Anmeldelse

Oddworld: Stranger's Wrath

Eg trur ikkje det går an å forstå Oddworld, du må berre akseptere at det er der. Du treng ikkje prøve å finne logikken i kyllingar som spring rundt i gatene og snakkar med Texas-dialekt, du må berre godta at slik er det. Det er ingen vits i å ha medkjensle med dei stakkars dyra Stranger brukar som ammunisjon, du må berre la det gå. La det gå og forstå at dette ikkje er ditt typiske action-eventyr. Det er ikkje eit typisk spel der du kun spring rundt med eit valgfritt våpen og skyt fiendane dine til små blodpølar. Eller er det no så atypisk som vi blir fortalt?

Stranger er ein dusørgjegar. Han går til nærmaste dusørjsappe, får eit oppdrag, finn skurken, tar han med tilbake, og får pengar for bryderiet sitt. Fangar han skurkane levande får han ein fin sum, går dei av med døden, får han kun halvparten. Det er eit enkelt konsept som blir gjentatt i lang tid, heilt til spelet brått blir eit reint action-spel der insekta flyg i alle retningar. I byrjinga er det heilt fantastisk. Det er som å kome til ei ny verd. Det ser heilt spektakulær ut gjennom Stranger sine auge, og det er eit utsøkt stykke kunst som smakar veldig godt for slitne auge proppa fulle av dårlge teksturar og slapp bildeoppdatering gjennom alt for mange spel.

Vakkert, nydeleg, fantastisk
Oddworld: Stranger’s Wrath er det stikk motsatte. Det er ei vibrant verd med sterke fargar og område som kjem til live på ein måte vi sjeldan får sjå. Det er nydeleg, rett og slett nydeleg, og lyseffektene er noko av det penaste du kan tillate deg å sjå, og ja, eg har spelt alle dei andre spela som påstår dei har det same. Stranger spring/galloperar gjennom alt frå tørre ørkenområde til frodige skogar der insekta flyg fram og tilbake, og pollen sakte glir gjennom lufta. Det er faktisk som å kome til ei anna verd. Du kan sjå horisonten, langt, langt borte, der den såvidt er synleg bak stein og tre. Det er slik det skal vere, ingen stygge, grå horisontar som overlet absolutt alt til fantasien. Her er fantasien komplett, og du innser at det er slik det kan sjå ut om folk faktisk bryr seg om jobben sin.

Sånn reint bortsett frå å vere eit strålande skue byr Oddworld: Stranger’s Wrath på ein ganske festeleg spelestil litt utanom det vanlege. I staden for å konsekvent springe rundt for å drepe fienden, må du her sørge for å fange den. Eller, du må ikkje, men du bør, for det er det du tener mest pengar på, og pengar får du bruk for når du skal oppgradere utstyret ditt, eller betale for ein operasjon som kostar tjue tusen moolah (moolah er altså valutakursen Oddworld går etter, så nei, det er ikkje ein hesterase). Akkurat denne operasjonen er det som driv Stranger gjennom eventyret sitt. Eit eventyr som byr på ei overraskande seriøs historie, under all den absurde humoren.

Krutt er for pingler
For å fange alle desse lovlause avskumma som er ditt levebrød, har du eit ganske assorert utval av organiske livsformer som gjer jobben du vil ha gjort. For å ha det klart, ammunisjonen byr strengt talt ikkje på nokon som helst form for nytenking innanfor nokon som helst sjanger. Det som er nytt, er at ammunisjonen er eit humoristisk innslag, og at den er levande, men nitti prosent av ammunisjonen kunne like godt ha vore ammunisjon frå eit science-fiction-spel, med det enkle unntak at der ville den ikkje ha vore levande. Kva er eigentleg den praktiske forskjellen på eit nett du kastar rundt fienden for å fange han, og ein edderkopp-liknande skapning som spinnar eit vev rundt han? Eigentleg ikkje så mykje, men det gjer spelet underhaldande, og det at ammunisjonen faktisk er levande, gjer heile opplevinga til noko litt anna.

Til dømes har du ein rabiat rase som går under namnet fuzzler. Du kan sjå på dei som små hårballar med store tenner, og desse kan du bruke for å lage feller for fiendane dine, eller skyte rett på dei for å la dei føle ekte smerte. Eit anna eksempel på kreativ ammunisjon er stunkz, eller stinkdyr på godt norsk. Skyt eit slikt mot ei gruppe fiendar, og dei står og spyr ei stund, noko som gir deg rikeleg med tid til å springe bort til for å fange dei med støvsugaren din. Skal du få dusør for ein fiende må du ta han med deg, og det er støvsugaren du brukar til dette (greit, det er kanskje ikkje ein støvesugar, men funksjonen er den same, og derfor kallar vi den for det).

Tilbake i byen kan du levere inn fangsten din, og samtidig sjekke kva butikken har å tilby. Dette er eigentleg alt du kan gjere i byane. Det er mange hus, og gatene sprudlar av liv, men det er altså ytterst få hus du faktisk kan gjere noko med. Dette er kanskje like greit sidan du ikkje endar opp med eit spel der du spring rundt og sjekkar kvart einaste hus medan du knuser tønner for å sjå om du finn noko du har bruk for. Tilbake ute i gatene er det eit syn som møter deg: kyllingar. Det er enorme mengder av desse hønsehjernane frå sørstatane rundt omkring i spelet og alle klukkar og snakkar om deg medan du går forbi. Faktisk kan du få nyttig informasjon frå desse og.

Oddworld: Stranger's Wrath Xbox Xbox

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 3. mars 2005
  • Plattform: Xbox
  • Utgiver: Electronic Arts
  • Utvikler: Oddworld Inhabitants

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen