Anmeldelse

Savage: The Battle for Newerth

Sjå for deg eit heilt normalt strategispel. Du bygger bygningar, forsvarsverker og våpen. Sjå i tillegg for deg at alle krigarane du prøvar å kommandere har eigen fri vilje. Dette er Savage.

Side 1
Side 2
Side 3

Som i eit eventyr
Savage er eit vakkert spel. Det er ingen teknisk prestasjon, men det ser unekteleg veldig innbydande ut. Det er fleire fargar her enn kva du er vand med, og spesielt lyseffektene er noko du vil legge merke til. Avhengig av kva brett som skulle vere ditt første vil du kanskje få eit svært negativt førsteinntrykk. Dette fordi du nesten ikkje ser noko. Spesielt på baner med store opne baner er dette tydeleg. Kvifor? Sola, der det ikkje er bakkar og tre å gøyme seg bak kan sola lett blende deg. Har du sola i ryggen har du ein svært stor fordel, der du spring mot ein fiende som ser praktisk talt ingenting. Heile Savage har ei veldig eventyrleg stemning. Det følest som om du tar steget fullt og heilt inn i ei anna verd. Dette er først og fremst takka vere dei tjukke skogane og det levande landskapet.

Det som trekker ned er blandt anna mangelen på varierte animasjonar. Uansett kva du gjer, er det same animasjon. Samlar du stein, slår ein fiende, eller bygger ein bygning er det ingen forskjell i bevegelsane. I tillegg er det ikkje alt som ser like bra ut. Designen på ein del av monstera er svært bra, som til dømes Behemoth og Predator, medan menneska sit igjen med eit par tøffe figurar, og nokre store køyretøy som ser ut som trepinnar snekra saman på søndagsskulen. Savage har ei bakhistorie, men den uinspirerte animeringa gjer ikkje mykje for å vekke den til live. Til dømes vil alle dyra du finn på brettet stå i ro på same staden kvar gong du ser dei, og flyttar ikkje på seg før dei blir angripne.

Som ein bemerkelsesverdig kontrast til dette finn vi eit vibrant og levande lydbilete. Du merkar tydeleg at det skjer noko heile tida. Om det så er insekt eller dyr som gir frå seg sine skrik, eller lyden frå eit slag over neste bakketopp. Du vil også høyre folk rope om dei er skada, vil du skal følgje dei osv. Ein artig detalj er at fleire linjer med dialog har same hensikt. Til dømes kan ein beskjed om at basen til fienden er under angrep bli fortalt med eit sigersrikt rop om kva som skjer, eller at basen er i brann. Slike små detaljar er med på å skape eit dynamisk lydbilete som gjer verda til Savage litt meir triveleg.

Når vi er inne på triveleg. Musikken i Savage er akkurat den intense, litt primale, symfoniske musikken ein forventar seg frå eit spel med fantasy-setting. Den kler spelet veldig bra. Det er berre så synd det er så lite av deg. Ikkje misforstå, det er musikk stort sett heile tida, men litt større variasjon hadde gjort seg bra. Eit par tema til av denne kvaliteten, og vi kunne byrje snakke om klassisk musikk. Slik det er no blir det berre nesten, men ikkje heilt.

Konklusjon
Savage er eit naturleg steg i evolusjonen. Før eller seinare måtte det berre kome eit spel der du kan både bygge basar og springe rundt i felten. Det beste av alt er at det fungerar heilt utmerka. Eit slag Savage kan vere noko av det mest underhaldande du har opplevd, samtidig som frekke eller uerfarne spelarar kan gjere det til ei håplaus oppleving der du riv deg i håret og bannar til skjermen i eit tafatt håp om at nokon skal høyre deg. Det er ikkje ofte ein finn eit online-spel der det viktigaste er samarbeid, men her kjem du ingen veg utan. Det følest litt rart å måtte gjere som nokre andre seier heile tida, men etter ei lita stund følest det naturleg, og ein innser at det er eit nødvendig steg for å vinne. Om du ikkje er ein einstøing som må gjere alt på eigahand, kan Savage trykt anbefalast.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden