No kan du få langt betre yting i Red Dead Redemption 2

Sjå kva Nvidia har koka i hop.

Rockstar Games

Før­re veke skreiv me at Red Dead Re­demp­tion 2 og Red Dead Online får støt­te for «DLSS» frå Nvidia. «DLSS», el­ler «Deep Learning Su­per-Samp­ling» er ein tek­nikk for å oppskalere opp­løy­sin­ga i spel ved hjelp av mas­kin­læ­ring. Tek­no­lo­g­ien har fått ein del pe­par for å vere litt for uty­de­leg i rørs­le, men dei sis­te ver­sjo­na­ne har blitt langt bet­re.

I flei­re spel er det vel­dig vans­ke­leg å sjå for­skjell mel­lom «DLSS» og van­leg 4K-opp­løy­sing, samstundes som du får langt høgare biletefrekvens enn i full oppløysing.

No har skjerm­kort­sel­ska­pet dratt slø­ret av kor mykje bet­re yt­ing dei med skjerm­kort frå Am­pe­re- og Turing-ar­ki­tek­tu­ren fak­tisk får.

Opp mot 45 pro­sent auke

Red Dead Re­demp­tion 2 er eit vel­dig krev­jan­de spel å køy­re på PC, og berre dei al­ler kraf­ti­gas­te skjerm­kor­ta på mark­na­den har vore i stand til å køy­re det i 4K med alle inn­stil­lin­ga­ne på hø­gas­te nivå.

Nvidia skriv rett nok berre om «Per­for­man­ce Mode» i pres­se­mel­din­ga som kom i dag, ik­kje «Qual­i­ty Mode». Der må ein nok ven­te noko lå­ga­re re­sul­tat.

Nvidia

Med «Per­for­man­ce Mode» kan ei­ga­rar av RTX 2080 Ti, RTX 3070, RTX 3070 Ti, RTX 3080, RTX 3080 Ti og RTX 3090 kose seg med gjen­nom­snitt­le­ge biletefrekvensar over 60.

RTX 3080 Ti opp­når ein gjen­nom­snitt­leg biletefrekvens på 85.3. Det er ik­kje opp­lyst om dei bru­kar det in­ne­byg­de benchmarkverktøyet for tes­ta­ne, men då kan ein nok trygt anta at det ligg langt over 60 i «Qual­i­ty Mode» òg.

Alle RTX-skjermkorta skal no klare å oppnå ein biletefrekvens over 60 i 1080p, medan RTX 3060 Ti og over klarar det i 1440p i «Per­for­man­ce Mode».

LES OGSÅ: Snart kan du få mykje meir FPS tak­ka vere AMD »

Siste fra forsiden