Neverwinter har fått Xbox One-dato

Snart kan du dra på reise til Forgotten Realms.

I fjor blei det kjent at Dungeons & Dragons-MMOet Neverwinter ville kome til Xbox One. Etter ein betatest no i februar har utviklarane hos Cryptic fastlåst ein lanseringsdato på Microsofts konsoll. Det får vi vite i ei pressemelding. Neverwinter vil lanserast på Xbox One 31. mars, og vil som på PC vere gratis å spele, men med mikrotransaksjonar for dei som vil ha meir innhald. Eit Xbox Live Gold-medlemskap blir likevel nødvendig for å få spele.

Xbox One-versjonen vil kome med alt innhald frå grunnspelet, samt Tyrany of Dragons-ekspansjonen og ei rekke karakterklassar. Meir innhald blir lova i framtidig utvidingar.

Du vil ikkje kunne spele side om side med dei som spelar på PC, men Cryptic lovar internasjonale serverar slik at du kan spele med folk frå heile verda.

Lar spelarane lage oppdrag

Klart for eventyr i Forgotten Realms.

Eitt av dei mest unike elementa ved Neverwinter er Foundry. Dette er eit verkty som let spelarane lage eige innhald til spelet, og såleis utvide opplevinga. Korleis dette vil fungere på Xbox One er det derimot ikkje sagt mykje om.

Vår mann var ikkje heilt imponert over Neverwinter etter å ha spelt det på PC, men meinte likevel det var eit MMO det var verdt å prøve seg på:

«Uansett kva du måtte lese ut av denne spelmeldinga, så vil eg anbefale å i det minste gi Neverwinter ein sjanse. Det kostar deg ingenting, og det er mykje å ta seg til i den første delen av spelet. Du har mange timar med spel framfor deg, og mange av elementa i spelet er bra. Det at utviklaren har laga Foundry, systemet som gjev brukargenerert innhald, er ein genistrek.»

Neverwinter er ikkje det einaste MMOet på veg til konsoll. Til sommaren lanserast The Elder Scrolls Online på Xbox One og PlayStation 4. Det òg blir gratis.

Siste fra forsiden