Splitgate 2 - battle royale

Populært gratisskytespel får battle royale-modus

Innovativt skytespel tar eit ikkje fullt så innovativt steg.

Splitgate 2 har ikkje nådd opp til suksessen av forgjengaren i 2019, men kanskje er den nye oppdateringa det som skal til.

Natt til laurdag steig utviklar Ian Proulx opp på scenen under Summer Game Fest, ikledd ein caps med teksten «make FPS great again» og lurte på kvifor ikkje Titanfall 3 hadde kome enno, og avslørte det neste steget for Splitgate 2.

Battle Royale.

– Eg er lei av å spele det same Call of Duty kvart år, sa Proulx til applaus frå salen.

Utviklar 1047 Games vil kombinerer arenaskytaren med storleiken til battle royale-sjangeren.

– Det er ute no, sa Proulx før han slengte ei rifle på skuldra og rusla av scenen.

Les fleire Summer Game Fest-nyheiter »

Siste fra forsiden