Anmeldelse

12 Minutes

Meiningsfull frustrasjon

Om du veit korleis du vil døy, kan du gjere noko med det?

Annapurna Interactive

12 Minutes introduserer oss for eit lite persongalleri beståande av tre individ. Først er et deg, hovudpersonen, som kjem heim etter ein dag på jobben og er klar for å berre slenge føta på bordet og slappe av litt. Heime møter du kona di som tek vel imot deg, og har ei overrasking ho gjerne vil dele med deg. Idyllen er derimot kortvarig, sidan ein politimann er på veg, noko som raskt går feil, endar i din død, og startar eit unikt og veldig spesielt eventyr.

I motsetning til dei fleste andre spel er ikkje døden slutten her. I staden er det berre eit steg i forteljinga. Der alt rundt deg startar på nytt kvar gong du døyr, hugsar du alt, og må prøve å finne ut korleis du skal kome deg ut av tidssløyfa som av ein eller annan grunn har fanga akkurat deg. Vi har altså med eit klassisk tema velbrukt i både film og TV gjere, men ganske unikt i spelverda.

Fire rom og ei gravferd

Dette gjekk litt feil veg...
Annapurna Interactive

Det som først og fremst løftar dette spelet er sjølve historia. Den er svært godt fortalt, spesielt sidan utviklarane har hyra inn dei dyktige skodespelarane Willem Dafoe, James McAvoy og Daisy Ridley for å bringe desse tre personane vi møter igjen og igjen til live.

Det er eit sjakktrekk, men eit enda større sjakktrekk er at utviklarane lot skodespelarane spele mot kvarandre ansikt til ansikt, i staden for å berre lese inn linjer aleine slik ofte blir gjort i spelbransjen. Resultatet er ein uvanleg naturleg dialog der ein verkeleg forstår og kan tolke personane ut frå ikkje berre kva dei seier, men korleis dei seier det.

Det handlar sjølvsagt mykje om formidlingsevna til dei tre skodespelarane. Spesielt James McAvoy i rolla som houvdpersonen briljerer, men det er det totale samspelet mellom dei tre personane som løftar dette spelet fram og opp.

Med så gode skodespelarar, blir det interessant å følgje med. Kva som skjer – og kvifor det skjer – fengar meir når dei det skjer med er truverdige personar, som framstår som levande individ. Ikkje noko vondt om profesjonelle stemmekodespelarar, men 12 Minutes klarar på berre nokre timar å parkere det meste av arbeidet profesjonelle stemmeskodespelarar har utført dei siste åra.

Eg skal ikkje spekulere for mykje i kvifor. Det kan vere korleis dialog ofte blir spelt inn, med ein skodespelar aleine i eit rom som les inn hundrevis av linjer på ein dag og naturlegvis manglar nødvendig kontekst for å levere riktig i mange situasjonar, eller det kan vere regissør, manus eller skodespelar det står på. Åkke som, 12 Minutes er eit døme fleire bør sjå til og ta lærdom frå.

Peik og klikk

Vi får sjå det heile frå fugleperspektiv, og blir vitne til at dei tre personane i historia går gjennom desse tolv eller færre minutta om att og om att heilt til du finn vegen ut. Kva dette betyr for deg er først og fremst at kvar gong du går gjennom sløyfa må du prøve å oppdage noko nytt i heimen din, lære noko ved å prate med nokon, finne ut korleis du kan bruke ein gjenstand eller til og med eit rom, og leggje ein plan for kva du skal gjere neste gong.

Du styrer ein liten peikar som du inspiserer dei ulike romma med. Du finn ein kopp her, ein kniv der, ei dør over her, og ein person å snakke med sit kanskje i sofaen. Alt må inspiserast, og mykje tid, i alle fall i starten, går med på å finne ut kva du kan gjere med dei ulike elementa og romma spelet byr på. Kontrollsystemet er så enkelt som det kan bli, alt du gjer er å flytte markøren og klikke på det den ligg over. Opplevinga er utan tvil best på PC. Musa gjer seg betre til slike kontrollsystem enn ei analogstikke, og det er hakket for lett å bomme når du skal klikke på noko når ein spelar på konsoll.

Det som verkeleg skil 12 Minutes frå andre spel i same sjanger er denne tidssfløyfa. Den fører til at du må gjennom dei same scenene fleire gongar, men kan endre både det og skjer og kva som skjer vidare ved å bruke det du fann ut i førre sløyfe. Kvar gong du går gjennom den på ny har du mest sannsynleg teke med deg noko nytt. Ein gong gøymer du deg og blir vitne til alt som skjer, ein annan klarar du å lure politimannen, ein annan fortel du kona di alt og lærer meir om ho.

Du tek heile tida med deg nye ting vidare, og du varierer kva du til ei kvar tid gjer for å grave fram meir og meir informasjon. Det er dette som heile tida held deg gåande; kvar vesle nye flik av kunnskap. Historia er spanande, og ein vil gjerne finne ut kvifor denne politimannen kjem og angrip to tilsynelatande uskuldige personar. Etter kvart kjem det fram fleire og fleire detaljar som målar eit komplekst bilete av situasjonen, og mykje av utteljinga kjem gjennom å grave fram dette.

Sånn kan det gå om du ikkje spelar korta dine riktig.
Annapurna Interactive

Til å bli skalla av

12 Minutes eit ufyseleg frustrerande spel til tider. Det seier seg nesten sjølv, all den tid dette er eit peik og klikk-spel, men i 12 Minutes blir det nesten litt for mykje av det gode. Du må ikkje berre finne ein kombinasjon av handlingar og gjenstandar for å lage eddik av vin, du må i tillegg gjere det innan ein tidsfrist. Ikkje berre må du finne vegen, du må finne den medan du heile tida blir køyrt ned av ein bil.

Å leggje ned dei rette korta er vanskeleg nok, men du veit ikkje alltid kva kortspel du spelar.

Verre blir det av at du for å få full utteljing av historia må sjå alle dei ulike sluttane som kvar og ein legg til nye, og absolutt interessante element eller vinklingar. Kva som skjer formast til dels av deg, men når ein slutt slettar all framgangen din, og du må starte heilt frå null igjen, er det lett å berre seie nei, dette orkar eg ikkje.

Ei ny gjennomspeling vil sjølvsagt ta kortare tid sidan du mest sannsynleg vil hugse det meste av kva du skal gjere, men det meste av dialog kan ikkje hoppast over, så du må gjenoppleve dei same tinga så mange gongar at ein til slutt blir lei.

Alt dette er eigentleg veldig trasig, for 12 Minutes er eit på mange punkt nydeleg spel, og ei minneverdig oppleving. Spesielt er det ei oppleving som er god først og fremst ut frå historia og korleis den er formidla. Jobben til dette spelet er først og fremst å fortelje ei god historie, dei spelmekaniske utfordringane kjem i andre rekke, og det kunne godt utviklarane ha teke konsekvensen av, og gjort spelet hakket meir tilgjengeleg for dei som kanskje ikkje har like godt tolmod med peik og klikk-banalitetar som mange av oss andre har.

Konklusjon

Med litt kløkt og tolmod finn du alltid ein utveg.
Annapurna Interactive

12 Minutes er notert som eit av dei mest interessante spela frå 2021. Om det er blant dei beste er framleis opp for diskusjon, men det byr unekteleg på ei gjevande og høgst fascinerande oppleving. Historia er kort, men intens og spanande. Godt skodespel frå dyktige skodespelarar som får brife med kor flinke dei er til å berre vere folk, løftar ei slik historie ulikt noko anna. Eg tør ikkje tenkje på korleis dette spelet hadde blitt om utviklarane berre hadde hyra inn nokre folk som elles mest dubbar teiknefilmar.

Elles byr spelet på eit interessant og utfordrande gameplay i kjent peik og klikk-stil, men med den ekstra utfordringa at du er under eit konstant tidspress. Om du ikkje har fått inn peik og klikk-spel med morsmjølka kan det sikkert bli litt i overkant for mange, og det er litt synd. Det er ei god historie her, og eg fryktar mange vil gå glipp av den grunna frustrasjon. Eg vil likevel absolutt tilråde deg å teste ut 12 Minutes. Det er ikkje for alle, men det er ei unik og minneverdig oppleving det absolutt er verdt å få med seg.

7
12 Minutes
12 Minutes er ikkje for alle, men det er ei unik og minneverdig oppleving.
12 Minutes

Siste fra forsiden