Overwatch Sesong 4

Overwatchs nye konkurransesesong er ute no

Det er omfattande endringar i fjerde runde.

Blizzard Entertainment

Sesong tre av Overwatch sin konkurransemodus har vore med oss i tre månadar, med eit meta prega av «tank»-heltar med mange helsepoeng. No er sesong fire endeleg her, som legg opp til eit taktskifte.

Den nye sesongen kjem med mykje nytt til spelet, med rebalansering av figurar, endring av spelmodusar, kart og rangeringssystem.

Vanskelegare å ta tilbake punkt

Balansen mellom angrip og forsvar har vore diskutert til det keisamelege i Overwatch. Forsvarslaga har alltid hatt ein stor fordel på dei fleste karta, og dette har Blizzard bestemt seg for å gjere noko med.

Dersom det er fleire i angrep enn forsvar på punktet no, vil dødstimeren til forsvarslaget gå opp. Dette skal hindre at forsvarslaget kan dryge tida ved å kome inn på punktet ein og ein. Det er tidleg å seie om dette vil løyse problemet med den store fordelen til forsvarssida, men det er eit steg framover.

Bastion står opp frå dei døde.
Blizzard Entertainment

Ei av dei meir omdiskuterte forandringane har med degradering av konkurransepoeng å gjere. I førre sesong byrja alle frå Diamond og oppover å miste poeng etter ei veke med inaktivitet, noko som endrast i sesong fire. No må ein nemleg spele sju kampar i løpet av veka for å halde på rangeringa si.

Det skal òg bli vanskelegare å få sesonglønning for topp 500-lista. I den nye sesongen må ein vere blant dei 500 beste på slutten av sesongen for å få ikon. Før har ein berre trengt å nå topp 500 ein gong for å få dette.

Roboten er tilbake

Den notorisk irriterande roboten Bastion har fått mest fokus av figurane i den nye oppdateringa. I «sentry»-modus tar han 35 prosent mindre skade, mens han får høgare kulespreiing og 100 kuler ekstra i magasinet. «Recon»-modusen får mindre kulespreiing, og eit større magasin. Han får òg moglegheita til å lækje seg mens han er i rørsle, som heller ikkje blir avbrote av å ta skade.

Elles har Mercy fått ei viktig endring, der ho blir usårbar når ho brukar ultimatangrepet sitt. Roadhog har fått mindre kulespreiing på våpenet sitt og ein høgare ventetid på kroken, mens fleire heltar har fått endra varleik på ferdigheitene sine.

Ei full liste over endingane kan sjåast her.

Siste fra forsiden