandring, medan sideknappane har litt lengre vandring og mjukare tilbakemelding. Sideknappane kunne med fordel vore endå litt fastare i tilbakemeldinga.

SIDEKNAPPAR: Knappane er meir lause enn dei burde vore.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Den skarpe kanten på sida gjer at sideknappane er plassert litt høgare enn eg skulle likt, då den naturlege kvileposisjonen for tommelen er på undersida av kanten. Det gjer at ein må flytte tommelen litt for å trykke dei inn. Optimalt sett bør ein kunne rulle fingeren opp og spare nokre verdifulle millisekund i kampens heite.

Rullehjulet har ei behageleg gummioverflate, og sjølve hjulet har 24 klart definerte trinn. Eg kunne gjerne hatt endå meir tilbakemelding i trinna her, men det er ikkje mykje å klage på når det kjem til kvaliteten.

På toppen av musa er det ein knapp som rullerer gjennom PPT-trinna. Denne er så låg at du ikkje kjem borti han ved uhell, som er eit lite pluss i boka.

Sensor og batteri

Logitech er marknadsleiaren når det kjem til sensorteknologi. Hero-sensoren sikrar feilfri sporing og presisjon, og gir deg moglegheit for PPT frå 100 til 25 000. Sensoren gjer òg at du får trådlaus tilkopling med tilnærma null forseinking. Du merkar ingen forskjell på denne og ei kabelmus.

HEFTIG BATTERI: Logitech G303 Shroud Edition har ei batterilevetid på godt over ei veke med bruk. Det er meir enn nok.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Batteriet skal halde 70 timar i konstant rørsle, og opp mot 156 timar ifølgje programvara. Takka vere USB C-inngangen tar det ikkje veldig lang tid å lade musa opp til 100 prosent igjen, som betyr at du neppe treng å lade musa meir enn ein gong i veka. Dette er blant dei mest kraftige batteria me har sett på gamingmusene me har testa.

Dessverre har ikkje produktet støtte for trådlaus lading via Logitech Powerplay. Det syns eg er ganske skuffande når musa er så dyr som ho er. Logitech har heller ingen ladedokking slik som Razer har til sine toppmodellar.

Programvare

Logitech G303 Shroud Edition har ikkje RGB, så det er ikkje så altfor mykje ein kan gjere i Logitech G Hub.

INGEN RGB: Musa har ingen lyselement, nett slik som Logitech G305.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Programvara lar deg setje opp PPT-trinn, justere oppdateringsrate, endre eigenskapane på knappane og programmere makrokommandoar. Kvar knapp kan få ein ekstra eigenskap via G-Shift, som er ein eigen underprofil med nye eigenskapar slik som Razer har på sine produkt.

Det er ikkje så mykje nytt her, altså. Eg saknar moglegheita til å justere løftehastigheita, men elles får du det du treng.

Konklusjon

Det er ikkje så mykje negativt å seie om Logitech G303 Shroud Edition – sett at du har klogrep –, men eg er heller ikkje spesielt imponert. Til 1300 kroner forventar ein det beste av det beste. Det verkar ikkje som Logitech har prøvd så veldig hardt for å levere det her.

Prisnivået på gamingmus har gått opp i løpet av dei to siste åra, og toppmodellane til Logitech, slik som G Pro Trådlaus og Superlight, kosta 1600 kroner ved lansering. Dei er likevel i ein heilt annan klasse enn kva denne musa er, og det er lettare å forsvare ein slik pris viss du tilbyr noko ingen andre har. Det er ikkje tilfelle denne gongen.

Sensoren, batteriet og den trådlause teknologien er imponerande, men G303 kunne med fordel vore endå lettare og hatt moglegheit for trådlaus lading slik som storebrørne har. Eg er òg skeptisk til endringa på passforma frå førre generasjon.

Komfortnivået har aldri vore høgt på G303, og no er det blitt hakket verre. Musa er eit fint produkt for dei med klogrep og mellomstore eller store hender, men det er ei ganske smal målgruppe.

Eg håper elles at Logitech lanserer ein ny versjon av G305 med same sensor. G305 har ei langt betre passform, og fortener lågare vekt og eit innebygd batteri.

For tida kan ein få fire Logitech G305 til same prisen som ein G303 Shroud Edition, som seier sitt. Her bør Logitech kutte prisen betydeleg før G303 Shroud Edition er vits i å kjøpe. No er produsenten på grensa til grådig.

7.5
/10
Logitech G303 Shroud Edition
Glimrande for dei få som har pengar og grep for å bruke ho.
Feilfri sensor
Lynkjapp trådlaus tilkopling
Svært lang batterilevetid
Låg vekt
Mykje betre museføter enn G305
Behageleg med klogrep
..fungerer eigentleg ikkje med anna enn klogrep i det heile
Fire gongar så dyr som G305
Ingen trådlaus lading

Siste fra forsiden