Prey har fått si første utviding

Mooncrash er ute nå.

Prey-utviklarane i Arkane Studios har den siste tida hinta hyppig om ei månebasert utviding til fjorårets romeventyr. På Bethesda, spelets utgjevar, sin E3-konferanse fekk me den endelege stadfestinga: Det blir ein månereise på oss i DLC-en Mooncrash.

Bethesda Softworks

Mooncrash ser ut til å vera ein prosessuelt generert roguelike-variant av Prey, der målet er å komma seg vekk frå månen.

Og ikkje nok med det: Dei legg til tre nye modusar, Story Mode, New Game + og Survival Mode i ei stor oppdatering, som skal vera klar neste gong du startar opp spelet.

Dessutan er ytterlegar ein DLC, Typhon Hunter, under produksjon. Dette er ein fleirspelarmodus der éin spelar jaktar på opp til fem andre spelarar i form av mimics.

Mooncrash-utvidinga er ute nå, mens Typhon Hunter kjem seinare i sommar. Prey er tilgjengeleg på PlayStation 4, Xbox One og Windows.

Les alt om E3 2018 i vår E3-seksjon »

Siste fra forsiden