INTERVJU: Jonas (31) har fått seg eigen kokk, men har ikkje sett så mykje til damene
Intervju
(Foto: Team Liquid)

Jonas (31) har fått seg eigen kokk, men har ikkje sett så mykje til damene

Saftbygdingen mista jobben i Brasil. No er han blitt verdskjent på Twitch.

Den eines naud, den andres brød, er det noko som heiter. Koronapandemien har hatt mange slike utfall. Nokre næringar har vore, og er framleis, i ein kritisk fase på grunn av pandemien. Andre, slik som gaming og streaming, har blomstra som aldri før i løpet av dei siste 17–18 månadane.

Jonas «AverageJonas» Nyløy Navarsete (31) frå Sogndal har opplevd begge desse effektane. Navarsete er gjerne eit kjend namn for mange av våre lesarar, då han blant anna har vore aktiv på YouTube med musikalske parodiar i spel, har vore kaptein for det norske Overwatch-laget og spelar for Telenorliga-laget Epiphany Bolt, men det store gjennomslaget har venta på seg.

Det er nokre år sidan Navarsete gav opp e-sporten og satsa heilt på musikken, og i mars i fjor segla han verda rundt på eit cruiseskip for å synge.

– Så kom korona, og då mista me jobben vår, heile gjengen. Eg var ein av dei som sat fast i Brasil på eit cruiseskip, og venta på å bli henta heim av den norske ambassaden, fortel Navarsete.

– Rart å tenkje på

Då Navarsete kom heim, var Noreg i full nedstenging.

– Eg hadde ikkje så mykje anna å gjere, så eg tenkte eg kunne prøve å strøyme i nokre månadar, seier han.

MISTA JOBBEN: Navarsete jobba som artist på eit cruiseskip, men måtte finne ein nye karriere då koronaen tok frå han jobben.

Det viste seg å vere ein god ide. Skytespelet Valorant kom ut i betatest i april, og det blei starten for eit lite næringslivseventyr for sogndalingen. Han gjekk i gang med å lage videoar med tips og triks, først og fremst til figuren Sova, og blei fort populær i Valorant-miljøet etter at han delte videoane sine på reddit og andre sosiale medium.

– Då eg runda 30, kjende eg at eg berre ville ha det kjekt. Ikkje lytte for mykje til andre som sa at eg er flink til å synge og ikkje kan kaste vekk tida mi på speling. Eg kom til det punktet der eg gjorde det eg ville. Og det eksploderte med ein gong.

I dag har Navarsete rundt ein million følgjarar på tvers av sine ulike plattformer.

– Det er ganske rart å tenkje på. Eg hadde eigentleg skrinlagt YouTube-satsinga mi for ein del år sidan, for eg ville satse på å synge meir live. Det var alltid musikk og YouTube eg ville drive med, men så blei det speling på Twitch i staden.

– No får eg meir sjåarar av å laste opp eit tilfeldig høgdepunkt frå sendingane min til YouTube, enn eg gjorde på musikkvideoar eg brukte hundrevis av timar på å lage for nokre år sidan.

– Det er vel ein slags livsleksjon i dette. Er det noko du brenn for, må du ikkje la andre sine meiningar få påverke deg for mykje. Men du må jo vere realistisk, då.

«Onetrick»

Det å vere Twitch-profil på fulltid er nok blitt ein draum for mange i den yngre generasjonen, men det er på ingen måte enkelt. Det krev tid, hardt arbeid, motivasjon og disiplin.

Ein høyrer ofte at det mest utfordrande med strøyming er å kome over grensa på 20 sjåarar. Då er ein del gjort. For Navarsete losna det ganske fort då han først heiv seg på å lage guide-videoar for figuren Sova.

– Min store businesside var vel eigentleg at alle guidane mine var korte Twitch-klipp. Eg laga kanalar på Discord for kvar av banane på Valorant, og la inn klipp frå sendingane min der. Kvar gong nokon ser ein av guidane, blir dei eksponert for sendingane, seier Navarsete.

Det store gjennombrotet kom kanskje då han byrja å bli vist på YouTube-kanalen Protatomonster, og etter kvart fekk ein 18 minutt lang video med berre eigne klipp der. 

– Då blei eg veldig tungt assosiert med ein figur i spelet, og då blir du fort veldig populær. Når andre vil lære om figuren, så blir gjerne den personen sendt til mitt innhald. No er eg vel blitt ein av verdas mest kjende Sova-spelarar, og det er veldig enkelt å byggje profilen min på det, seier Navarsete.

Ekstrem arbeidsmengd

Etter kvart som følgjarskaren vaks, blei moglegheitene større. I januar signerte Team Liquid Navarsete som eigen innhaldsskapar, og no har han flytte til Utrecht i Nederland for å vere nær lokala deira.

OPPGRADERING: Slik såg strøymeplattforma til Navarsete ut før. No er det andre bollar.

– Det er blitt fulltidsjobb, altså?

Navarsete ler.

– Me snakkar 200 prosent. Du må verkeleg ville gjere dette. Det betalar godt, men du må ha vilja til å stå på, og no jobbar eg i alle fall tolv timar til dagen. Dette er ikkje for alle.

– Samstundes er dette kanskje den beste jobben du kan ha i pandemien, no som folk er mykje heime og har meir fritid, meiner han.

Med dagens situasjon er jobben så tidkrevjande at det blir vanskeleg å kople av, fortel Navarsete.

– Det går an å stikke av for å trene i nokre timar, men eg tenkjer på sendingane heile tida.

Personleg kokk, men få damer

Fasilitetane til Team Liquid har gjort arbeidsdagen betydeleg enklare. 

– Eg har fått eigen leilegheit her, fullt sponsa utstyr frå Alienware, med RTX 3090-skjermkort og 5950x-prosessor frå AMD, heile pakka. Det står ikkje på utstyret lenger, det kan eg seie. Forskjellen til guterommet er stor. I dag har eg manager, produsent, kameramenn – plutseleg er det i praksis eit heilt firma med fleire tilsette. Det går unna, seier han.

BERRE VELSTAND: Navarsete har ikkje mykje å klage på på maskinvarefronten.

No bur 31-åringen eitt minutt unna Team Liquid sine treningsfasilitetar, og han kan gå rett over gata for å få servert tre måltid til dagen av eigen kokk, møte kollegaer og spelarar på Team Liquid sin e-sportlag.

– Det er ganske fint. Matlaginga gjer kvardagen litt enklare og sunnare for oss som er travle. No kan eg tusle over der for å få egg og bacon til frukost, strøyme litt, og så kome tilbake for middag saman med dei andre. Det er ein flott arbeidsplass der me et og snakkar saman.

Han fortel at strøyming er eit ganske einsamt yrke, og at mange i bransjen slit med den mentale helsa på grunn av dette.

– Det er ein av dei største utfordringane våre, og difor er det flott at me har eit slikt tilbod. No er det ein ekstremt stor prosent av dei som strøymer som slit med angst og depresjonar, og det er viktig å lytte til kroppen, rår han.

NY KÅK: Navarsete har fått seg leilegheit rett ved Team Liquid sine lokale.

– Nokre gongar tar eg for hardt i, utan eg trener nok. Då kjenner eg at kroppen blir meir og meir slapp, og eg må trykke på stoppknappen for å ta litt fri, trene og få meg litt skikkeleg søvn. Det er jo ingen som stoppar deg, og du kan jobbe nett så mykje du vil.

Nærleiken til dei andre i Liquid har difor blitt ei stor hjelp for Navarsete, som har fått mange kompisar i laga.

– Men kva med romantikken, då?

– Nei, er du galen? Haha. Eg trur knapt eg har sett ei dame på snart to år. Men det er jo slikt som kjem etter kvart, sjølvsagt, men eg trur nok ein av grunnane til at det har gått så bra med strøyminga er nettopp at eg har fått vere ein del aleine.

Ver unik

Navarsete har brukt mykje tid på å analysere kva innhald som passar flatene hans best. Dei som ser på tenkjer gjerne ikkje over kvifor Navarsete speler eller gjer det og det, men det ligg mange timar med planlegging bak kvar sending.

– Det er ein stor fordel å ha eit analytisk hovud. Eg trur nok det er ein av grunnane til at eg har vekse så mykje, for eg har tatt veldig spesifikke val. Alt er planlagd. Eg prøver ulike ting, lærer av feila mine, og legg heile vegen nye planar for korleis innhaldet kan bli betre og korleis eg når ut til fleire.

SPESIELL PROFIL: Navarsete trur at kombinasjonen av Sova-guidar og musikken gjorde at han vaks så fort. Med seg i baklomma har han ein mastergrad i Idrettsvitskap ved Norges Idrettshøgskole og ei utdanning i klassisk musikk ved Norges musikkhøgskule. Det har vore nyttig, meiner han. 

Navarsete listar opp emneknaggar på Instagram, målgruppa, tidssoner, kven han strøymer med og kvifor han strøymer på visse tidspunkt som ting han ofte reflekterer over.

– Du må til og med passe på at timeplanen ikkje krasjar med strøymarar som du deler publikum med, slik at du ikkje slåst om sjåarane, tipsar han.

Den fremste suksessfaktoren handlar om å skilje seg ut. Navarsete seier at spel som Valorant gir deg eit lite tidsvindauge der ein må jobbe så hardt ein berre kan for å nå måla sine. Men det er ikkje mogleg å halde på slik i lengda. 

Då brenn ein lyset i begge endar. 

– 2021 har vore eit veldig bra år for meg. Noko var tilfeldig, men først og fremst handlar det om veldig mykje målretta jobbing og analytisk planlegging. Mange prøvde å ri på bølgja av Valorant, og grunnen til at eg var blant dei som kom ut på toppen, trur eg handlar om nettopp dette med å finne den unike identiteten. Det å vere supernerd på «lineups» med Sova og samstundes drive med musikk, det gir noko som andre ikkje har.

Ambisiøs

For Navarsete kom den klassiske «you’ve made it»-kjensla stegvis. Først over kneika med dei 20 sjåarane, Twitch-partnarskapet og så det å klare 1000 sjåarar i snitt. Men ein kan ikkje kvile på laurbæra for det.

– Det kjem jo an ambisjonsnivået ditt. No ligg eg som regel på 2000–3000 sjåarar i snitt, og det betyr berre at eg set meg nye mål.

SIKTAR HØGT: Navarsete vil etablere seg som ein meir allmenn strøymeprofil. I år har han blant anna samla inn store summar til Redd Barna gjennom strøymen sin. 

Neste punkt på sjekklista til Navarsete er éin million følgjarar på Twitch, og etter kvart 5000–6000 sjåarar i snitt.

– Det krev mykje planlegging. Eg var heldig og fekk ri på popularitetsbølgja til Valorant, men etter kvart kjem jo «grindefasen» og då er det ikkje så mykje som skjer. Då må du tenkje nytt, seier han.

For Navarsete blei det – blant anna – å ta steget inn e-sporten igjen. Han har bidratt som både ekspert og kommentator i ulike kampar, men han må heile tida kjempe for å «finne opp hjulet på nytt», fortel han.

– Dei største Twitch-profilane er store fordi folk følgjer dei på bakgrunn av personlegdommen deira. Alle har som regel blitt kjend gjennom eitt eller to spel, men kunsten er korleis ein brukar den eksponeringa til å bli ein meir allmenn profil. Det er den nøtta eg prøver å knekke no, seier Navarsete.

Noko han gjer for å skilje seg ut er å ta fram gitaren for å synge i ny og ne, gjerne med ein runde songførespurnadar. Slik byggjer han både eit lite samfunn rundt eige merkevare, samstundes som han gir seg ein moglegheit til å få avbrot frå spelinga.

– Det er viktig å byggje opp om identiteten din, seier han.

Må ha det kjekt

Navarsete har spelt Valorant i over 2000 timar sidan i fjor. Slik sett har miksen av innhald blitt like viktig for å nå ut til nye sjåarar som å ta vare på engasjementet for jobben.

E-sportsatsinga, abonnentdagar og speling med vener har blitt viktige ingrediensar i innhaldsmiksen.

I dag er strategien hans å byrje med å spele Valorant, for så å gå over på eit anna spel. Då søkk sjåartala sakte, men sikkert, men sikrar at han når ut til nye fans i andre spel.

– Det er òg viktig å ikkje bli for opphengt i tal, meiner han.

Navarsete har forstått at det er opp til han sjølv å sikre at han held på hobbykjensla, og at det ikkje berre blir jobb.

– Det mest viktig å ha det kjekt. Eg er jo ikkje ein robot, og eg treng å spele meir enn berre eitt spel for å ha det morosamt. Og så er det gjerne når ein har det moro at ein lagar det beste innhaldet, sjølv om eg kanskje har litt færre sjåarar i andre spel.

Tilbake til spelgleda

Kva spel ein driv med er òg ein sentral del i strategien viss ein skal gjere det skarpt på Twitch. No går det i Valorant, Rust, Apex Legends, League of Legends og Beat Saber på kanalen til Navarsete.

Apex Legends er han sponsa av EA til å drive med, og League of Legends har vore eit medvite val utifrå at mange som speler Valorant driv med nettopp dét.

GJENSYN: Slik gjekk det då Navarsete spelte Apex Legends med Gamer.no då spelet kom ut. 

Beat Saber er mest for moro.

– Eg gleder meg også ekstremt til nye Battlefield kjem ut, seier han.

Det kjem likevel fort fram at han tenkjer jobb i den duren òg. Planen er å leige dedikerte serverar for å arrangere svære kampar mellom Valorantprofilar og abonnentane hans, saman med å køyre nokre mindre turneringar med kommentatorar og heile pakken. Slik kan han gjere abonnentstatusen endå meir attraktiv.

– Det trur eg blir jækla kult.

Men litt avslapping må det bli, òg med spela.

– Det er ein lærdom eg har fått dei siste 4–5 månadane. I starten gjekk det så bra at det verka bortkasta å spele utanom sendingane, men no som eg har blitt litt meir lei av Valorant og kjenner på at det er ein jobb, har eg innsett kor viktig det er å verne om spelgleda som var utgangspunktet for alt dette.

– Det er jo difor me har spelt heile livet. Ikkje for å underhalde andre eller å tene pengar, men for å ha det artig saman med vener. Det blei eit faseskifte rundt jul på dette.

Navarsete fortel at New World og Beat Saber er det han speler på fritida – sett at han faktisk får tid.

Jobbferie i LA

Navarsete ser for seg å halde fram med strøyming, men trur nok at innhaldet hans kjem til å endre seg ein del. Han vil gjere meir ut av musikken, den store lidenskapen.

– Eg har alltid vore veldig glad i musikk, og likar aller best å underhalde på scene.

Han ser på strøyminga som ein slags scenekunst, der han får gjere det han likar best, å underhalde andre. Men etter kvart vil han gjere meir ut av musikksamarbeid med andre, arrangere konsertar og spele inn ny musikk.

– Eg ser nok for meg at det blir ei 50/50-fordeling mellom musikken og strøyminga. Det er slikt som hjelper med å byggje opp om den unike profilen – og ikkje minst for å ha det kjekt. Når du har noko du brenn for, må du halde på det.

Neste steg i den nære framtida er ein tur til Los Angeles i november og desember. Team Liquid har lokale der òg, slik at Navarsete får seg ein jobbferie i ny leilegheit.

– Eg kan vere der så lenge eg vil, og får møte mange vener som eg har blitt kjend med via Twitch. Det er jo der, i Austin og Las Vegas, mange av dei stor bur. Då blir det å lage innhald med dei, men kanskje litt fri òg. Eg trur det blir så mange nye inntrykk at det vil kjenst som ein slags ferie uansett, avsluttar han.

Nokre kjappe tips frå «AverageJonas»: 

  • Finn ein nisje og identitet, og jobb med det. Gjerne baser det på tidlegare erfaringar/bakgrunn
  • Det er enklare å ikkje bli sint på lagkameratar viss ein tenkjer på at ein er der for å underhalde andre
  • «Trygge» merkevarar (les: ikkje assosiert med alkohol, tobakk, drama eller liknande) er meir attraktive for sponsorar
  • Hald på spelgleda
  • Ikkje fokuser for mykje på tala, og set heller pris på framgangen over tid, men:
  • Ver målretta, og tenk strategisk rundt det du gjer
  • Nye spel gir eit trongt vindauge for suksess. Det er tida for å jobbe hardt og skilje seg ut
  • Strøyming er ein einsam bransje. Plei forholda dine til andre menneske

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen