Intervju

«Gopher»

Noregs mest produktive spel-Youtubar er ein 51-årig firebarnsfar. Men ingen veit kven han er

Eit tiår med 70-timarsveker framfor skjermen har berre gjort han endå meir glad i speling.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Fleire og fleire driv med spelinnhald på YouTube og Twitch her i Noreg. Det er tidkrevjande og strevsamt arbeid om ein skal lukkast med å vekse, noko me fekk høyre Valorant-stjerna Jonas «AverageJonas» Nyløy Navarsete fortelje om for nokre veker sidan.

Denne gongen har Gamer.no snakka med ein profil som er langt større i andre land enn her. YouTube- og Twitch-skaparen «Gopher», som er kjend for modding, videoar om Bethesda-spel og ymse «Let's plays», er sannsynlegvis den i Noreg som har laga desidert flest kommenterande spelvideoar på YouTube.

Sidan 2010 har denne firebarnsfaren publisert nesten 6000 videoar på det sosiale mediet, kombinert med jamleg strøyming på Twitch over mange år.

51-åringen frå Manchester, som har budd i Noreg i over 20 år, har heldt korta tett til brystet. Han ønskjer å halde jobblivet og familielivet separat, og difor kjenner ikkje sjåarane hans den verkelege identiteten hans. Han ønskjer heller ikkje stå fram med namn her, men han kunne likevel røpe litt fleire detaljar enn vanleg (Gamer.no kjenner identiteten hans, journ.anm.).

Me sat oss ned med «Gopher» i ein times tid for å høyre om kva som driv nokon til halde ein slik enorm produktivitet gåande, år etter år.

Komplett uhell

I 2010 jobba «Gopher» som programmerar, og brukte fritida si på å lage modifikasjonar til dataspel. YouTube-kanalen blei til med eit uhell, fortel han.

PRIVAT: «Gopher» samanliknar det å berre bruke pseudonymet med at folk i «vanlege» jobbar er heilt ulike personar på jobb og i heimen. Han vil verne om det skiljet. – Eg er nok meir høfleg og mindre aggressiv på YouTube. For meg handlar dette mest om å isolere familien min for alle ulempene denne typen jobb kan føre med seg. Eg likar å kunne ha eit privatliv, seier han.
Bethesda

– Eg laga ein del modifikasjonar for brukargrensesnitt, og desse var gjerne litt meir utfordrande å installere. Det var heile tida masse spørsmål om kva andre modifikasjonar dei var kompatible med, seier «Gopher».

Då klekka han ideen om å lage opplæringsvideoar. Først var tanken å legge dei rett inn på mod-sida på NexusMods, men grunna ei filstorleikgrense, la han inn HD-versjonar av videoane på YouTube.

Og slik starta det. Ein halv million abonnentar og nesten 250 millionar visningar seinare, er han blitt eit av dei fremste namna innan modifikasjonsscenen for Bethesdaspel – verda over.

– Eg hadde aldri nokon intensjon om å starte med YouTube, seier han.

Drastiske endringar

Etter kvart som fleire og fleire byrja å kikke på videoane hans, gjekk det opp for 51-åringen at dette var noko han kunne leve av. No har han drive med YouTube som dagjobb sidan 2013 – mykje takka vere ein støttande familie.

Les også
Anmeldelse: Mass Effect 2

– Kona mi er ekstremt støttande, og ho sa umiddelbart ja då eg foreslo å gjere dette på fulltid. Men ho er på mange måtar min rake motsetning. Dataspel er ikkje noko for henne. Eg hiv ho litt under bussen no, men det er litt slik at ho ser ned på speling. Ho er støttande, ja, samstundes som ho syns jobben min er heilt crazy, seier han med ein god latter.

Over åra har «Gopher» bygd seg ein lojal følgjarskare. YouTube har vore gjennom nokre drastiske endringar sidan han starta opp, som har gjort at han har måtte hente inn fleire inntektskjelder via Twitch og Patreon, men sjåarane hans har følgd han heile vegen.

STOR ENDRING: Dette er den første offentlege videoen som Gopher la ut. Han går framleis tilbake til nokre av dei eldre modifikasjonsvideoane sine av og til, men har ein heilt anna kvalitet på produksjonane sine i dag.

– Sjåartala mine har vore ganske stabile dei siste åra. Eg kjem nok ikkje til å bli den neste YouTube-millionæren, men eg kan drive med dette som ein jobb utan å kjenne at eg ikkje bidrar nok til familien. Det er få bekymringar her, seier han.

Nye sjåarar får han først og fremst viss han byrjar på nye spel, men elles er det kjernepublikummet sitt han lever på.

– Eg har ein stil som appellerer til ei lita, men lojal gruppe med folk. Dei kjem tilbake til videoane mine og likar det eg gjer.

Trer inn i figurane

I byrjinga handla kanalen hans først og fremst om å vise fram nye modifikasjonar, men etter kvart har «Gopher» spesialisert seg på «Let’s play»-videoar med ulike figurar.

LOJALE: «Gopher» har ein stor fanbase som har følgt han i alle år. Mange av dei følgjer dei ulike figurane hans tett gjennom hundrevis av episodar.
Skjermdump

Ved første blikk kan det verke som han driv med rollespeling, men det er ikkje eit omgrep han er så veldig fan av.

– Eg likar ikkje omgrepet «rollespeling». For meg handlar det berre om at eg lever meg veldig inn i spela. Eg ser ikkje på meg sjølv som nokon som spelar eit spel, men heller at eg går inn i spelet og figuren sjølv, og lever meg inn i det som om figuren var meg. Det kan godt hende det er rollespeling, men eg kallar det ikkje det, for ulike folk har ulike idear. Eg forsvinn inn i figuren, så får lyttaren bestemme om det er rollespeling eller ikkje.

Dei ulike «Let’s play»-seriane hans har alle ulike hovudroller.

– Dei er enormt ulike, ulike som natt og dag. Eg føler meg òg fullstendig annleis når eg speler éin figur i forhold til ein annan, seier han.

Stor arbeidsmengd

I løpet av åra har han produsert ein myriade av videoseriar og laga ein drøss med figurar. Som nemnd nærmar han seg grensa på 6000 videoar.

– Korleis held du det gåande etter så mange år?

– Ærleg talt så trur eg det handlar om ei slags form av OCD. Du veit gjerne korleis du av og til får ei lyst eller trong til å gjere noko, og det berre blir hengande over deg? Det er litt slik det er med spelinga med meg. Eg får ein ide, og så blir den der i årevis. Til dømes har eg tenkt på å lage ein Mass Effect-serie i seks år no.

BRANSJE I ENDRING: Etter kvart som annonseinntektene på YouTube har minska, har «Gopher» måtte subsidiere dei med midlar via Patreon og Twitch. – Twitch har blitt ein veldig viktig del av verksemda mi. Engasjementet og møtet med sjåarane er så mykje meir direkte der, det er nært og intimt, og det er noko med det som er veldig givande, seier han.
Bethesda

– Det er små, masande ting som klistrar seg bak øyret, som driv meg på eit vis. Viss du likar det du held på med, så forsvinn dei aldri. Eg har ein konstant jungel av ting som kjempar om å få merksemda mi, og eg elskar det eg driv med.

Denne typen arbeid er det vanskeleg å ramme inn i ein åttetimarsdag.

– Me snakkar fort 70 timar i veka. Men eg jobbar heimanfrå, og er der når familien står opp og når dei kjem heim. Det blir mykje kveldsjobbing etter ungane har lagt seg, òg. Det er alltid noko. Sjølv på førre ferie hadde eg med meg laptopen min for å planleggje publiseringar. Men familien er veldig forståingsfulle. Av og til er det litt sånn «papa’s gotta go stream for three hours». Og det er heilt greitt for dei.

Magiske opplevingar

Åtte år med lange dagar i same yrke kan viske vekk gleda med det meste om ein ikkje er varsam. Spelinga har fått ei slags jobbkjensle for «Gopher», men han klart om verne om spelgleda si.

– Det er framleis like morosamt. Ikkje berre opplever eg framleis magien med å spele, men på nokre måtar er han blitt meir kraftig enn nokosinne.

VANSKELEG: «Gopher» syns det er vanskeleg å konstatere kva som er favorittspelet hans, men han peikar på Mass Effect 2, Fallout 3 og Dragon Age Origins som minnerike opplevingar som heng høgt. Sjølv om han ikkje har ein klar favoritt, syns han The Witcher 3: Wild Hunt er det beste spelet han har vore gjennom.
CD Projekt RED

Han fortel at nokre av augeblikka frå før han starta YouTube, som møtet med Sovereign i Mass Effect eller det å gå ut av kvelvet i Fallout 3, framleis sit friskt i minnet. Men det å måtte artikulere kjenslene sine overfor sjåarane, det har gjort nokre av dei beste spelminna han har opplevd i seinare tid endå meir levande.

– Av ein eller annan grunn føler eg at eg lever meg meir inn i spela når eg lagar videoar. Nokre gongar når du speler blir du gjerne litt mykje opphengt i detaljane, som mekanismar, lagersystem eller liknande, men i ein «Let’s play» er du mykje meir fokusert på forteljinga, figurane og verda. Du samhandlar med dei, og du gjer det på eit vis slik at sjåarane kan få innblikk i den same opplevinga. Det blir endå meir intenst.

– Ta VR som eit døme. VR er engasjerande og kjempemoro, men det å kunne snakke med sjåarane mine på straumen og prøve å forklare korleis det er å stå utfor Bleak Falls Barrow i Skyrim for første gong i VR, det er noko med det. Det er som å vere ein unge og vise fram dei nyaste leikene sine. «Let’s play»-seriane har gjort at eg har fått ein endå større forkjærleik for speling, seier han.

Viktig å passe på engasjementet

«Gopher» understrekar at det er viktig å leggje frå seg ting om ein ikkje klarar å leggje sjela si skikkeleg i det. Både Skyrim og modifikasjonane har han måtte ta lange pausar frå til tider, men så kjem han tilbake med eit nytt giv igjen.

– Det er viktig å vite når du skal slutte om det blir tungt. Om du ikkje elskar det du driv med i ein jobb som dette, då merkar sjåarane dine det med ein gong.

RUSTEN: «Gopher» bur i Oslo, rundt ein halvtimes rusletur frå sentrum. Men sjølv med over 20 år i Noreg er norsken hans ganske rusten. Det har mykje med jobben og at ein klarar seg fint med engelsk her i landet, seier han.
Bethesda

No for tida er han i gang med endå ein «Let’s play» i Skyrim, og han har framleis fleire modifikasjonsprosjekt på blokka.

– Eg har laga fleire modifikasjonar for eigne «Let’s play»-rundar, berre for meg sjølv. Men eg ventar på det neste, store spelet. Dei første 6–12 månadane etter eit nytt Bethesda-spel kjem ut, der folk lagar titusenvis av modifikasjonar, det er ei magisk tid for meg. Eg gleder meg veldig til å sjå Starfield og kva modifikasjonssamfunnet kan gjere med det.

Han kjenner ikkje heilt på den same hypekjensla med nye spel som før, men har tru på at Starfield blir bra.

– Eg blir ikkje like mykje hypa som før. Det handlar nok mest om at me har blitt skuffa for ofte i det siste. Den kjensla kjem nok for Starfield, men sikkert meir nærmare lansering.

– Eg trur det kan bli ein moddescene slik som med Skyrim der. Det kjem veldig an på kva Starfield blir, og for meg må det vere eit slags Skyrim i verdsrommet – og Todd Howard har vel sagt at det skal bli noko i den duren. Klarar dei det, kan det bli eit fantastisk spel med ein levande moddescene.

Lite glamor

Offentlegheita gir gjerne eit veldig glamorøst bilete av det å vere Youtubar eller influensar, men slik er det ikkje for «Gopher», fortel han.

– Det er nok skuffande normalt, og langt frå så glamorøst som folk trur det er.

Han viser likevel til nokre opplevingar som han aldri ville fått om han ikkje var så kjend som han er. Til dømes blei han invitert ned til kontora til CD Projekt RED i forkant av lanseringa av The Witcher 3: Wild Hunt, og fekk prøve spelet før det kom ut.

OMFATTANDE: «Gopher» starta serien sin om Skyrim Special Edition i 2018. Den held han framleis på med i dag.

– Det var ein utruleg tur. Men det er nok eit unntak, dessverre. Dei fleste store hendingane av den typen eg har vore på, har vore møte i mørke kjellarar med masse datamaskinar og dårleg kaffi. Du tar flyet inn og ut same dagen, og endar opp med å bruke 16 timar på å spele to timar.

– Eg føretrekkjer å spele heime samanlikna med det. Det er nok annleis for dei som har to millionar sjåarar på kvar video og gjer galne ting kvar gong, men eg er berre ein fyr som sit framfor nokre skjermar og speler dataspel. Ein kan faktisk ikkje få det mindre glamorøst.

Det betyr ikkje at han ikkje kjem til å halde fram. På ingen måte.

– Dette er ein skikkeleg, skikkeleg moro jobb å ha. Eg har lange dagar, men det er dagar er elskar, avsluttar han.

Siste fra forsiden