Hitman - James Bond

No kan du myrde Mads Mikkelsen i Hitman

Dansken gjer comeback som den ikoniske James Bond-skurken.

Natt til laurdag gjer Mads Mikkelsen igjen rolla som Bond-skurken LeChiffre frå Casino Royale.

Det er Hitman som får oppgåva med å ta han av dage.

– LeChiffre er alltid to steg framfor deg. Han les deg før du les han, det er litt som å ta med ein sjakkspelar til ein runde poker, seier Mikkelsen frå scenen på Summer Game Fest.

Det har gått heile 19 år sidan Mikkelsen sist spelte rolla. No står han for stemmeskodespelet i ei ny oppdatering til Hitman World of Assassination.

Tenk at ein fekk både Hideo Kojima og Mads Mikkelsen på scenen i kveld. Geoff Keighley kan døy lukkeleg, no.

Utviklarane har laga nivået for å gjere ære på filmen, men det er også nokre overraskingar rundt hjørnet, seier dei.

Les fleire Summer Game Fest-nyheiter »

Siste fra forsiden