Anmeldelse

Resistance: Fall of Man

Stygge beist frå rommet og fantastiske våpen i eit bombadert England betyr kun ein ting: Det er krig.

Det startar ikkje heilt bra. Åpningssekvensen fortel oss om korleis Chimera – stygge romvesen med spisse tenner har – tatt over planeten, og at det utan rom for tvil er noko spesielt med Nathan Hale. Han er ein amerikanar sjølvsagt, og han blir sendt til England for å hjelpe til i kampen for å redde jorda vår frå den visse undergang. Deretter finn du deg snart plassert i nokre kjedelege og uinspirerte område som har ein fullstendig mangel på god underhaldning. Du har eit kjedeleg våpen vi har sett for mange gongar før, og spelet gjer eit solid forsøk på å jage deg bort.

Fiendane ser deg umiddelbart, dei har alltid noko å gøyme seg bak, og du dør, ofte. Du må starte på nytt frå siste sjekkpunkt berre for å møte den visse død i ei klynge av fiendar som kjem på deg frå alle kantar. Du har ingen stad å gøyme deg, men det har sjølvsagt dei, og du kjenner ein makelaus tørst etter eit cover-system. Etter denne slappe byrjinga som får det til å lukte minus av terningen skjer det imidlertid noko. Brått kan du av visse historiemessige årsaker regenerere helse, og helsepakkane ligg strødd som snop for små barn.

Ein dårleg start

Om det er omvendt psykologi veit eg ikkje, men det første brettet i Resistance: Fall of Man er det eg vil kalle eksepsjonelt dårleg speldesign. Det gir deg eit inntrykk av at Resistance: Fall of Man ikkje er noko anna enn eit labert og mislukka forsøk på eit actionspell. Etter den antiklimatiske åpninga går det eigentleg kun ein veg; oppover. Gradvis får du tilgong på nye våpen som ved første augekast ikkje alltid er like imponerande, men som som litt etter litt viser ein fenomenal underhaldningsfaktor. Nivåa blir meir gjennomtenkte, og byr på utfordingar så absurde at ein lurar på om utviklarane pissar på deg frå ei sky oppi himmelen.

Men du får det til, du kjem deg gjennom det, og når du endeleg kjem deg forbi dei verste motbakkane spelet byr på, breiar eit fårete glis seg om kjeften din. Du utbryt nokre ukvemsord for tragiske til å nemne her, og viser fingeren til skjermen. Det pussige er, at sjølv om nivådesignen i spelet aldri heilt når klimaks, og sjølv om Insomniac har bygd opp situasjonar der det kan verke som om dei har gløymt å tenke over at nokon skal gjennom dette, er det Chimera du viser fingeren til, ikkje spelet.

Det er ikkje berre den tamme åpninga som standhaftig prøvar å tvinge Resistance: Fall of Man ned på kne. Du ser ingenting av interesse. Alt er grått, brunt og kjedeleg, du har sett det før i hakket for mange spel, og i Resistance: Fall of Man er det stort sett berre oppgulp i from av brennande hus og aude gater. Det ser ut som krigsspel i A4-format. Det er kun ein forskjell; fienden er ikkje tyskarar denne gongen, det er Chimera, men dei imponerar ikkje dei heller. Det finnest unntak der den kunstige intelligensen overbeviser, men det er sjeldan. Chimera oppfører seg stort sett lik statiske maskiner som handlar etter bestemde mønster. Dei dukkar bak næraste byggekloss, og poppar opp for å fyre salver. Du kan gøyme deg bak eit hjørne i ein halvtime om du vil. Sjansen er sjeldan stor for at dei leitar deg fram.

Utfordringa kjem i antal. Dei kjem på deg frå alle kantar, og når skota deira brått går gjennom veggen, kjenner du den søte lukta av trøbbel. Du har tilgong på alle våpena deira, men der du er ein mann, er dei ti. Der du kan skyte gjennom veggen i eit håp om å treffe noko, kan dei skyte gjennom veggen frå ti forskjellige vinklar. Du blir fanga og lurt fram som ei mus på jakt etter den store ostebiten, og du dør. Det er her Insomniac si evne for å skape unike våpen kjem som ein reddande engel.

Om du er låst fast i eit hjørne, og veit det er ein bøling med fiendar rundt neste sving, er det alltid noko du kan gjere. Du kan kaste ein pinnsvin-granat mot dei og spidde dei som kebab på eit grillspyd. Du kan sende ei ildbombe mot dei, eller du kan hoppe fram og plukke dei ned ein etter ein, med ei sniper-rifle som lar deg stogge tida. Det er eit stort utval av våpen å velje mellom, og om du er snill og rundar spelet vil du få tilgong på enda fleire ved neste gjennomspeling. Utan våpena hadde Resistance: Fall of Man vore ingenting. Det er våpena som gjer kampane underhaldande, for verken nivådesignen eller fiendane er engasjerande nok til å bere spelet på eiga hand.

Du kan til dømes slenge ut store pulserande ballar av gass, som sprenger når nokon kjem nær nok. Om du slenger fleire oppå kvarandre blir det kraftigare eksplosjonar, og i kamp mot enorme mekaniske edderkoppar er dette eit minst like nyttig verkty som ein rakettkastar. Eit av dei viktigaste våpena er Chimera-versjonen av automatrifla. Med denne kan du skyte ein sendar på fienden som alle skot vil bli dregne mot. Du kan til dømes bruke dette for å skyte mot fienden samtidig som du søker dekning, men det er og eit veldig nyttig våpen mot flygande Chimera.

Livlaus krig

Resistance: Fall of Man si største svakheit er at verda aldri framstår som levande. Du befinn deg til tider i enorme område, og det er mange artige våpen å leike med, men det er likevel vanskeleg å verkeleg la seg imponere. Områda er for det meste flate og uinspirerte, kun med visse unntak når ein vandrar rundt inne i dei enorme Chimera-tårna. Du blir og plaga av dårleg plasserte sjekkpunkt. Du endar ofte opp med å måtte gå gjennom mange krevjande situasjonar om igjen. Det er sjeldan sjekkpunkta er plasserte der all logikk tilseier, og dette kan raskt bli ei solid kjelde til frustrasjon sidan det ikkje alltid er like moro å ta ting om igjen.

Har du gjort ein kamp ein gong, vil det vere den same kampen neste gong. Du treng ikkje ein gong å runde spelet for å innsjå dette. Ofte må du gå gjennom visse oppdrag meir enn ein gong, og då blir det smerteleg tydeleg kor førehandsbestemt alt er. Fienden kjem frå same stad kvar gong, han går i same retning, og alt som avgjer om han bryt frå løypa si er om du kjem innanfor skyteradius. Sjansen er uansett liten for at han følgjer etter deg om han har noko å gøyme seg bak. Då blir det å hente fram sniper-rifla og skyte av han den stygge skallen når den stikk fram. Noko du nesten kan bestemme etter klokka.

Som eit av spela som skal demonstere kva PlayStation 3 er god for, hadde eg forventa mykje meir av det visuelle. Å vandre gjennom enorme Chimera-tårn, og å skue utover langstrakte sletter er eit imponerande syn, men når du kjem inn på nært hald, bleikar alt veldig raskt. Animasjonen er ofte mekanisk, der hofter ser ut som om dei er festa til hjul, bevegelsane er begrensa, og mange av teksturane er blasse og udetaljerte. Det er likevel ei rekke med flotte detaljar i spelet. Kampane er ofte kaotiske, og når du kjempar mot fienden mellom eksplosjonar og skyer av røyk, får ein verkeleg kjensla av å vere i ei skikkeleg krigssone.

Gjennom heile spelet blir vi geleida av ei forteljarstemme som informerar oss om kvar vi er, og kva som skjer. Dei fleste stemmene i spelet er britiske, og kvaliteten på skodespelet er jamt over så bra at du lett blir dratt inn i 50-tals-stemninga. Det same kan seiast om musikken. Den bygger opp om settinga, men det er ingenting så minneverdig ved den at du sit igjen med minner. Det som kanskje trekk seg fram som det einaste verkelege negative med lyden til Resistance: Fall of Men, er stemmene til Chimera. Dei høyrest ut som stereotypiske romvesen, og dei brummar akkurat som ein har blitt vand med sidan tidenes morgen. Elles er spelet fyllt med store eksplosjonslydar som som får det til å dundre i veggane om du ikkje er redd for å skru opp lyden litt.

Kongen på haugen

Når du er ferdig med kampanjen er det fleire alternativ for å halde spelet i live. Du kan heldigvis spele gjennom kampanjen i kooperativ modus, men noko anna hadde vel eigentleg vore skammeleg i desse dagar. Den verkelege godbiten er utan tvil å hoppe på nettet og kaste seg ut i nokre heidundrande skytefestar. Det går som ein draum, og det tek kort tid å kome inn i ein kamp. Modusane du har å velje mellom er tradisjonelle lagkampar og alle mot alle, men det er nokre små vriar på formelen.

Om du til dømes skal spele i lagbaserte kampar, vil det eine laget vere menneske, medan det andre er Chimera. Dette byr på visse forskjellar, sjølv om dette i størst grad gjeld for Chimera, som kan gå inn i ein modus som gir høgre fart og betre syn. Om du held deg i denne tilstanda for lenge, vil det gå ut over helsa, så trø varsamt. Det er uansett karta og utvalet i våpen som verkeleg gjer Resistance: Fall of Man minneverdig. Karta er ofte store – noko som ikkje er rart med ein maksgrense på førti spelarar – men dei er og vanvittig festelege. Insomniac har spytta inn gangar og gjenstandar i terrenget som aldri lar deg stå trygt, samtidig som det er ein dynamikk der som gjer kvart brett til ei sann fryd å spele.

Det er i hovudsak tre forskjellige modusar å velje mellom. Alle kan gå laus på kvarandre om dei vil, eller ein kan bli plassert på lag i krigen melleom Chimera og menneske. Som ein variant på lagbaserte kampar kan ein spele kampar der ein skal nå visse mål. Til dømes kan du ta kontroll over reaktorar. Dette gjer du ved å finne reaktorane, skyte i stykker sylinderane som står der, slik at basen blir overteke av laget ditt. Det er ikkje ideen i seg sjølv som gjer dette bra, men heller plasseringa av reaktorane, og alle vegane du kan gå for å nå dit. I fleirspelar er Resistance: Fall of Man så engasjerande som spelet prøvar å vere gjennom kampanjen. Det er og eit gjennomført vellukka steg i å vise at PlayStation 3 er fullt konkurransedyktig med Xbox 360 med online-speling.

Konklusjon

Resistance: Fall of Man er definitivt eit spel du bør skaffe deg om du skal ha, eller har kjøpt ein PlayStation 3. Historia stiller fleire spørsmål enn svar, og situasjonane du enda opp i er ofte frustrerande. Dette hindrar deg likevel ikkje frå å kunne kose deg gjennom heile spelet. Du kjem deg gjennom einkvar situasjon etter ei stund, og nøkkelen ligg i å lære seg dei forskjellige våpena å kjenne. Det er uansett ikkje før du deltar i fleirspelar-kampane at Resistance: Fall of Man verkeleg viser kva det er godt for. Med velpolerte våpen for einkvar situasjon, og eksemplarisk utforma brett, kjem du til å ha det moro i lang, lang tid.

Siste fra forsiden